Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krutfabrikken på Byrkjelo



Gabriel Ludvikson Bjørnereim vart fødd på "Ludvikbruket" på Bjørnarheim i 1876. Som 17 åring utvandra han til USA der han m.a. gjekk på bergverksskule og fann opp "Herkules Krudt". Han kom heim att i 1902 og sette kort tid etter opp ein krutfabrikk.

Restar av Bjørnereims Krudtfabrik ved Holvikfossen.

Restar av Bjørnereims Krudtfabrik ved Holvikfossen.

Eigar: I boka Gabriel sin Drømm

Datering: Ukjend.

Fotograf: Helge Lyslo.

Ein mann langt føre si tid

I 1902 døydde faren, og Gabriel måtte reise heim for å ta over garden. På heimstaden ville han starte krutproduksjon, og søkte i 1904 om å få ta til å produsere det kraftige "Herkules Krudt". Kunnskap og kapital hadde han skaffa seg i Amerika. I teknisk kunnskap og dugleik var den heimvende norsk-amerikanaren Gabriel Bjørnereim langt føre si tid. Han fekk løyve til å køyre bil alt i 1906. I løyveskrivet frå amtmannen heiter det mellom at "De maa kun kjøre en bestemt dag og naar det er lyst".

Fyrste fabrikken

I 1894 hadde folk frå Bjørnarheim fått til drift av både ei mølle og ei stampe ved Myklebustdalselva. Dei tok på seg leigearbeid. På eigedommen sin Teigen, ved elvegjelet mot Myklebustdalselva, bygde Gabriel Bjørnereim krutfabrikk. Bygningen hadde to høgder av stein, medan den 3. høgda vart bygd av material frå ei gammal stove, som han tok i bruk som bustad. Kruthuset, som folk kalla bygningen, vart ståande til 1945.

Fekk ikkje løyve

Etter at krutfabrikkar i England hadde gått i lufta på 1800-talet, vart dei norske reglane for krutproduksjon strengare. Ei krutverksemda skulle liggja minst 500 alen, dvs. om lag 314 m, frå næraste busetnad. Gabriel hadde ikkje sett seg så godt inn i dei norske reglane og hadde bygd fabrikken nokre meter for nær den næraste busetnaden. Dermed fekk han ikkje løyve til å drive den påtenkte krutproduksjonen i det nye huset sitt.

Ny fabrikk under Holvikfossen

Men Bjørnereim ga ikkje opp. Han gjorde avtale med Hugo Mowinckel, som då åtte utmarka aust for Holvikelva på Sandane, og tok til å byggje ein ny fabrikk under Holvikfossen. I dag finn vi ein om lag 10 meter lang og ein meter tjukk mur oppe i den bratte ura under fjellfoten. Hol for pipe er laga til inne i muren. Tre tverrmurar, mot bakmuren, lagar to halvrom. Bjørnereimkarane var flinke til å mure, og det er nærast utruleg at nokon kunne få til noko slikt i det bratte terrenget, og med berre handemakt.

Husmur lenger nede

Om lag 50 meter lenger ned i bakken finn vi restane av ein husmur. Vi veit ikkje om Ludvik nokon gong kom så langt at han fekk tak på husa sine. Det næraste vi kjem spørsmålet er eit skriv av 19. mars 1908, frå skifteretten, der det vert sagt at breimingen og norskamerikanaren Gabriel Ludvigsen Bjørnereim hausten 1907 førte opp "2 mindre huse samt en transportbane med krudtfabrikation der steds for øye paa gaarden Hollvik i Gloppen ".

Nye vonbrot

Frå Holvikfossen og til nærmaste busetnad var avstanden mykje meir enn den føreskrivne avstanden på 300 alner, men likevel vart bygginga stansa også her. Det vart mellom anna hevda at fabrikken låg for nær stølsvegen til Holvikja. Ved kontrollmåling på eit moderne kart ligg krutfabrikken vel 500 alner vekk frå stølsvegen.
Fleire uheldige omstende gjorde at Gabriel Bjørnereim gjekk konkurs. Han reiste attende til USA i 1909, og kom aldri attende til "gamlelandet".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band V. 2000.
Bjørnareim, Rolf: Gabriel sin Drømm. 1999.
Gloppen kommune: Notat frå prosjektet Stadnamninnsamling i Gloppen og SEFRAK-registeret i Gloppen.
Munnleg informasjon frå:
Johan Bjørnareim, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR