Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Rå-data

Handlykter med "levande" lys til bruk utomhus



Den "ekte" norske fjøsnissen har raud topplue og tent fjøslykt i handa. Det veit vi frå julekorta. Fjøsnissar er det heller dårleg med, men lykter har Nordfjord Folkemuseum fleire av i samlinga.

"Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld."

Ei lykt er enkelt sagt eit levande lys med skjerming rundt. Ei "skjålykt" vart laga med tre som skjelett og dyremage, svineblære eller fosterhinne frå kalv spent rundt. Desse tynne hinnene er nesten gjennomskinlege og vart òg brukt i staden for glas i ljore og vindauge. Ordet "skjå" (frå norrønsk "skjàr") tydar gjennomskinleg hinne, og særleg magehinna frå ku. Lysverknaden frå skjålyktene må verkeleg ha vore "tindrande" og vakker.

Glas av flaskebotnar

Skjålykta med dyrehinne er ein svært gamal lyktetype. Utover på 16-1700-talet vart glas meir og meir vanleg også i lyktene. Glaset var likevel ein kostesam og sjeldsynt vare og måtte sparast på. Flaskebotnar og fotplater frå knuste drikkeglas var fine å bruke i lykter. I lykter med vindaugsglas var det restane som vart brukt.

Frå talglys til parafin

Alle desse lyktene hadde talglys som lyskjelde. Vakkert og tindrande, ja, men særleg sterkt lys gav nok ikkje lyktene ifrå seg. Mot slutten av 1800-talet vart parafinlampene meir vanlege. Parafinlykta må ha gjeve frå seg meir lys enn lyktene med talglys.

Frå tre til metall

Tre var eit materiale folk hadde tilgjenge til sjølve. Men tre kunne vere brannfarleg. I parafinlampa er metall hovudmateriale. Frå 1600 og frametter vart det innført prydlykter av messing særleg frå Holland og Nord-Tyskland der lyktemakarar dreiv eige handverk.

Mørketida er ikkje kva den ein gong var

Om vi i dag skulle slumpe til å være i nærleiken av ein fjøsnisse med lykta si tent, hadde vi knapt sett han. Mørketida er ikkje kva den ein gong var, og særleg ikkje i advents- og juletida: Det lyser meir og meir i dei stille grender, og det kan vi takke elektrisiteten for. Med elektrisiteten kom ei ny tid, men det er ei anna historie.

kjelder:

Steen, Albert:Med lys og lampe gjennom tidene,Oslo 1970
Hovdenak, Marit m.fl.(red.): Nynorskordboka,Oslo 1986

PERMANENT IDENTIFIKATOR