Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 21. februar 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jens Høgheim - "Skrangle-Jens"



Jens Høgheim (1817-1886) frå Fresvik blir i folkemusikkhistoria oftast nemnd for Jens Fresvik eller «Skrangle-Jens», og ulike kjelder vitnar om at han var ein sentral tradisjonsberar for hardingfelespelet i Sogn. Over 200 år etter han vart fødd, er slåttane han lærde vekk framleis i bruk blant både yngre og eldre spelemenn.

Eigar: UBB BS

Fotograf: Ukjend

Spelemannen og slåttekjelda

I "Skrangle-Jens" si levetid var dei store prosjekta med systematisk innsamling av folkemusikk framleis ikkje kome til Sogn, og det er difor lite truleg at det fins primærkjelder som fortel noko om slåttane slik han spelte dei. Men «Skrangle-Jens» hadde mange læregutar, og slåttane sine lærde han vekk til spelemenn i heile Sogn: Anders Sagen, Sjur Berge, Ola Sandnes, Sjur Aaretun, m.fl. Og då folkemusikksamlaren Arne Bjørndal frå kring 1900 og utover besøkte desse spelemennen, så transkriberte han ei rekkje slåttar der «Skrangle-Jens» var kjelda. (Sjå oversikt over transkripsjonar til slutt i artikkelen).

Etter Bjørndal fins det også ei rekkje handskrivne notatar frå innsamlingsferdene, og brevkorrespondanse med ulike spelemenn. I dette materialet kan vi finne biografiske opplysingar om spelemenn og tradisjonslinjer, og "Skrangle-Jens" er nemnd fleire gongar: 


«Han Skrangle-Jens (Byggjar-Jens) spelte fælt fint, men ikkje høgt. (…) Han Skrangle-Jens va ofte på Lærdal og lærde spel hjå han bestefar – Hans Hes-».
«Anders Sagen tok til spela i 11aars alderen og læremeister var Rognald Berge; lærde seinare og ein del av Skrangle-Jens, som (…) var glup aa spela springar.»

"Skrangle-Jens" er også omtala i fleire av bøkene Bjørndal gav ut: 

"Ola Mosafinn som kjende Jens Fresvik godt, sa at han var ein serumlags flink spelemann. Si fyrste læra i spel frekk han hjå far sin Ola Person Høgheim. Men som radt ung gut vart han send inn til Per i Garden (Silde-Per) i Lærdal (ikr. 1790-1850) for å få ei meir skikkeleg upplæring. Seinare var han mest alltid tilstades på Lærdalsmarknaden, der han lærde mange slåttar og tekniske knep av spelemenner frå Hallingdal, Valdres, Voss og Sogn. Spelet hans skulde vera sers mjukt og klårt og med ein hugtakande tonedåm" (Bjørndal, 1940)

"Jens Fresvik frå Sogn var på Lærdalsmarknaden og spela i lag med «Mulen» (Ola Mosafinn). Det var mange unge spelemenn frå Hallingdal og Valdres som ville prøva døyva dei. Men dei to gamlekarane stilte felene sine høgare og høgare, slik at kvinten rauk for den eine etter den andre av motspelarane. På resten sat dei att med avsliten kvint alle i hop. «Så trudde dei me kunde trolla, men ettepao lo me godt, eg og Mosafinn», fortalde Fresvik." (Bjørndal og Alver, 1966) 

«Skrangle-Jens» spelar for Ole Bull

I 1871 utvandra Jens Høgheim og familien til Amerika, og dei vart buande i Bancroft, Fairbolt, sør i Minnesota resten av livet. I Midtvesten budde det mange nordmenn, og Skrangle-Jens var ein mykje nytta spelemann i dei norske settlementa. Ein annan som i periodar nærast budde i Amerika, var fiolinisten Ole Bull. På konsertferdene sine møtte han fleire norske bygdespelemenn, og i boka Ole Bull og norsk folkemusikk (Bjørndal, 1940) kan vi lese om eit møte mellom «Skrangle-Jens» og Bull:

« (…) Og då Ole Bull på ei av konsertferdene sine der burte kom til Albert Lea, søkte han Jens Fresvik upp i heimen hans. Bull gat ingenting om kven han var. Og Jens Fresvik spela slått etter slått for den interessera framandkaren. Då Bull ikkje hadde høve til å stansa lenger, takka han for musikken og sa: «Ja, jeg har drevet med at spille litt, jeg med, og dem kalder mig for Ole Bull». Jens Fresvik skvatt til og sa: «Nei, Gu’ trøyste og nåde meg so hev spelt te’ slik ein kar». Det vert òg fortalt slik: Då Bull skulde til å gå, sa han: «Ja, nu har du spillet for Ole Bull,» flidde so med same ein tiedalarsetel i handi på Fresviken, sa farvel og gjekk."

Transkripsjonar gjort av Arne Bjørndal

Transkripsjonar i Bjørndal si notesamling:

521 Springar etter Per Sandnes. «Lært av Ola Sandnes, som atter hadde slaatten fraa Skrangle-Jens.»
548 Springar etter Sjur Berge. «Berge lærde slaatten aaret 1864 av Skrangle-Jens»
558 Springar etter Anders Sagen. «Sagen lærde slaaten av Skrangle-Jens i 1850-åri.»
633 Springar etter Sjur Berge. «Berge lærde slaaten aaret 1864 av Skrangle-Jens»
642 Springar etter Lars Sande. «Sande lærde slaaten av Ola Osland, Lavvik i 1880-åri. Osland hadde han venteleg fraa Skrangle-Jens»
648 Springar etter Per Sandnes. «Lært av Sjur Aaretun, som truleg atter hadde han fraa Skrangle-Jens»
2275 Springar etter Anders Sagen. «Anders Sagen lærde slåtten av Jens Fresvik i 1850-åri»
2283 Springar etter Per Sandnes. «Per Sandnes, Lærdal, Sogn, fødd 1858, lærde slåtten av Ola Sandnes (f. 1819, +1888). Denne hadde atter fenge han frå Jens Fresvik, Leikanger (f. 1817, +1886)»

Transkripsjonar av Bjørndal i hardingfeleverket:

28 Springar etter Sjur Berge. Berge hadde lært slåtten i 1864 av Jens Fresvik (Skrangle-Jens), Leikanger, Sogn.
33 «Byggjar-Jens» etter Anders Sagen. Sagen hadde lært slåtten i 1850-åra av Jens Fresvik, Leikanger, Sogn, som dei kalla "SkrangleJens" eller "Byggjar-Jens" av di han var bygningsmann.
39 Springar etter Lars Sande. Sande hadde lært slåtten av Ola Osland, Lavik, Sogn, som venteleg hadde han fra Jens Fresvik (Skrangle-Jens), Leikanger, Sogn.
309 Springar etter Anders Sagen.  Sagen lærde slåtten av Jens Fresvik (Skrangle-Jens), Leikanger, Sogn, i 1850. Slåtten er noko lik "Heksedansen".
315 Springar etter Per Sandnes. Sandnes hadde lært slåtten av Sjur Årtun, Lærdal, Sogn, som truleg atter hadde han etter Jens Fresvik (Skrangle-Jens), Leikanger, Sogn.
491c Springar e. Sjur Berge. Berge lærde slåtten av Jens Fresvik (Skrangle-Jens), Leikanger i Sogn, i 1864
609 Skrangle-Jens. Etter Nils Furnes, Gaular, Sunnfjord. B. u. nr. 1960.

Høyr opptak av Engebret Ødegård frå Flå i Hallingdal spele ein springar etter Jens Fresvik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bjørndal, Arne. Ole Bull og norsk folkemusikk. Bergen: A. S. Lunde & Co.s Forlag, 1940


Bjørndal, Arne og Brynjulf Alver. Og fela ho let. Norsk spelemannstradisjon. Bergen: Universitetsforlaget, 1966


Passanger List at Norway Heritage


Feleverkene


Arne Bjørndals Samling: Manuskript- og notesamlingane, UiB.


Digitalarkivet: Folketelling 1865 for 1419P Leikanger prestegjeld 

PERMANENT IDENTIFIKATOR