Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2008

Sist oppdatert 26. mai 2020

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane-Hebridene - Barking



Ordet barking kjem av verbet å barka. Det har minst to tydingar: a) å ta bork av ein trestamme, og b) gjera bomullsmateriale haldbart ved å leggja det i barkelóg, dvs. væske der garvesyra i borken er oppløyst. Både metoden og verbet var vanleg i Sogn og Fjordane før nylonstoffet kom for fullt på 1950-talet. På Hebridene brukte dei óg det same ordet for det same gjeremålet.

Bjørkebork for barking i Lifjorden 2006. Det er bork frå eit parti dei kjøpte inn i 1960-åra, men som dei ikkje fekk bruk for, av di nylonnøtene kom på den tida.

Bjørkebork for barking i Lifjorden 2006. Det er bork frå eit parti dei kjøpte inn i 1960-åra, men som dei ikkje fekk bruk for, av di nylonnøtene kom på den tida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Kaare Risnes.

På museum i Stornoway

Museum an eilean (dei to siste orda gaelic, Museet of the isles, for øyane) ligg i Stornoway, den største byen på Hebridene. Museet har mellom anna ei utstilling der besøkande kan "gå" seg ein snartur gjennom heile soga til øygruppa - frå steinalder til vår tid. Fiskerinæringa har fått god plass i den nyare avdelinga. Eit stort fotografi av fiskebåtar på hamna i byen har påtrykt teksten Drifters barking the nets, Stornoway. På tekstplata ved sida står: Herring nets were made from cotton (..). These had to be treated to preserve them. Traditionally they were soakt in a liquid with tormentil and water-lily plants. Later a commercial product - "Burma Cutch" - was used dissolved in hot water. The photograph shows nets being barked aboard steam drifters in the harbour.

På norsk: Drivarar barkar garna, Stornoway. Sildegarn var laga av bomull (..). Dei måtte behandlast for å verta haldbare. Tradisjonelt vart dei lagde i væske med tormentil [ei plante] og vassliljer. Seinare vart handelsvara Burma Cutch oppløyst i varmt vatn brukt. Fotografiet viser garn barka om bord på dampdrivarar [fiskefarty med dampmaskin] på hamna.

I Lifjorden i Hyllestad

Det same gjeremålet to bark og ordet å barke, finn me att i Lifjorden i Hyllestad. Kaare Risnes på Leikanger, fødd 1924, minnest at dei barka laksenøter i Lifjorden då han voks opp. Fleire gardsbruk dreiv laksefiske i Sognesjøen, også kalla Losnaosen, ytst i Sognefjorden.

Kaare Risnes voks opp med barking av bomullsnøter frå han var 6-7 år til han var 17, då han reiste heimefrå. Barking var ei impregnering av bomullsmaterialet. Det var garvesyra i borken som hadde konserverande verknad. Til anna materiale som hamp, vart det brukt blåstein. Borken kjøpte dei i sekkjer. I Sunnfjord var det visst ein heil liten industri å produsera bork.

Dei hadde borken oppi eit kar fylt med sjøvatn. Det måtte vera noko temperatur på vatnet, det vart som ein gjeringsprosess, det skumma. Oppi dette hadde dei nøtene. Dei måtte oppi og trø for å få alt godt nedi. Nøtene låg i barkekaret natta over. Då var det å hala opp og hengja til turking. Nøtene måtte turkast før dei hadde dei oppi barkekaret og før dei kunne setjast i sjøen. Elles var det om å gjera å utnytta barkevæska så godt det let seg gjera. Difor drog dei nota opp or stampen over staurar med eit kar under for å samla opp væske.

Dei byrja å barka om våren når fisket tok til, kvar fjortande dag gjennom heile sesongen. Barking og turking var hardt arbeid. Mellom gutane vart det ein "krig" om å sleppa unna arbeidet - som føregjekk frå fredag kveld - og då særleg når dei kom litt oppi åra. Då ville dei heller gå på dans. Under krigen vart fredningstida innskrenka ei tid, frå laurdag kveld til måndag kveld. Arbeidet dei før hadde tre døger på, måtte no gjerast på to.

Mange år seinare, tidleg på 1950-talet, vart det kjøpt inn ei svært tønne frå Drægni sin fabrikk på Leikanger. Tønna hadde vore brukt i saftproduksjonen der. Meininga var å bruka tønna til barking, men det vart ikkje nødvendig fordi nylonnøtene kom akkurat på den tida. Tønna har dei enno i Lifjorden og eit par sekker med bork.

Hundsnes i Ryfylke

Eg har sjølv eit lite minne om barking frå barndommen. Eg voks opp i Ryfylke rundt 1950 på ein gard som ligg til sjøen. Me vart tidleg sleppte til i robåt og tekne med i småfisket til huset, - med pilk, dorg, bakk (line) og garn. Ein gong kom far heim med eit par splitter nye garn. Dei var heilt lyse i fargen. Dei måtte barkast - for å få ein mørkare farge, og for å gjera bomullstråden meir haldbar. Me felte (hogg) bjørk, flekte av nevra, deretter borken - som me turka, laga avkok (log, lut) av i ein stor koparkjel i grua i eldhuset, auste oppi ei stor tønne, og stappa garna oppi. Me barka dei nye garna, me dreiv med barking - me brukte det same ordet for same gjeremål som fiskarane på Hebridene.

Frå Kleppa såg me over til Hundsnes. Der dreiv dei stort i fiske, verkeleg stort, med fleire fiskefarty og svære sjøhus. Ei tid dreiv dei notbarkeri òg. Noteigaren Mikal Viga var vide kjend, sameleis sonen med same namn. Det var Litle-Mikal som ein dag i februar 1950 stengde Hovdevågen på øya Hovden i Flora, og etterpå melde inn 87 000 hl sild til Sildesalslaget. Mikal Viga sitt storkast med skøyta "Margit Viga" (oppkalla etter kona, Margit, fødd Hauge, frå Dale i Sunnfjord) kom med i artikkelverket Familieboka, og det fekk eit eige kapittel i Malvin Toft si bok Sildeeventyret i 2004.

Flekke i Fjaler - storprodusent av bork

"Ein heil industri i Sunnfjord", nemnde Kaare Risnes. Boka Trafikkplankomiteen av 1919 si innstilling til ny trafikkplan i Sogn og Fjordane stadfester og utfyller denne opplysninga. Boka har ein bolk med omtale av kvar kommune. Her står opplysningar om vegar, posthus, næringsliv og mykje anna. I somme kommunekapittel står det liste over vareslag og varemengder som vart ekspederte med Fylkesbaatane: "Gammelost i kasser" (..) "Tomtønder antal" (..) Ved i maal (..), Einestaur (..), Næver i knipper" og - "Bark i sækker."

Tala viser berre ein del av den samla borkproduksjonen i fylket. Mykje av borken har falle utanfor denne statistikken. Det manglar oppgåver for fleire kommunar. Me kan rekna med at noko bork vart produsert til eige bruk, og at bork vart frakta på andre måtar enn med Fylkesbaatane. Likevel står me att med tal som til fulle stadfestar kva Kaare Risnes meinte han hadde høyrt - at det var "ein heil liten industri i Sunnfjord".

I statistikken for åra 1918-1918 plasserer Fjaler og Naustdal seg suverent på toppen. Vidare kjem Flekke fram som den heilt store utskipingsstaden med over ein firedel av all borken frå Naustdal og Fjaler tilsaman. Gaular kjem òg fram som ein betydeleg borkkommune. I Sogn er det Balestrand og Hyllestad som har mest, med Vetlefjorden og Sværefjorden som sentralområde i Balestrand. I Nordfjord kjem sørsidekommunane Innvik, Breim, Gloppen og Davik fram med nokolunde same kvantum.

Skottland óg

På Internett ligg eit interessant fotografi av barking, - eit fotografi frå Australia med motiv frå Edinburgh, påskrive Tanning or Barking the Nets at the Harbour. Ei dame fann biletet i gamle papir og lurde på om nokon kunne fortelja henne noko meir om arbeidsoperasjonen på biletet. Det var det ein som kunne.

Walter Lyle Hume skreiv 19. september 2005: "After the nets had been boiled in the cutch solution [avkok av bork av treet shah, Burma] they were taken on wheel barrows to the Fishermans Park and hung to dry on the mast like poles therin. As youngsters, we used to help with this filthy chore. We were rewarded with a bag of herring when they turned up towards the end of the year, and scolded when we got home for being so dirty and smelly."

kjelder:

Kleppa, Hermund: Barking - same ord for same gjeremål. I Kjelda. 1-2007.
Museum nan eilean, Stornoway, utstilling.
Munnlege opplysningar frå:
Kaare Risnes, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR