Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. august 2017

Sist oppdatert 13. desember 2018

Anders Skaasheim - "målmann frå Bjørgvin" i Finmark



«Det er vandt [vanskeleg] å arbeida for norsk mål i Finnmark.» Det noterte Anders Skaasheim i dagboka si 20. desember 1921. Han var komen til Hammerfest eit par veker før, som konstituert kontorsjef i Norges Bank si avdeling i byen. Anders Skaasheim var meir enn bankmann. Målsaka var eit av interesse-felta hans. Artikkelen presenterer nokre døme på Anders Skaasheim som interessert og engasjert nynorskmann – i Finnmark.

Postkort frå Hammerfest

Anders Skaasheim budde i Hammerfest frå desember 1921 til november 1922. Dette postkortet, datert 11.12.1921, med motiv Hammerfest sende han til far sin, Christen Skaasheim, Balestrand. Han har sett kryss ved pensjonatet han budde og Norges Bank, avdeling Hammerfest, der han arbeidde.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Anders Skaasheim – eitt år i Finnmark

I 1950 vart Anders Skaasheim heidra med Kongens fortenestemedalje i gull, for livslangt arbeid med å samla og formidla norsk kulturarv. Skaasheim etterlet seg ei stor samling dokument og mange foto. Skaasheim-arkivet er oppbevart i Fylkesarkivet. I arkivet finst det fleire spor etter Skaasheim sitt år i Finnmark, frå desember 1921 til november 1922. Det ser ut til at han heile tida hadde opne auge for kulturhistorie i Finnmark, og kom i kontakt med folk vidt omkring. Somme hadde han brevskifte med i mange år etterpå.

Målsaka i dagbok

Anders Skaasheim førde dagbok. Frå Bergen reiste han nordover med hurtigruteskipet DS «Finmarken», og kom til Hammerfest, tysdag 6. desember. I dagboka møter me målmannen Anders Skaasheim i Finnmark, så og seia med det same han var komen i land i Hammerfest:

Kring 10. desember: «Eg var på Finnmarksheimen og spurde etter formannen, som eg ikkje fann i dag. Eg ville tala med honom um norskdomsarbeidet.» (Merknad: Fiskarheimen var ei kaffistove eigd og driven av Troms ungdomslag. Føretaket vart avvikla år 1924.)

16. desember: «I banken hev dei fenge age for målmannen frå Bjørgvin. Ein av dei fremste hev sagt meg at han er ikkje målmann. Ein annan av deim som hev mest å segja, hev sagt meg: «Vi forstaar ikke «moul» i Finmarken».

20. desember: I dag gjekk eg til bladstyrar Johansen for vinstrebladet Nordkap og spurde um han vilde taka stykke frå meg på norsk. Han svara: «Jeg har stor sympati med maalbevegelsen. Men i Finmarken maa vi faa være fritat for maalet. Her har vi kvænsk, lappisk og almindelig norsk. Det er sprogforvirring nok. Og folk har sagt at skrives der noget paa maalet i Nordkap, vil de sige bladet op. De forstaar det er vanskelig. Og jeg beklager at jeg ikke kan imøtekomme Deres ønske.

Men eg sagde honom at eg trudde eg skulde skriva so godt at folk kom til å lesa det endå um det var på norsk. Han gav etter smått um senn og det enda med at eg kunde skriva eit stykke på prøve. Det er vandt å arbeida for norsk mål i Finnmark.

20. desember, framhald: I kveld kom Yttri til meg. Me tala um målarbeidet serleg stoda i Hamarfest. Eg spurde honom um me ikkje skulde skipa eit mållag – frilyndt ungdomslag. Han var samd i det, og vilde vera med. Men han saag store vanskar for arbeidet. Her er mykje å gjera her nord.» (Merknad: dokter Johan Yttri, fødd 18.10.1884 i Luster)

«norskmaalsblad» i Vadsø 1875

Ananias Brune (1853-1942), lærar og markant lestadianar, kom til Hammerfest i 1920. Han var fødd i Dalsbygda i Volda, og hadde frå 1883 vore lærar i Vadsø. Anders Skaasheim kom til i Hammerfest i førstninga av desember 1921. Dei må ha møtt kvarandre nokså snart, og dei hadde heilt sikkert mykje å samtala om. For Skaasheim var det sjølvsagt interessant å høyra Brune fortelja om då han var med og starta landsmålsavis i Finnmark, i 1875, ja, så interessant, at alt tyder på at Skaasheim har bede Brune om å skriva ned noko om landsmål-avisa Finnmarkingen.

