Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Flora kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Flora kommune.

Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag.

Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag.

Eigar: I Unionens opløsning 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend.

Flora kommune i 1905

I 1905 omfatta dagens Flora kommune landkommunen Kinn og ladestadskommunen Florø utskilt frå Kinn i 1866. Begge kommunane høyrde til Kinn prestegjeld som var delt i tre kyrkjesokn, Kinn (hovudsoknet) og annekssokna Eikefjord og Svanøy.

"Minnerikt og merkeleg år"

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. "Eit minnerikt og merkeleg år", oppsummerte Wilhelm Kvalheim i eit attersyn i 1945. Han var i 1905 redaktør i Nordre Bergenhus Amtstidende.

Ein mann i Underdal i Aurland skreiv seinhaustes 1905 om korleis dette "merkelege" året hadde arta seg der i bygda. 

Um den aalmene Meining i vaart Fridomsarbeid er det nokolunde det same aa melda her som paa ymse andre Stader i Landet. Folket her hev mest samstødt stade i sterk Spaning etter aa faa vita Meldingar um "Situationen". Dei hev fylgt noko godt med det som hev hendt, og Avisor hev det helder ikkje skorta paa, korkje store elder smaa, Høgreblad elder Vinstreblad.

To aviser i Florø

I 1905 hadde Sogn og Fjordane seks aviser. To av dei kom ut i Florø: Søndfjords Avis (Venstre) og Nordre Bergenhus Amtstidende (Høgre). Martin Vanberg frå Stryn var redaktør i SA, og lærar Wilhelm Kvalheim i NBA. Dei to redaktørane hadde ulikt syn i mange spørsmål, men stod saman i spørsmålet om unionsoppløysinga.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, likeeins utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm var oppe på interkommunale jernbanemøte og til handsaming i kommunestyra. Ei anna viktig sak var helsestellet, og då særleg bygging av sjukehus i Lærdal.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i den store i verda, - gjennom større oppslag eller berre små notisar. Krigen mellom Russland og Japan fekk god dekning heile våren, og den fælslege rasulukka i Loen om kvelden den 15. januar. Det vart samla inn pengar til dei skadelidne i heile landet.

I mars omkom Mads Henrik Knapstad i ei tragisk ulukke mellom Gåsøy og Hovden. Han var med eit notlag frå Eikefjorden. Svanø Gruber starta opp i 1905 etter 40 års opphald.

Utbygging av telefonnettet var viktig for begge kommunane. Florø hadde hatt telegrafsamband frå 1864, og i 1904 bygde telegrafverket ut eit lokalt telefonnett som vart knytta til riksnettet i 1905.

Lag og organisasjonar i vokster

"Alle loger maa møde frem og tage sine faner med", oppmoda stemnekomiteen for årsmøtet til fråhaldsorganisasjonen IOGT, før krinsårsmøtet på Nordfjordeid i pinsehelga. Samla sett hadde Kinn og særleg Florø eit organisasjonsliv i god vokster i 1905: misjonsforeiningar, fråhaldslag, skyttarlag, idrettslag (Florø 1893), Florø sanitetsforening (1904) , sjøredningslag (Florø 1904) og ungdomslag (Eikefjord 1900). Den 8. stemna for samskipnaden Sunnfjord Ungdomslag vart i halden i Eikefjord i 1905. Det var "ei overlag gild stemna", står det i eit 25 års-jubileumsskrift, "det var (..) det store frigjeringsaaret og eldhugen laag i lufta." Redaktør Vanberg vart vald til ny formann etter Kr. Eimhjellen.

Ungdomslaga arbeidde for meir bruk av landsmålet (nynorsk) i kyrkje og skule. Eit konkret arbeidsmål var å få kyrkjelydane til å ta i bruk nynorske salmar av Elias Blix. Det vart gjort ved avrøysting, men mange stader lukkast det ikkje ved fyrste forsøk. I Eikefjorden hadde dei avrøysting 1. pinsedag 1905, same dagen som Stortinget si kunngjering til det norske folket om unionsoppløysinga 7. juni vart opplesen og dei song fedrelandssalma. Framlegget vart nedrøysta med "meget stor majoritet". (Innrøysta 14. oktober 1917.)

