Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautasteinen på Balahaugen



Balahaugen er Balestrand sin festplass. Slik har det vore sidan 1887. Då vart den eine gravhaugen der restaurert og ein bautastein vart frakta til staden og sett opp ved sida av den gamle bjørka.

Dette biletet er teke oppe på den haugen som vart restaurert i 1887. Me ser bjørka  og i bakgrunnen ser me huset til  Ytrefjord. Kona på biletet heitte Ingrid Fjærestad. Guten til høgre kan  vera Peter Olav Øvrebø. Han var fødd i 1878 og kan vel vera i underkant av 10 år. Peter hadde vore i Holmen og handla grønsåpe til mor si. 
Det er vanskeleg å sjå om steinen er komen på plass. Den kan vera utanfor biletkanten til venstre. Me ser at  arbeidet med å stella til haugen ikkje er avslutta. Kanskje skal steinen som ligg der, nyttast i dette arbeidet.

Dette biletet er teke oppe på den haugen som vart restaurert i 1887. Me ser bjørka og i bakgrunnen ser me huset til Ytrefjord. Kona på biletet heitte Ingrid Fjærestad. Guten til høgre kan vera Peter Olav Øvrebø. Han var fødd i 1878 og kan vel vera i underkant av 10 år. Peter hadde vore i Holmen og handla grønsåpe til mor si. Det er vanskeleg å sjå om steinen er komen på plass. Den kan vera utanfor biletkanten til venstre. Me ser at arbeidet med å stella til haugen ikkje er avslutta. Kanskje skal steinen som ligg der, nyttast i dette arbeidet.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-93179.002.

Datering: Ca. 1887.

Fotograf: Ukjend.

Kanskje frå garden Sande

Det vert fortalt at denne steinen opphavleg stod på garden Sande om lag 1 kilometer vest for Bale. Sorenskrivardottera Mette Marie Bramdrup vart då gift med kaptein Meidell i Flesje. Ho flytte då dit. Soga vil ha det til at steinen vart med på flyttelasset. Då konservator Lorange ved Bergen Museum ein gong vitja Flesje, "oppdaga" han steinen i hagen. Lorange tok då del i arbeidet med å ta vare på haugane på Bale. Lorange overtalte Meidell til å gje frå seg steinen slik at den kunne pryda Balahaugen når restaureringa var ferdig.

25 mann og 4 hestar

Lærar og kyrkjesongar Anders P. Øvrebø var den lokale drivkrafta i dette vernearbeidet. I februar 1887 samla han 25 mann og 4 hestar. Oppdraget var å køyra bautasteinen frå Flesje til Balahaugen. Det var godt vinterføre, og første del av turen gjekk fint. Ved Sandvika på Tue er det ein bratt bakke opp til Rørehaugen. Her vart steinen for tung. Øvrebø gjekk då opp på ein liten haug ved vegen. Der heldt han ein sterkt manande tale til hjelpesmennene sine. Han eggja dei og sa at steinen skulle reisast på ein vikinghaug. No galdt det å få steinen fram. Balestrendingane laut syna at dei var karar til å fullenda dette verket. Dette hjelpte.

Reist den 18. mai 1887

Etter det me kjenner til vart den sett opp den 18. mai 1887. Dei festa ei talje i bjørka og drog steinen opp. Bjørka bøygde seg mot steinen. Dei sa at bjørka helsa bautasteinen velkommen. Den 27. september 1887 kom saka om fredlysing av haugen opp i skulekommisjonen. Fylgjande tekst vart vedteken med 9 mot 5 stemmer.
"Den paa Klokkergarden Bale i Balestrands Prestegjeld beliggende Gravhaug fredlyses herved saaledes at den ikke maa ved Jordtag beskadiges eller ved Gravning forstyrres. Den paa Haugen reiste Bautasten maa ikke omstyrtes eller fjernes, ligesom de paa Haugen verende Træer ikke maa beskadiges, kvistes eller feldes." Den 17. november 1887 vart teksten samrøystes vedteken av heradstyret.

"Desse moderne tingi"

I 1934 skreiv Haakon Shetelig om fornminne i Balestrand i bygdeboka som kom då. "På den eine står det ein moderne bautastein og på den andre den tyske biletstytta av kong Bele. Desse moderne tingi skjemmer dei gamle haugane. Steinbenken på den eine av haugane skal derimot vera ein gamal bautastein som fyrr stod på ein annan gravhaug, Ingeborgshaugen, dei kallar, (på br. nr. 36-37)."
Christian Meidell, son til Thomas Henrik Meidell, som gav frå seg steinen, gav og uttrykk for at flyttinga aldri skulle funne stad. Mellom folk i bygda i dag er vel meininga den at steinen høyrer til der den no står.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Balestrand. Bygd og ætter, s. 711. Bergen 1934.
Balestrand kommune, kommunearkivet:
Skulekommisjonen, møtebok, 1887,
Kommunestyret, møtebok, 1887.

Privatperson, Balestrand: Balestrand kristelege ungdomslags arkiv, Lagsavis.
Melkild, Arne: Kunstnarliv. Leikanger 1993.
Thue, Johs. B.:Brevet til Ingebjørg den Fagre av Sogn. Hermansverk 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR