Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fallossteinen på garden Tunold



Jon Tunold (1908-1996) brukar på Tunold, gnr. 34-1, skreiv i 1979 ein artikkel om det gamle tunet. Han fortel om ein brunn som aldri går tom, eit eldgamalt asketre i tunet, om segner og hendingar, og om ein merkeleg stein som vitnar om kultstad i eldgamal tid.

Fallossteinen på Tunold 1997. Ei tid var det snakk om å flytta han til Bergen, men den vart ståande på garden etter ynskje frå brukaren, Jon Tunold.

Fallossteinen på Tunold 1997. Ei tid var det snakk om å flytta han til Bergen, men den vart ståande på garden etter ynskje frå brukaren, Jon Tunold.

Eigar: Odd Rønningen.

Datering: 1997.

Fotograf: Odd Rønningen.

Gardsnamnet

Garden Tunold, uttala tunål med trykk på andre stavinga, ligg på ein haug eller liten ås, Tunålshåjinn, der det er eit lite platå. Fram til 1728 låg bruka tett saman i eitt tun, men etter at eit voldsomt snøras dette året valda svære øydeleggingar, vart husa flytta og bygde meir spreidd. Oluf Rygh meiner noverande skrivemåte Tunold er feil. Han er overtydd om at det opphavlege namnet var Tunhvall, same namn som Tenaal i Vik. I gamle dokument har han funne fylgjande skrivemåtar: Thugoull 1536, Thunold 1563, Thunoldt 1608 og Tunold 1667 og 1723.

Heilage kvite steinar

Heilage kvite steinar, også kalla fallossteinar, er ei gruppe fornminne som vitnar om førhistorisk gudsdyrking. Dei er alltid av kvit eller lys gråkvit stein, marmor eller kvarts, og tilhogde som ei kort rund søyle med ein litt breiare, avrunda topp og like under toppen ei fure rundt. Ein kjenner to slike steinar frå gamle Stryn kommune, den eine er av marmor og vart funnen i 1879 i ein gravhaug i Loen. Den andre, som er av kvarts, vart funnen i 1886 under bortrydding av ei røys. Ein reknar at dei heilage kvite steinane var meint som symbol på "fruktbarhetens gud", som i den norrøne gudelæra ber namnet Frøy.

Tunoldsteinen

Jon Tunold fortel dette om fallossteinen på Tunold og om andre ting som meiner ber bod om at Tunold var religiøs samlingsstad i "urtida":
"På nedsida av tunet står den eldgamle Tunoldsteinen frå urtida. Guden dei ofra mjød til i gamal tid. Mjød laga dei av gjæra honning og av rota til mjødurt som veks dei fleste stader. Nedunder bakken, eller nedanfor tunet, er ein plass som vi kallar for Hovåkeren den dag i dag. Og segna seier at her stod eit gudehov, der dei ofra til gudane Odin, Tor og Frøy m.fl. Nedanfor gudehovet, ved vatnet, var ei lita lun vik med sandstrand, før riksvegen kom, som vi kallar Gamlenauststoda. Truleg var det her folk sette båtane når dei skulle til gudhovet. Lengst ute i tunet stod to steinar som hadde ei merkeleg form. Dei var ca. 1,30 m høge og hadde ei rund form. Ingen på garden visste då kva tyding dei hadde, og dei vart tekne i ein fjøsmur i 1890-åra.

Arkeologen Haakon Shetelig om Tunoldsteinen

I Jacob Aaland si bygdebok for Stryn og Innvik har professor Haakon Shetelig (1877-1955), arkeolog og museumsmann, eit stykke om funn og minne frå oldtida. Han viser til at Aaland sjølv har skrive om steinen i tidsskriftet "Norsk Folkekultur" 1916. Steinen er søyleforma, av noko mørkare bergart enn dei karakteristisk kvite, 80 cm høg over jorda, har avrunda topp og ei fure innhogd under toppen. I form er han i slekt med dei heilage kvite steinane, og "tør nok", uttrykkjer han seg, "ha hatt samme mening".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn. Ny utgåve. Sandane 1973.
Tunold, Jon: Segner, hendingar og tankar kring det gamle tunet. I: Årbok for Nordfjord. 1973.
O. Rygh: Gaardnavne i Nordre Bergenhus Amt. Kristiania 1919.

PERMANENT IDENTIFIKATOR