Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Skjerjehamn



Lengst nordvest på Sandøy, på noko som ein gong var ei lita øy, men som no er knytt saman med hovudøya av ei fylling, ligg Skjerjehamn. Staden ligg i skipsleia gjennom Gulen som går mellom Sandøy og Mjømna. Skjerjehamn har vore handelsstad frå gamal tid.

Skjerjehamn i oppgangstida rundt 1900.

Skjerjehamn i oppgangstida rundt 1900.

Eigar: Midttun, Odd A. / Fylkesarkivet.

Datering: 1899.

Fotograf: Ukjend.

Gjestgjevarstad og kremmarleie

Det må ha vore hamn her langt attende, og alt før 1600 trur ein det har budd fastbuande folk her. Eit brev skrive av Georg Reichwein datert "Schierhavn den 8 Februar 1641" tyder på at det alt då var gjestgjevarstad her. I 1668 vart staden omtalt som kremmarstad. Frå 1697 var Skjerjehamn tingstad, og på tinget i 1706 vart det opplyst at det var gjestgjevarstad og hadde vore kremmarleie frå gamalt av.

Bilete av Skjerjehamn i 1870.

Fyrste kremmaren som er kjend heitte Jon Dirch. Han kom truleg til Skjerjehamn kring 1640. I manntalet frå 1665 er han registrert som "Borger i Bergen och Ansættig i Schierjehafen".
I 1757, då Gabriel Andreas Jæger var gjestgjevar, vart staden omtalt slik: "Omstendighederne ere at det er Skyds Skiftestæd for de Rejsende, hvor brave Folk kand nyde skidkelig Forplejning og Natte Herberge, hvorfor Stædet er anordnet til de Rejsendes Fornødenhed". Jæger hadde fem døtrer, den eine, Margrete, vart gift med diktarpresten Petter Dass.

Otto Schreuder

Bilete av Otto Schreuder og Øllengaard.

Fram til målarmeister Wilhelm Schreuder frå Bergen kjøpte Skjerjehamn i 1861, var det familien Ross - frå Rossenborg i Sogndal, som dreiv handelsstaden. Det var son til Wilhelm Schreuder, Otto, som bygde våningshuset som enno står. Han bygde òg eit stort trelastlager, og i hans tid kom både postopneri, telegrafstasjon og rikstelefon til Skjerjehamn. Otto Schreuder dreiv i tillegg med eksport av fisk og levande hummar til England. Han skal vera av dei fyrste som byrja å senda fisken i kasser.
Kring 1900 var staden omlastingsplass for mange båtruter.

Stordomstida
Johannes Steine, som overtok staden i 1918, utvida trelasthandelen. Han bygde trelastlager ved kaia med butikk og kontor, og starta notbarkeri, slipp og mekanisk verkstad. Staden vart eit treffpunkt der folk kom for å handle, hente post og telefonere. Her kunne ein gå rundt i fleire timar å prate med folk og frette nytt.
I 1929 hadde Skjerjehamn 17 stopp utanom lokalrutene - ti år seinare var dette halvert. I 1950 var det berre to stopp i tillegg til lokalrutene.

Bygningane
Hovudbygningen dominerer Skjerjehamn. Det er eit stort hus i to høgder. Bygningen inneheld gjesterom for overnatting og bustad for eigaren og familien hans. Huset vart reist av byggmeister Korsvold i 1891 og er oppført i sveitserstil - som dei fleste andre hotell frå denne tida. Ein eldre bustad ved sida av dette huset vert no nytta til vedhus. Nord for våningshuset og den vesle hamna står ein stor lagerbygning med m.a. ekspedisjonslokale for kystbåtane.

Skjerjehamn i dag - 2001
Dei stendig fleire båtstoppa hadde i si tid styrkt staden, - no med færre og færre stopp miste staden livskrafta si. Etter kvart som trafikken skifta over frå sjø til land måtte denne veglause staden gje tapt.

Skjerjehamn hadde ei sentral plassering i rutene til Fylkesbaatane fram til 1940-åra. I dag, dvs. i året 2001, er det ingen fastbuande her. Staden er i privat eige og vert nytta til fritidseigedom. Bygningane er haldne godt vedlike. I den gamle krambua har eigarane laga til eit museum med mange av gjenstandane frå tida då staden var i full drift. Ein del turistar tek turen innom staden, men det er ingen handel eller utleige av husrom som i stordomstida.

Ny eigar – Ola Braanaas
I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar Ola Braanaas Skjerjehamn. Dermed byrja ei ny æra for den gamle handelsstaden. Braanaas rusta opp Skjerjehamn til å bli eit moderne reiselivsanlegg samstundes som det historiske Skjerjehamn vart ivareteke.

Bilete av Skjerjehamn hotell, bygt i sveitserstil i 1891. Til høgre står eit eldre bygg som blir brukt til vedhus.

Olav-statuen
Eit landemerke i Skjerjehamn av ny dato er kjempestatuen av kong Olav V. Statuen som laga av bilethoggaren Knut Steen, var eit bestillingsverk av Oslo kommune. Då Oslo kommune ikkje ville ha kunstverket, melde det seg fleire interessentar rundt om kring i landet, mellom dei Ola Braanaas med Skjerjehamn som lokalitet. Kunstnaren valde Skjerjehamn. Etter å ha vore på staden, var han ikkje i tvil. Monumentet vart avduka 4. august 2007.

Bilete av Kongestatuen, Olav V, i Skjerjehamn.

Bilete av ei annonse i Sogns Tidende 1906 om hva Skjærgehavns Trælastforretning anbefaler.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid, Gards- og ættesoga, Band 3. Stavanger 1996.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Kulturkontoret i Gulen:
Opplysningar om Skjerjehamn i dag.
http://museet/posten.no/
Poststeder en historisk oversikt: Skjærgehavn / Skjergehavn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR