Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gamlebanken



Gamlebanken er det folkelege namnet på huset Førde Sparebank bygde i 1901 og tok i bruk i 1902. Det ligg i Kyrkjevegen 9, og er eit særmerkt bygg i Førde sentrum. Det vart nytta av banken i 62 år, og til ymse kommunale føremål heile tida.

Gamlebanken. Banken hadde sine lokale i halve første høgda. Resten av lokala vart nytta av kommunen. I andre høgda kom telegraf og telefon. Der og på loftet var det husvære òg, ei tid for ein apotekarfamilie og telegrafstyrarinna, seinare for banksjefen.

Gamlebanken. Banken hadde sine lokale i halve første høgda. Resten av lokala vart nytta av kommunen. I andre høgda kom telegraf og telefon. Der og på loftet var det husvære òg, ei tid for ein apotekarfamilie og telegrafstyrarinna, seinare for banksjefen.

Eigar: I Sogeblad frå Førde kommune.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Fyrst i leigde lokale

Førde Sparebank kom i drift i 1843, men det skulle gå 59 år før banken kom i eige hus. Med den varsemd og nøysemd andre folk sine pengar vart forvalta før, var det ikkje uvanleg at sparebankane sat i leigde lokale i mange tiår, før dei skaffa seg eigne lokale. I mange kommunar var det vanleg at kommunen og sparebanken samarbeidde om bankbygg. Slik vart det òg i Førde.
Banken hadde i førstninga sine opningsstader truleg hjå kasseraren, medan banken sine møte var i tingstova i Sjøahola. Sjøahola var det gamle sentrum i Førde, landingsplass med handel og gjestgjevarstad, og like ovanfor låg kyrkja. Frå 1880 til 1892 heldt banken til i eit kommunalt hus i Sjøahola, som og tente som tingstove, og dei neste ti åra på Øvre Veglo.

Eige hus i 1902

I 1902 flytta banken inn i eige hus i Kyrkjevegen. Banken sitt forstandarskap hadde då vedteke å yte kommunen fritt lokale til kommunale føremål i det nye bygget.
Banken hadde sine lokale i halve første høgda. Resten av lokala vart nytta av kommunen. I andre høgda kom telegraf og telefon. Der og på loftet var det husvære òg, ei tid for ein apotekarfamilie og telegrafstyrarinna, seinare for banksjefen.
I 1902 var bankhuset eitt av dei husa som ruva i Førde. På denne tida var Førde Sparebank den einaste liknigsførte verksemda i kommunen, og hadde sidan 1880-åra hatt den høgste likningsførte formuen i bygda. Frå kring 1900 og ei tid frametter var banken den største skattytaren i kommunen.

Oppussing etter krigen

Under siste krig var Førde sentrum tilhaldsstad for okkupasjonsmakta i fylket. Her var mangel på hus, og tyskarane okkuperte det meste av bankhuset. Etter krigen vart huset pussa opp, og i andre etasje vart det innreia kontor for kommunen. Etter fire år overtok rikstelegrafen denne etasjen. Tredje etasje vart nytta av Sogn og Fjordane Skogkontor og av heradsagronomen. I 1955 tok kommunen tok på ny over andre etasjen. Samstundes vart banken sine eigne lokale i første etasje pussa opp.

Nye bankbygg i 1964 og 1991

Men Gamlebanken tok til å bli upraktisk for bankdrifta. Banken satsa på nybygg ved nordenden av Langebrua, der nytt bygg stod ferdig i 1964. I 1991 sette Sparebanken Sogn og Fjordane opp nytt bankhus her. Dei tre lokaliseringsstadene til banken i Førde illustrerer den stegvise flyttinga av sentrum frå Sjøahola til området rundt Langebrua.

Seinare bruk av Gamlebanken Etter at sparebanken flytta over til nybygget sitt i 1964, vart Gamlebanken seld til Førde kommune. Fram til 1970 var dette kommunen sitt administrasjonshus. Frå 1965 til 1973 var her skule for handel- og kontorlærlingar. Og Førde Gymnas hadde lokale her frå 1975 til 1981. Gamlebanken har dei siste åra husa den kommunale musikkskulen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

1842-1967 Førde Sparebank gjennom 125 år. Førde 1941.
Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok. Gardssoge og soga om folket. Bind 2. 1992.
Djupedal, Torkjell: Førde. Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR