Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. november 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Ervikpreika - hundreårlang tradisjon



Sommaren 2003 var mykje folk tilstades på Ervikpreika. Presten fortalde litt om tradisjonen kring denne årvisse preika på kyrkjegarden i Ervik. Han hadde nye generasjonar og tilreisande i tankane. Ervikpreika er fleire hundre år gamal. I 1746 fortel soknepresten om ei fast preike frå "ældgammel Tiid" i Ervik.

Frå Ervikpreika 2003 med mykje folk samla i strålande solskin.

Frå Ervikpreika 2003 med mykje folk samla i strålande solskin.

Eigar: Laura-Marie Fure

Datering: 2003.

Fotograf: Laura-Marie Fure.

Årviss preike

Peder Harboe Frimann vart sokneprest i Selje i 1745. Han byrja same året å føra kallsbok for prestegjeldet. Under overskrifta "mærkværdige Ting ved Kirkerne" fortel han at i Ervik er ein "for lang Tiid siden indviet Kirkegaard," og at prestane frå "ældgammel Tiid" har reist ut til Ervik ein gong om året, "i eller efter Juule-Højtid" for å halda "een Prædiken".

Femten år seinare nemner presten Hans Michael Seehus stadværingane sin farlege "Kirkevey" og at det om vinteren "Prædikes her i en stor Stue for den fiskende Folkemængde."

Flytta til sommaren

I presten Gabriel Heiberg si tid (prest 1806-1826) vart den gamle skikken med å halda preike i Ervik om vinteren endra. Prost Wilhelm Frimann Koren (prest og prost 1826-1875) fortel i kallsboka om kvifor preika vart flytta til jonsoktider:

"Da høieste Vintertid var særdeles ubeqvem, ofte forbunden med Fare for Præsten naar han i samme maatte reise ditud, forandrede min Formand, Sognepræst Heiberg, den Skik derhen, at han ved St. Hansdags Tid reiste til Ervig. Dette har jeg vedblevet, kun at jeg sædvanligviis har oppebiet Statbøndernes Hjemkomst fra Byen, for at opfylde et af den i den Henseende fremsat Ønske:"

Gravfesting og andre embetsforretningar

Kyrkjebøkene fortel om fleire gjeremål enn å halda preik på den årlege prestevitjinga i Ervik. Ein embetsforretning var å jordfesta alle som var gravlagde sidan siste vitjinga, ein annan å sjå til sjuke og gamle. Den 12. juli 1866 er til dømes innførd i kyrkjeboka:

"11te Søndag efter Trefoldighed Gudstjeneste i Ervik ved Hr. Holst [personelkapellan]. 6 Jordkast, 3 med Ligtaler over 1. Kaarmand Christen Hansen Ormeteige, 2. Huusmandsenke Christie Jacobsdatter Yttre Honningsvaag. 2 Mand og 4 Qvinder, til sammen 6 berettedes i Ervig. Samme dag berettedes Kaarmand Peder Jensen Svedhoug paa Svedhoug og den blinde Kone Kari Larsdatter paa Belden."

Skikken halden ved lag

Den århundre gamle skikken med ei årleg preike i Ervik har vore halden ved lag, og Ervikpreika fylgjer med tida. Kyrkjelydsbladet Kyrkjenytt skreiv fylgjande om Ervikpreika 2003:

"Mange tekniske oppfinningar gjer det lettare å få ei god friluftsmesse. Organist Per spelte, presten og tekstlesaren kunne nytte høgtalaranlegg. Det gjer det mykje lettare å få med seg alt som vert sagt."

8. mai 2005 vart det skipa til ei særleg markering på kyrkjegarden i Ervik i høve 60-årsjubileet for frigjeringa. Rommet i klokketårnet vart opna som eit rom til minne om 21 russiske krigsfangar som låg gravlagde her i åra 1945-1953.

kjelder:

Kyrkjelydsbladet Kyrkjenytt. Nr. 3. 2003.
Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Side.385. 1957.
Djupedal, Reidar: Selja i tusen år. Eit minneskrift om kloster og kyrkjer. 1966.
Opplysningar frå:
Laura-Marie Fure, Selje.

PERMANENT IDENTIFIKATOR