«Bladet «Finnmarkingen»
Det var vinteren 1875 at avlidne lærar Karl Akre i Vadsø og eg vart samde om aa giva ut eit norskmaalsblad. Bladet fekk namnet «Finnmarkingen». Akre skulde skriva finnmarkmaal og eg landsmaal.

Eg var i 1874 komen ut av lærarskulen i Trums [Tromsø] og var uppglødd for målsaki. Eg fekk tak i Ivar Aasen si «Ordbog over det norske folkesprog» (…) i boksamlingi på lærarskulen, og noko med det fyrste eg kjøpte meg daa eg tok til som lærar og tente so mange krunor, var «Norsk Ordbog» og «Norsk Grammatik» [av] Ivar Aasen, og ved deira hjelp paa grunnlag av heimemaalet mitt, lærde eg aa skriva nynorsk, utan nokon lærar.

Akre var innfødd finnmarking – altaværing. Far hans var frå Reindalen i Øystredalir [Østerdalen], og derfraa hadde han gardsnamnet Akre. Akre vilde og reisa uppatter det norske maalet, men han tykte landsmaalet var for stivt. Bladet vart trykt hjå Kjeldseth som den gongen aatte, styrde og trykte «Finmarkens Amtstidende».

Men som ventande var, var det ikkje mange som tinga dette nye bladet vaart. Og me hadde lita og ingi raad til aa driva det med, og då 2 nr. var komne ut, laut me slutta. Eg hev ikkje noko av disse nr., men i Finnmarksbiblioteket i Vadsø er dei. Eg saag dei der sumaren 1920.

Det var vel barnsleg [venteleg i tyding godtruande, naivt] av oss aa ta til med eit sodant blad paa den tidi her nord, men hugen var der.

Hamarfest 19/1 1922»

«Men han er riksmaalsmann»

År 1913 vart Det norske teatret skipa. Då som no hadde teatret som mål å spela dramatikk på nynorsk og dialekt. Nokså snart byrja teatret og å reisa rundt. I 1922 arbeidde Anders Skaasheim for å få Det norske teatret på turne nordover, til Nord Norge. Eit dokument i Skaasheim-arkivet, datert 28. september 1922, seier noko om arbeidet hans for å få det til.

Dokumentet er kopi av eit brev til «Rykken (truleg Mons Rykken, medverkande i Noregs ungdomslag, Oslo, sitt «spellag»/dramagruppe). Det går fram av brevet at Skaasheim har snakka med «kjøpmann Hagen» i Hammerfest om saka. Hagen «kjem til Oslo um ca 14 dagar», og han ønskjer å møta «deg» (Mons Rykken) «eller teatersjefen» (Ingjald Haaland). Så kjem det eit lite varsamt vink til Skaasheim sin kontakt i Oslo:

«Men han er riksmaalsmann, og du fær syta for at han vert teken på rette maaten. Han hev etter det han no hev sagt til meg samhug for saki. Men han hev mykje aa gjera i hovudstaden so du maa syta for aa faa fat i honom.»

Kva med å skipa mållag – i Nordvågen ved Honningsvåg?

Karl Leiros (1878-1959), lærar, budde hausten 1922 i Nordvågen, 4-5 km aust for Honningsvåg, Kjelvik kommune, Magerøy. I Skaasheim-arkivet ligg det eit brev til Skaasheim frå lærar Leiros. Det er datert, «Nordvåg i Finnmark», 3. november 1922, det vil seia etter at Skaasheim var komen heimatt til Bergen frå Hammerfest. Etter alt å døma er det svar på eit brev frå Skaasheim, datert 5. september. Det kan sjå ut som Skaasheim har «purra», spurt om brevet var kome fram. Karl Leiros sitt brev handlar om å skipa mållag, og kva Leiros meiner om det.

«Men ka ska eg segja um tankjen um å skipa mållag her uppe? Det er nok unyttes å tenkja på diverre. Eg har rødd litevetta med nokon søringar som bur her i Nordvåg, og som arbeidd i losje i fleire år saman med ungdomen her. Men dei trur ikkje det gagnar å skjeppe mållag. Eg tørr ikkje love anna enn å ha det i minne om høve skulle verta.»

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Privatarkiv SFF-88047 Skaasheim, Anders.