Framståande personar i Kinn og Florø i 1905

Det var kommuneval i 1904. A. Høidal (bonde) vart vald til ordførar i Kinn, og Abraham Haave (kjøpmann) i Florø. I samband med unionsoppløysinga finn vi mellom fleire desse nemnde i avisene: Wilhelm Kvalheim (redaktør), Martin Vanberg (redaktør), Vasstrand (sokneprest), Ivar Lind (lensmann i Kinn og stortingsmann i 1905), E.M. Hole (lærar og banksjef), Ole Johan Vassbotn (overrettssakførar), Evensen (sokneprest), fru sokneprest Evensen, Sunde (lærar på Askrova), Andenæs (politimeister i Florø), Salomon Hopen (bonde), A. Dahle (kyrkjesongar), Elias Melvær (i 1905 dampskipsekspeditør i Florø).

Minne frå 1905 i Florø nedskrivne 40 år etter

I 1945 fortalde Wilhelm Kvalheim om fridomsåret 1905 i Florø, i ein artikkel i Florø-avisa Firda Folkeblad. (Fylkesarkivet har attgjeve heile artikkelen som ein 1905-artikkel: KAL/SFF-448.1401). Nedanfor har me teke med einskilde bolkar.

17. mai 1905

Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905 (ein onsdag). Folk hadde heile våren følgt interessert med på styresmaktene si handsaming av konsulatsaka, og som Stortinget no skulle ta avgjerd om dagen etter.

På Tansøya og Askrova

På Askrova og Tansøya melde Fjordenes Blad om ein meir enn "almindelig" festleg 17. mai i 1905. Salutt, flagget oppe rundt om på gardane, stort barnetog med faner og flagg, mykje sang, og vakkert pynta på samlingsplassen på Tansøy. Lærar Sunde heldt fyrst tale for borna og deretter for dei vaksne "om den aandelige og politiske vekkelse i vort land for tiden." Han trudde at 1905 kom til å bli at merkeår "i vort lands historie."

Stort program i Flørø

Også i Florø var 17. mai 1905 "særs vellykket", melde Søndfjords avis. Barnetoget starta kl. 09.00 frå skuleplassen der barnelosjen "Fremskridt" gjekk under ei flunkande ny fane gjeven av redaktør Kvalheim og kona hans. I talen sin til borna skildra Kvalheim fedrane sin kamp og strid for å levera landet frelst og fritt til etterkomarane.

Gudstenesta i Florø kyrkje vart ei særleg høgtidsstund for alle. Det er grunn til tru at sokneprest Evensen var sterkt nasjonal i preika si. Det lydde "alvorlige" og "manende Ord" frå preikestolen, og dei song "Gud signe vaart dyre fedreland" før talen, og "Ja, vi elsker dette landet", etter.

Seinare på dagen gjekk "hovedprossesionen" frå skuleplassen med sjømennene under "det norske Flag," og etter dei alle kommunestyremedlemmene. Overrettssakførar Vassbotn heldt talen for "Dagen". Han hausta "Bifald" fleire gonger. Om kvelden var det folkefest i losjehuset "Fram", der sakførar Hole heldt ein glimrande tale for fedrelandet og redaktør Vanberg udbrakte et "Leve Storthinget!"

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var óg ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent rundt om i landet, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Telegrammet om 7. juni-vedtaket vekte "veldig oppsikt", mintest Wilhelm Kvalheim i minnestykket sitt i 1945. Søndfjords Avis melde om nyhendet i avisa si same dagen! Sidan gjekk det slag i slag med dramatiske hendingar og viktige vedtak i unionsspørsmålet.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Kommunane Florø og Kinn utgjorde ei valsokn. Valstyret var samansett slik:
Kinn: manntalsføraren og formannskapsmedlemmene (8)
Florø: manntalsføraren og formannskapsmedlemmene (5).

Manntalsføraren i Florø, politimeister Andenæs, vart vald til formann. I begge røystingane var det tre røystestader: a) i losjehuset "Fram" i Florø, b) i Stavang kyrkje, og c) i Eikefjord kyrkje. Oppteljinga føregjekk samla i Florø

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet for Kinn valsokn: 1115 hadde røysterett. Det vart avgjeve 1040 (93,3%) godkjende røyster. Alle røysta ja.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 (84,6%) godkjende røyster. 368 208 ja, 184 nei.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar, mellom anna ved at det vart lagt ut lister i avisredaksjonar. I eit fylkesoversyn i Stortingsarkivet står Nordre Bergenhus oppførd med 2451 underskrifter. Vi veit om innsamling i Sogndal, Leikanger, Høyanger (Lavik) og Eid, derimot ikkje i Kinn. Det betyr ikkje at det ikkje vart samla inn kvinneunderskrifter i Kinn. Tvers imot er det rimeleg å tru at nokre av underskriftene frå Sogn og Fjordane kom frå Kinn, eit valsokn med ladestad og to aviser.

"Det gjælder Norges Frihed og Selvstændighed"

Landet hadde berre vel 14 dagar på seg til å førebu folkerøystinga 13. august. For styresmaktene var to ting viktige, å få flest mogeleg til å møta fram og få flest mogeleg til å røysta ja. Alle stader vart avisene det viktigaste valkampverktøyet, og alle avisene, utan unntak, gjekk inn for ja.

Begge Florø-avisene hadde mykje stoff om den føreståande røystinga, - opplysning om praktiske ting, oppmodingar og opprop. Eit opprop til dei røysteføre i Kinn og Florø underskrive av atten menn i Florø stod i Søndfjords Avis 3. august. Det opna med at landet stod framfor noko stort. "Det gjælder Norges Frihed og Selvstændighed, Norges Ære og Norges Ret!"

Oppropet gjer heilt klart kva røystinga gjeld - å seia ja eller nei til Stortingsvedtaket 7. juni om at unionen mellom Norge og Sverige var oppløyst. Og oppropet viser til at det snøgt kom støttefråsegner i stort omfang, frå fylkesting, kommunestyre, fråhaldslag, ungdomslag, misjonsmøte, arbeidarmøte, folk i Amerika, og i tillegg uttrykk for sympati frå utanlandsk presse. No ba styresmaktene om folket si støtte, gjennom ei folkerøysting. Oppropet var ikkje nådig mot heimesitjarar. "Det er Forræderi mod Norges Frihed at sitte hjemme den Dag."

Tale av stortingsmann Lind i Florø

Me let Wilhelm Kvalheim fortelja om folkerøystingsdagen 13. august i Florø:

Vi sat 3 mann saman i ei nemnd som skulle arbeida for å få folk fram og røysta - på "Fram" frå heile Kinn. Vi tre hadde nok vore mykje usamde i politikken før, men no var det berre ei meining mellom oss. Det var O. Joh. Vassbotn, Nikolai Olsen og eg. Vi fekk "Balder" til å gå ekstraturar og føra røysteføre (berre karar den gongen) til byen. Det var fyrst gudsteneste i kyrkja, som var vent pynta for høvet. Sokneprest Evensen tala m.a. for samling om Ja-svaret. I butikkvindauga var det vene dekorasjonar med store Ja-plakatar i nasjonale fargar. Føre avrøystinga heldt stortingsmann Lind ei stutt tale frå Fram-trappa. Og so gjekk straumen inn og ut fram med valurna.

"glimrende fremmøde i Eikefjord"

I Eikefjord var alle flagg oppe då folk samlast ved kyrkja. Kyrkjesongar Storø song nokre vers av Gud signe vårt dyre fedreland før lærar R. Hjertenæs heldt bøn og minna om "dagens betydning." Etter salutt på fire skot klokka 13.00, opna formannen i røystestyret, S. Hopen, røystinga. To timar seinare hadde 160 mann lagt røystesetelen sin i urna, noko som i fylgje avismeldinga var 100% frammøte!

