Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fagravatnet



Også i gammal tid var elvevatnet og kreftene i det ein verdfull ressurs. Kampen om denne ressursen skapte til og med mannadrap, etter det ei gammal segn fortel.

Fagravatnet sett frå Igdedalseggi

Fagravatnet sett frå Igdedalseggi

Fotograf: Foto: Johs. B. Thue

Rett nedanfor Fagravatnet kløyver elva seg. Noko renn til Flesje - resten til Osen ved Skåsheimselvi. Dette elvaskilet har si eiga segn. Dei trettest slik om vatnet ein turkesommar Flesjabonden og Skåsheimsbonden at dei rauk i hop der oppe. Ein mann fall og døydde. Kven av dei som vart drepen, fortel ikkje segna nokon om.

Kontrakt

Seinare dukkar dette elvaskilet opp i skriftlege kjelder. Meidlane i Flesje ville ha orden på alt - dei var militære med høge titlar - og styrte bygda. Så vart det sett opp høgtideleg kontrakt om når vatnet skulle til renna til Flesje og når det skulle renna ned Skåsheimsdalen.

Rett nedanfor denne drapsstaden, blenkjer Rognaldstjørni. Her er spor etter regulering og demning. Tjørna fekk namnet sitt etter Rognald Johannesson Hagen som dreiv sagbruk i elva i Bruhjellshagen. Han trong sikker vassføring. Så demde han tjørna. Det hadde verken Meidlane eller Skåsheimsbonden eller Tuftabonden tenkt på før. Rognald kom frå Hestadgrenda i Gaular og såg nytt på ting.

Vintravad

Nede i Skåsheimsdalen fortel i dag berre stadnamn at elva vart kryssa på ulike stader. Liabrui gjekk over til Li, og litt lenger framme var Vintravad. Der drog dei bjørkestrongane over i vintervinna. I dag har hjorten rekjet sitt over Vintravad når han kjem rennande ned frå Holten - på veg frå Fjordane til Målsnesmarkene på vinterbeite.

Så deler elva seg. Store-elvi fer ned i merkjet med Bruhjell. Vetlelvi er veitt frå storeelva ned til tunet på garden. Her var fleire næringsaktivitetar som var baserte på energien i vatnet.

Stampe og kvernhus

Her kom det opp stampe. Stampehaugen fortel enn om dette. Kvernhus og slipestein vart plasserte ved Turkestein, og lenger nede hadde gardarane frå tre grender sine kvernhus. Kvernene stod tett for Tjugum, Hittun, Sjøtun, Sande, Bruhjell og Thue åtte der sine eigne kvernhus. Dei hadde også slipesteinar der. Det finst ikkje tinglyste rettar på den vassbruken så vi talar truleg vi om ein eldgammal hevd om bruken av elva.

Så nærmar elva seg Osen, men før ho møtte fjorden hadde ho gitt frå seg kraft både til mølle og sagbruk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR