Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ryssdalsstøylen



Ryssdalsstøylen (sommarstøl) ligg ca. 515 m o.h. på ein vid og open graskledd bakke i enden av stølsdalen. Garden Ryssdal (gnr. 1) nytta stølen. Stølen vart nedlagd tidleg i 1960-åra. Dei fleste husa på stølen ligg innanfor inngjerda stølskvie. Her er 5 godt vedlikehaldne sel, delvis nye/påbygde. Eitt fjøs er bra i stand i tillegg til nokre uthus. Fleire hustufter viser at stølen hadde mange hus tidlegare. Eit stykke ovanfor stølen ligg 2 hytter frå 1948.

Ryssdalsstøylen.

Ryssdalsstøylen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Tidlegare var her nokså tung rås, køyrbar med høyslede, opp til stølen. I dag har det kome ca 0,5 km skogsbilveg + ca 2 km skogstraktorveg. Stølseigarane har forlenga denne opp til stølen. Merka turløype til Ryssdalshorn går gjennom stølen.

Bruk av stølen

Om stølsdrifta vert det fortalt at kyrne beitte i heimemarka til kring 10.-15. juli. Dyra var på vårstølen vår og haust. Deretter på sommarstølen til ut i september.

Dei siste vekene vart dei innbundne og mjølka på vårstølen, som var så nær tuna at her visstnok ikkje var sel. Budeiene gjekk heim morgon og kveld.

Ved slått og innhausting av vinterfor, har Ryssdalsstøylen alltid vore viktig. I Bygdeboka står det: "Gjennom tidene har garden henta storparten av høyet frå stølen og utmarksslætter. Det vert såleis fortalt at 2 karar og 2 kvinner frå kvart av bruka heldt til på stølen og slo i fire veker kvar sommar. Så å seia alle stader der det vaks gras kring Ryssdalshornet, i Støylsberget og inn gjennom dalen vart det slege. Ikkje berre av brukarar og plassmenn i Ryssdal, men og av plassmenn frå Eide, Søreide og delvis Mardal. Teigane fekk ofte namn etter dei som slo: "Kristen-Rasmusslettene", "Ivarslettene" o.fl."

Grunnen til at det var bygd så store sel på Ryssdalsstøylen er truleg at så mange trong innhysing under slåtten. Det kunne vere eit "yrande liv" med 20-30 menneske i alt.

Nokre fakta

Ryssdal, gard nr. 1, Gloppen prestegjeld, hadde to bruk i 1890, tre bruk i 1935. I 1900 finn vi i alt 48 personar på garden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 1. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR