Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. oktober 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Tuft etter fjellstove mellom Eldalsdalen og Høyanger



«På denne vegen er det enno synberre merke etter ei fjellstove, som truleg er den einaste av dette slaget vestafor Indre Sogn». Dette skriv den lokalhistorie-interesserte bonden i Viksdalen, Rognald Hestebeit, i Gaularsoga III (1968). Han meiner det er ei stove bønder i Eldalsdalen og andre bygdelag brukte når dei for til tings, til Gulatinget, for over tusen år sidan. År 2013 er tufta framleis lett å få auga på. Ho har aldri vore undersøkt av arkeologar.

Hustufta ved Steinbruvatnet sett frå nordaust.

Hustufta ved Steinbruvatnet sett frå nordaust.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Tufta 2013

«Synberre merke etter ei fjellstove», skreiv Rognald Hestebeit på slutten av 1960-talet. Han oppgjer ikkje nærare stadreferanse, men etter alt å døma er det ei hustuft ved Steinbruvatnet han hadde føre seg. År 2013 er det lett å få auga på tufta. Ho ligg nokre hundre meter sør om Steinbrua, ei lita bru over eit smalt sund mellom Steinbruvatnet og Larsselvatnet. Tufta ligg orientert vest-aust tett ved ei rås, nokså nær eit lite høgdedrag i nord og aust. Ho må vera gammal, steinveggene er nedramla. Ein stor jordfast stein ligg i søraustre hjørne. Det kan sjå ut som dør/opning har vore i vestveggen. Tufta er om lag 6 meter lang og 4 meter brei.

Om hustuft i Gaularsoga II (1961) og III (1968)

Per Fett (1909-1996, norsk arkeolog) og Rognald Hestebeit (1878-1977, frå garden Hestebeit i Viksdalen, bonde, emissær, ordførar, interessert i lokalhistorie) skriv om ferdsle mellom Eldalsdalen og Høyanger i eldre tider; så langt tilbake som for over 1000 år sidan. Per Fett nemner ferdslevegar mellom Gaular og Høyanger i kapitlet Dei fyrste gaulverjar i bind II. Rognald Hestebeit skriv meir i bind III og viser til Per Fett. Hestebeit viser også til historikaren P. A. Munch (1810-1863). Det står:

Per Fett: «Det er verdt å merka seg at frå dette dalføret (Eldalsdalen) går to velkjende ferdslevegar over fjellet sørover, dei møtest i stølsheimen over Høyanger i Sogn og fører dit ned. Den eine går opp frå Fyling, den andre frå Oppedal i vestre utkanten av grenda Gjermundstad. Det skulle vera merkeleg om det ikkje er samanheng mellom desse fedselslinjene og denne tidlege busetnaden [i Eldalsdalen].

Rognald Hestebeit: «Det ser ut til at Per Fett har fått lite gode opplysningar om dei gamle ferdslevegane» (…) Annleis er det med vegen frå Følling til Høyanger. Det kan provast at den kring 1000 år sidan var offentleg veg til Gulatinget for dei indre bygdene i Fjordane. På denne vegen var det bygd fjellstove, og P.A. Munch har skrive om ei mektig ætt i Høyanger [Buna-ætta] som for om fjellet til storættene i Gaular.


Det som Munch har skrive, kan ikkje tolkast i den lei at alle storættene i Gaular budde i Viksdalen. Der kunne vera folk av same slaget lengre nede i dalen, både på Sande og i Bygstad. Per Fett har ikkje hatt kjennskap til det den skrivne soga og segna seier om «Gulatingsvegen», eit namn som enno lever mellom folket på båe sider av fjellet.(..) mykje brukt av dei som budde fremst i Eldalsdalen og kring øvre enden av Viksvatnet. For dette var den stuttaste sjøvegen, sameleis som vegen frå Oppedal til Høyanger var stuttast sjøvegen for dei som budde inst i Eldalsdalen.
 

På denne vegen er det enno synberre merke etter ei fjellstove, som truleg er den einaste av dette slaget vestafor Indre Sogn. Det er og truleg den einaste tuft i Gaular som kan tidfestast til å over kring 900 år gamal, og tufta provar at det etter tilhøva i gamal tid har vore stor ferdsle over fjellet.
 

Segna om denne fjellstova har levd i folkeminne til no [1960-åra]. Dei gamle brukte å seia: «Borte ved Tingstova», eller «Borte ved Steinbrua». Det siste kjem at tufta ligg på ein tange millom to vatn, og for å koma over, har dei fylt sundet med stein. Dei gamle i Viksdalen sa at Sunnfjordingar og Sogningar heldt ting i denne stova, og i Høyanger kalla dei vegen over fjellet for «Gulatingsvegen». Prof P.A.Munch har skrive at Bunaætta hadde ferdavegen om fjellet til storættene i Gaular. Dette er truleg det einaste som er skrive om vegar og ferdsle i Gaular, og om kven som reiste, so langt attende i tida.
 

Denne vegen ligg i eit terreng der det er råd å finna fram i skodde og snøkave. Høyanger har etter det dei gamle sa, vore ei velstandsbygd. Når viksdølene var pengelens, fekk dei låna i Høyanger og betalte attende med avdrått av stølsdrifta om haustane. Stølane på Sunnfjord-sida mot Høyanger, låg so lagleg til at det var lettare å få smørambarane og ostane til Høyanger enn å få dei heim.
 

På oppbere var det køyarnde over fjellet. Eg veit at bestefar og Endre Følling køyrde materiale over til Sognestølane. På Søreide, sør om Sognefjorden, har gamle folk sagt at i gamal tid kom dei frå Viksdalen og flekte almebork til matmjøl. Dette var eit slepasamt arbeid, - først over fjellet og vidare over fjorden.
 

I Gulatingslova var det påbod om at ein dag før jonsok skulle "arbeides med Vejenes Forbedring» Etter den eldste Gulatingslova skulle det møta 64 mann frå Firdafylket. Dei som ikkje møtte, laut svara bot. Med slike påbod frå styremaktene ligg det nær å tru at fjellstova er bygd etter krav i samband med «Vejenes Forbedring».

Oppsummering og spørsmål

Per Fett og Rognald Hestebeit nemner to ferdslevegar mellom Eldalsdalen og Høyanger; den eine frå garden Fyling heilt nede i dalen, og frå Oppedal lenger framme. Dei peikar på fleire ærend folk var ute i når dei ferdast her, mellom anna: dei reiste til og frå Gulatinget, dei vitja slektningar og dei var var på stølsveg. År 2013 er desse behova borte eller folk reiser andre stader og på andre måtar. Og såleis er ikkje den gamle ferdslevegen frå Fyling og sørover lett å finna for ukjende folk. Det mest spesielle og interessante med ferdslevegen frå Fyling er indikasjonane på at vegen vart brukt som tingveg til Gulatinget. Somme spør: Kva med å rusta opp vegen med god merking, og kva med å granska tufta ved Steinbruvatnet? Det gjeld ein del av soga om Gulatinget.

 

kjelder:

Gaularsoga, bind II, 1961
Gaularsoga, bind III, 1968

PERMANENT IDENTIFIKATOR