Usemje om Karlstad-semja og om statsform

I byrjinga av september sat forhandlarar frå begge landa saman i den svenske byen Karlstad for å koma fram til semje om det endelege oppgjeret med Sverige. I Norge var det særleg vanskeleg å gå med på svenske krav om nedlegging av ei rekkje norske grensefestningar. Begge landa hadde store militære styrkar i beredskap.

Forhandlarane kom fram til semje 23. september som vart vedteken av Stortinget 9. oktober og av den svenske Riksdagen fire dagar seinare. Det neste store stridsspørsmålet vart kva slags statsform landet skulle ha, kongedømme eller republikk.

Frå heile landet vart det sendt fråsegner til styresmaktene med meiningar og oppmodingar. Florø Handelsforening (skipa 1867) sende 6. oktober fråsegn til Stortinget. Dei ville ha folkerøysting om statsforma, og dei protesterte mot bankoppropet, ei fråsegn frå ei rekkje bankar til regjeringa om å halda på kongedømet.

Wilhelm Kvalheim fortel 40 år seinare:

Og so kom telegrammet om Karlstad-semja. Då var ikkje gleda stor, nei. Grensefestningane nedlagde, grensa open mot Sverike! Eg skreiv ein svartsynt artikkel i bladet, truleg den einaste pessimistiske artikkel eg nokor tid har skrive, optimist som eg alltid har vore. Det vart kalla saman protestmøte i "Fram" og ein resolusjon send, som ogso nokre gamle høgremenn og unionsvener skreiv under på. Resolusjonen vart telegrafert til tingmennene for Nordre bergenhus. Dei svarte straks med eit telegram til bladet mitt og bad oss leggja merke til det positive som var vunne ved Karlstad-semja. G. Holsen hadde sitt eige telegram, som han elles vart profet på, - at når nokre år var gått, vilde dei tvo folk verta gode vener, fordi ein i fred hadde gjort opp sitt hopehav.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Kinn valsokn: 1141 hadde røysterett. 945 (82,8%) røysta. 860 (91%) røysta ja (for kongedømme), 85 (9%). røysta nei (for republikk).

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

"til Fædrelandets og dets Statsmagters pris"

I Florø skipa ungdomsforeinga til stor folkefest i forsamlingshuset Fram, laurdag 2. desember, " i anledning af, at det store Frigjørelsesværk" nå var kome til ein lukkeleg slutt. På programmet stod mange kunstnarlege innslag, - solosang, korsang, deklamasjon, pianomusikk og korpsmusikk. Og talarlista var lang, - med tale for Kongen, dronninga, fedrelandet, fedrene, Stortinget, regjeringa, for Danmark, og for Sverige.

Talen for Sverige

Lærar E.M. Hole heldt denne talen for Sverige på folkefesten i Fram:

Før i tiden var det skik ved festlige anledninger at mindes Sverige. Jeg vil faa lov til at gjøre det iaften. Unionen er vistnok opløst, men vi er alligevel forbundne, vi er og maa være naboer. En god nabo er et stort gode, en slem nabo et stort onde. - Det maa være underligt for den gamle konge. Han er en hædersmand og mente os det ganske vist vel, men omstændighedernes magt var sterkere end han.

En stor del svensker sidder i disse dage og ærgrer sig ved at høre vor festjubel. Men der findes ogsaa svensker, som glæder sig over, at Norge nu har faaet alt i god orden, at det er gaaet Norge godt. Maatte deres tal vokse! Maatte tallet af dem, som mener os det godt, hurtig vokse! Maatte tallet af dem, som forstaar, at vi vil være deres venner, og at de to lande har alt at vinde ved at være venner, vokse, vokse hurtigt og stort! Leve Sverige!

kjelder:

Søndfjords Avis


Nordre Bergenhus Amtstidende. Merknad: Den mikrofilma 1905-årgangen manglar mykje. Fylkearkivet kjenner ikkje til papirårgang.


Fordenes Blad.


Hole, E.M.: Florø gjennem 75 år.(..) 1935.


Florø. Norges vestligste by. 100 år.


Heiberg, J.V.: Unionens opløsning i 1905.


Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Kinn valsokn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR