Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sandane kyrkje



Sandane kyrkje står på Mona, like ovanfor Sandane sentrum i Gloppen kommune. Kyrkja er bygd i tre og har om lag 300 sitjeplasar. Ho vart vigsla 8. mai 1997 av biskop Ole Danbolt Hagesæther. Arkitekt Helge Hjertholm laga teikningane. Sandane kyrkje ligg i Vereide sokn i Gloppen prestegjeld.

<p>Sandane kyrkje er eit moderne gudshus, inspirert av naturen i Gloppen.</p>

Sandane kyrkje er eit moderne gudshus, inspirert av naturen i Gloppen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Arild Reppen.

Pyramideforma tak

Sandane kyrkje var den aller siste kyrkja som vart vigsla i fylket på 1900-talet. På eit vis kan vi kalle henne ei naturkyrkje. Taket er ein skeiv pyramide inspirert av Ryssdalshornet, eit av dei flottaste utsiktspunkta i Gloppen. I den vakre glasmosaikken i koret har kunstnaren lagt inn ei spalte som skal minne om Holvikfossen, eit anna kjennemerke i Nordfjordbygda.

Kyrkjebygningen i seg sjølv er ein pen og tilrettelagt bygning med plass til mange ulike aktivitetar, og med romløysingar som kan tilpassast bruken og storleiken på forsamlingane. Inntrykket er ei enkel, lys og venleg kyrkje. Sjølve kyrkjerommet går i eitt med koret, og er ein god del breiare enn det er langt. Blikkfanget er altertavla i glas inne i veggen med motiv frå Jesu lidingssoge. Veggene rundt er kvitlakkert panel delt opp av store vindauge som innvendig har rutemønstra treverk.

Arkitektkonkurranse

Alt på 1930-talet kom det i gang pengeinnsamling til kyrkje i Sandane sentrum. Krigen var den viktigaste årsaka til at planane stranda. På den tiltenkte tomta vart det seinare bygt barneskule. Kyrkjebygginga vart lenge berre med tanken, like til 1980-talet. Då tok ein del soknerådsmedlemer initiativ til ei spørjeundersøking i organisasjonslivet, med spørsmål om dei var interesserte i ei moderne arbeidskyrkje som alle kunne ha nytte av. Tilbakemeldingane var gode, og ikkje lenge etter vedtok soknerådet å lyse ut arkitektkonkurranse. I alt tre utkast var med, og det var teikninga til bergensarkitekten Helge Hjertholm som vann.

Pengeinnsamlig og dugnadsarbeid

Så kom det i gang ei ny, organisert pengeinnsamling, 50 år etter at den førre innsamlinga stansa opp. I 1989 starta det som skulle bli ein årviss auksjon og loppemarknad i samband med Sandane-dagane. I gjennomsnitt har eldsjelene i dette arbeidet samla inn over 100 000 kr kvart år, og i alt bidrege med over 1 million kr. Saman med dugnadsinnsats og kyrkjeoffer finansierte "loppe"-pengane det fyrste byggjesteget, kyrkjelydsdelen i huset. Den stod ferdig alt i 1994 og inneheld kyrkjestove, møtelokale, kjøken i fyrste høgda, biljardrom, bordtennisrom, garderobe og toalett i kjellaren.

Då kyrkjedelen, andre byggjesteget, endeleg stod ferdig i 1997, viste oppteljinga av timelistene at det var utført om lag 6000 dugnadstimar. Før den tida var det ikkje teke opp lån til byggjearbeidet, men kommunen måtte låne for å få realisert sin del av bygningen. Dugnaden omkring kyrkjelydshuset samla ikkje berre folk i sentrum, han førte også med seg ein større og annleis aktivitet enn tidlegare. I dag er det ein god del unge som søkjer til kyrkja som elles ikkje er med i frivillig arbeid.

Namnet

Det har vore diskutert kva namn kyrkja skal ha, utan at det er endeleg vedteke. Nokre meiner ho skal heite Sandane kyrkje, andre vil heller ha Mona i namnet, sidan det har følgt arbeidskyrkja sidan byggjearbeidet starta. Mona er namnet på staden der kyrkja ligg, inne på platået over sentrum, i retning Byrkjelo.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1997 er ein glasmosaikk av Sven Havsteen Mikkelsen. Ho er ei 6,7 m høg søyle av fargar, symbol og samtidig ei figurativ framstilling av Jesu liding og død, overgangen frå mørke til lys, frå død til liv. Glasmosaikken inneheld fem bilete; det fyrste er "Jesus i Getsemane"; det andre er "Jesus ber krossen"; det tredje er "Jesus på krossen"; det fjerde er oppstodesola; og det femte er "Alle ting vert nye". Medan dei mørke fargane dominerer nedst i dei fyrste bileta, eksploderer det øvste og siste i jubel, lys og glede. Det er som den tomme grava har vorte til sola, den livgjevande Sola, som gir evig liv. Glasmosaikken endar effektfullt i kyrkjespiret med klårt glas frå alle sider. Slik vert alterbiletet som uttrykk både for kultus og kultur, sett i samanheng med naturen sin kultus, lovprising av Gud. Glasmeister for arbeidet er Margrethe og Erik Boyesen frå Danmark.

Dei to lysestakane og dei to vasane på alteret, ei offerskål, samt nattverdsutstyret: ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, er alle i keramikk og laga av Åse Skrivervik i 1997. Alterkrusifikset i tre frå 1997, framstiller Kristus som øvsteprest og konge, kledd i presteskrud og krone.
Preikestolen og døypefonten frå 1997, er laga i tre av arkitekten, Helge Hjertholm. Dåpsfatet og dåpsmugga frå 1997 er i keramikk, og er laga av Tormod Kayser, Bergen. Orgelet frå 1999 har 4 1/2 stemme, og er bygt av Orgelbau Kuhn AG, Männedorf, Sveits. Det er opphavleg frå 1938.
Kyrkjeklokka er lånt frå Breim. Ho tilhøyrde gamlekyrkja der. Klokka er montert med elektrisk ringjeapparat som arbeidskyrkja arva frå Vereide kyrkje, då dei moderniserte sitt ringjeanlegg.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR