Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2008

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Rå-data

Fyrste fotografen i Vik - Fotografistinde Emilie Lexau



Emilie Lexau (1865-1932) frå Bremanger etablerte seg i ung alder som den aller fyrste fotografen i Vik. Seinare flytte ho til Bergen og fotograferte der, både åleine og i kompaniskap med fotograf Marie Brynildsen.

Militærskreddarar i Vik, foreviga av Emilie Lexau. Bakarst til venstre sit Ola Nesse, ved sida av han står Anders Jensen Sæbø.  Heilt til høgre bakarst står skreddarsersjant Johannes J. Mo. Mannen til venstre for han er John Johnsen.

Militærskreddarar i Vik, foreviga av Emilie Lexau. Bakarst til venstre sit Ola Nesse, ved sida av han står Anders Jensen Sæbø. Heilt til høgre bakarst står skreddarsersjant Johannes J. Mo. Mannen til venstre for han er John Johnsen.

Eigar: Ole Petter Knævelsrud

Datering: Kring 1885-1900.

Fotograf: Emilie Lexau.

Familiebakgrunn

Sofie Emilie Lexau var yngste dotter til landhandlar Rasmus Andreas Henrikson Lexau (f. 1818) og Fredrikke Kristine Lexau (f. 1830), som dreiv gjestgjevarstaden Smørhamn i åra 1841-1884. Rasmus A. H. Lexau vart dessutan den fyrste ordføraren i Bremanger kommune i 1866. I 1884 selde familien Lexau Smørhamn, og Rasmus, Fredrikke og dottera Augusta Lexau flytta til Bergen. Heller enn å følgje familien til Bergen, valde den 19 år gamle Emilie Lexau å flytte til Vik og etablere seg som sjølvstendig fotograf.

Fotografverksemd i Vik, Bergen og Nordfjordeid

"Lexau. Vik Sogn." står det å lese på dei tidlegast bevarte bileta Fylkesarkivet har etter Emilie Lexau. Det er ikkje kjent hos kven Lexau har lært å fotografere, ei heller kvar i Vik atelieret hennar låg. Det bileta fortel oss er at Lexau livnærde seg som fotograf i Vik i perioden kring 1884-1895/1900.

Kring 1895/1900 flytta Emilie Lexau så til Bergen der ho haldt fram arbeidet som sjølvstendig fotograf. I folketeljinga for 1900 er ho registrert med bustadadresse Nedre Gartnergade 5 og yrkestittel "fotografistinde". I 1902 inngjekk Lexau kompaniskap med Marie Brynildsen frå Bergen som fram til 1902 hadde vore omreisande fotograf. Under firmanamnet "Lexau & Brynildsen" etablerte dei to kvinnene fotoatelier i Smaastrandgaden 2 i Bergen. Kompaniskapet varte fram til 1910. Lexau haldt fram som fotograf til 1916.

Emilie Lexau skal også ha vore verksam som fotograf i Nordfjordeid i ein kortare periode før 1900.

Samlingar etter Emilie Lexau

Berre få bilete er bevarte etter Emilie Lexau. Fylkesarkivet har 17 bilete: 10 av desse er frå perioden i Vik, dei resterande er frå tida ho dreiv som fotograf i Bergen. Alle dei bevarte bileta er portrett- og gruppebilete, og mest truleg er det personfotografering som har vore den viktigaste inntektskjelda til Lexau.

Vik Lokalhistoriske Arkiv og Eid Fotohistoriske Arkiv har også nokre få bilete etter Lexau.

Kvinnelege fotografar på 1800-talet

Yrkesmoglegheitene for kvinner var generelt få i siste halvdel av 1800-talet. For kvinner frå høgare sosiale lag var det dessutan sosialt uakseptabelt å følgje nokre av dei yrkesvegane som fanst, og ekteskapet var ofte einaste utveg. I følgje fotohistorikar Roger Erlandsen gjekk giftemålsfrekvensen ned på 1800-talet, noko som gjorde at talet på ugifte kvinner auka kraftig. Auken var størst i dei høgare sosiale laga, og kvinner frå dette samfunnssjiktet hadde dermed problem med å forsørgje seg. Fleire stiftingar og foreiningar jobba for å skaffe sosialt akseptable arbeidsplassar til desse kvinne. Forening til Fremme af kvindelig Haandverksdrift med hovudsete i Christiania var ei av dei. Foreininga støtta fleire kvinner som ønska å etablere seg som fotografar.

Fotografyrket var ei ny yrkesgruppe, og det var såleis få hinder i vegen for kvinnene som tok til som fotografar på 1800-talet. Fotografyrket gav dermed kvinnene ein reell mogelegheit til å velje å forsørgje seg sjølve. I Lexau si levetid auka delen kvinnelege sjølvstendige fotografar kraftig: Frå 24 kvinner mot 150 menn i 1875, til 118 kvinner mot 320 menn i 1910. Som Roger Erlandsen skriv, var dei kvinnelege fotografane med på å skape ei ny kvinnerolle: "Denne gruppen så at det lå muligheter som var utenktelig for deres mødre bare noen tiår tidligere. Giftermål var ikke lenger eneste mulighet til forsørgelse. Ved at de tok ansvaret for å forsørge seg selv, kom de til å gjennomføre en praksis som sprengte den tradisjonelle kvinnerollen".

kjelder:

Erlandsen, Roger, (2000), Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet!: Om fotografiens første hundre år i Norge - 1839-1940, Våle: Forlaget Inter-View i samarbeid med Norges Fotografforbund
Sollied, Ragna (1967), Eldre bergenske fotografer, Bergen: Eget forlag
Svihus, Årstein (2006), Bremanger bygdebok. Band 2. Gards- og ættesoge for gnr. 25-54, Svelgen: Bremanger kommune
Sæbø, Arne Inge (1994), "Andre fotografar", Pridlao, 3: 14-15
Vik Lokalhistoriske Arkiv (1997), Biletbok frå Vik II

PERMANENT IDENTIFIKATOR