Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. januar 2006

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Amerikanske misjonærar frå Sogn - på frimerke i Afrika



Frimerkesamlarar eller filatelistar har sine spesialområde. Eitt spesialområde kallar dei Norwegiana. Det vil seia utanlandske frimerke eller andre postale ting (t.d. stempelavtrykk) som har ei eller anna tilknytning til Noreg. I 1992 gav Swaziland ut to frimerke i høve hundreårsjubileet for Evangelical Alliance Mission. To damer fødde i Sogn er med på frimerka: Malla Moe frå Hafslo og Malena Svalheim frå Årdal.

Sjå på dette biletet og på frimerket til venstre! Dette er fotografiet designaren har brukt i komposisjonen på 20c-frimerket. På baksida står: "Malla Moe. Queen Mother of King. We prayed with her. She died saved. Malena Svalheim." Biletet finst i Per Tang-arkivet, som er oppbevart hjå Fylkesarkivet.

Sjå på dette biletet og på frimerket til venstre! Dette er fotografiet designaren har brukt i komposisjonen på 20c-frimerket. På baksida står: "Malla Moe. Queen Mother of King. We prayed with her. She died saved. Malena Svalheim." Biletet finst i Per Tang-arkivet, som er oppbevart hjå Fylkesarkivet.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Informasjon i frimerkebrosjyre

Swaziland frimerke-byrå gav i 1992 ut ei informasjonsbrosjyre til frimerkeutgåva Evangelical Alliance Mission 100 år. Det står mellom anna omsett frå engelsk: "Den evangeliske alliansemisjonen då kjend som den skandinaviske alliansemisjonen [i Amerika/USA] vart opna av misjonærane Sofus Nielsen og Andrew Haugerud. Haugerud døydde av malaria under reise i Swaziland [i 1893].

Malla Moe spelte ei nøkkelrolle i evangeliseringa av Swaziland. Ho var glad i Haugerud [han hadde fridd til henne], men sjølv ikkje dødsfallet til den potensielle ektemannen fekk henne frå å halda fram med å forkynna evangeliet. Etter å ha grunnlagt 12 kyrkjesentra og uthalde store påkjenningar ved Boerkrigen [1899-1902] der ho prøvde å koma til med hjelp på begge sider, fekk Malla Moe endeleg eit høve til å reisa bort å få kvile. Mykje av det tidlege misjonsarbeidet vart gjort av Malla Moe. (..) Evangelievogna hennar er framleis i Mhlosheni."

Malla Moe

Petra Malene (Malla) Moe, fødd i Hafslo 12. september 1863, var dotter til gardbrukar Claus Rumohr på Moe og Brita f. Lomheim. Saman med den yngre systera si, Dortea, reiste ho i 1884 til Chicago der systera Karin budde. I Chicago kom ho med i misjonsarbeid gjennom kyrkjesamfunnet til Dwight L. Moody i Chicago.

I 1892 reiste ho til Afrika som misjonær i Den Skandinaviske Alliansemisjonen (seinare The Evangelical Alliance Mission). Ho vart verande i Afrika heile livet. I over 60 år arbeidde ho som misjonær i Swaziland. Ho dreiv misjonsstasjonen "Betel" for midlar som var samla inn i kristne trussamfunn i Amerika.

Malla Moe reiste sjølv fleire gonger til Amerika for å knyta kontakter med kyrkjesamfunna som støtta henne. I sine eldre år gjennomførte ho store reiser i Swaziland og Tongaland med si eiga misjonsvogn, The Gospel Wagon. Statsleiaren i Swaziland omtala henne som "den fremste misjonæren i Afrika" då ho døydde, 16. oktober 1953.

Tre bøker og privatarkiv i USA

I USA er det gjeve ut tre små bøker om Malla Moe og det finst ei omfattande arkivsamling i dokumentasjonssenteret Billy Graham Centre. Det er i seg sjølv eit uttrykk for Malla Moe sin posisjon i amerikansk misjonsarbeid i Afrika.

Museet i Billy Graham Center har fått eit par svarte skor som har tilhøyrt Malla Moe. Meir interessant er Malla Moe-samlinga i senteret si arkivavdeling. På arkivlista står oppført pass, dagbøker og notatbøker frå tida 1893-1943, korrespondanse ordna kronologisk 1899-1955, avisutklipp, fotografi, ymse småting og anna.

Om Malla Moe i Norsk Misjonsleksikon:

"Moe, Malla. Mens hun var i Amerika fikk hun i 1890-årene kontakt med misjonsmannen Fredrik Fransson som sendte henne til Swaziland. Her arbeidet hun i over 50 (sic.) år helt til hun døde på misjonsfeltet i 1953 over 90 år gammel. Hun var en av pionærmisjonærene i Swaziland, og hennes arbeid på de mange steder har satt dype spor etter seg."

Malena Svalheim

Den andre sogn-amerikanske misjonærkvinna på Swaziland-frimerke veit eg nesten ingen ting om samanlikna med Malla Moe, eller Afrika-Malla, som dei sa på Hafslo. Medan Malla Moe-søk på Internett gjev mange treff, er resultatet null på Miss Mallina Swalheim eller den meir norske skrivemåten Malena Svalheim.

Av bygdebok for Årdal, band 3, s. 384, går det fram at "Malene", fødd 1899, var dotter til Ivar Olsson Svalheim og Malene Roarsdotter, fødd Spangelo. Passasjerlistene over emigrantar over Oslo har desse opplysningane: Ho var fødd 5. mars 1899 og utvandra til Amerika 3. oktober 1924.

Elles førekjem det spreidde opplysningar om Mallena Svalheim i Malla Moe-materiale i privatarkivet etter major Per Tang, Hafslo (oppbevart i Fylkesarkivet), mellom anna at ho arbeidde i lag med Malla Moe.

Tomas Hæreid skreiv ein nekrolog i avisaSogn og Fjordane5. mai 1958. Han fortel at Malena Svalheim byrja si misjonsgjerning i 1927 og at ho døydde og vart gravlagd i Swaziland.

kjelder:

Norsk Misjonsleksikon. Bind 3. 1967.
Privatarkiv SFF-87 Per Tang