Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 2004

Sist oppdatert 24. mars 2022

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Stortingsmann Fredrik Fraas



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Fredrik Fraas frå Hafslo.

Gardbrukar Fredrik Fraas (1856-1924), stortingsmann i 1905, i valperioden 1903-1906.

Gardbrukar Fredrik Fraas (1856-1924), stortingsmann i 1905, i valperioden 1903-1906.

Eigar: I Hafslo Sparebank 1848-1948. 1948.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Stortingsmann

I boka Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814 - 1970 står denne biografien:

"Frederik Balthazar Fraas (Sjøtun), fødd på Sjøtun i Hafslo 27. august 1856, son åt bonde Johan Wilhelm Fraas og Gjertrud Olsdotter. Var med i heradstyret det meste av tida mellom 1884 og 1913, sparebankdirektør m.m. Døydde 20. mai 1924. Gift med Anna Joranger, dotter åt bonde og lærar Einar Jordanger og Kari Jonsdotter. Representerte Høgre. Var 5. representant frå Nordre Bergenhus amt 1903-1906."

Bankmann

Fraas var med i styret for Hafslo Sparebank frå 1887 til 1924; frå 1912 til 1924 som formann. I boka Hafslo Sparebank 1848 - 1948 står det:

"Når me no står ved slutten av denne tidsbolken, lyt me nemna den mannen som hadde det største ansvaret for banken i heile krigstidi [verdskrigen 1914-1918] og dei fyrste nedgangsåri etterpå. (..) I 1903 vart han vald til stortingsmann og sat soleis i tinget 7. juni 1905.

Fraas var ein uvanleg dugande styresmann. Jon Laberg [bygdebokskrivar] seiar at han hadde ein sers givnad til å finna grunnane bak det han såg og opplevde. Han høyrde gjerne på andre sine meiningar, men heldt alltid fast på det han sjølv tykte var rett og best. "Han tenkte før han gjekk i veg."
Her vil me og nemna at det var Fr. Fraas som fekk banken til å ta på seg all kostnaden som fylgde med utgjevingi av den gilde bygdeboki om Hafslo."

Frå omtale i Sogns Tidende

Fredrik Fraas døydde 22. mai 1924, 67 år gamal. Signaturen "r. e." skreiv eit langt stykke om han i Sogns Tidende. Nedanfor fylgjer eit utdrag. Fire store menn ("malmfurer") i Hafslo hadde gått bort på kort tid, Ingebrigt Joranger, Trond Feet, Ole Hillestad, og Fredrik Fraas som den siste.

"Det var ikkje stor skilnad på alderen. Dei rakk fram til manns mogning mest samstundes kan ein seia. Alle fire var like på den måten, at dei hadde ingen vidare skulelærdom. Men dei var evnerike folk med mange interesser og samla seg litt om senn stor kunnskap.
Ingebrigt Joranger var utan tvil den største radikalaren, men han fann ei turvande motvekt og utjamning i Ola Hillestad og Fraas.

Fredrik Fraas var gardbrukar i Solvorn. (..) Som ung mann måtte han taka farsgarden. Garden hadde i mange år vore ringt styrd, og det var eit tungt tak for unge Fraas å få skikk på gardsdrifta. Men han åtte fire ting som hjelpte han over vanskane: eit urikkande mot, kjempekrefter, eit praktisk grep og - då han vart gift - ei kona som stod med han i alt.

Det varde (..) ikkje så lenge før han hadde rudt opp garden, flytta og bygd nye tidhøvelege hus og planta og fått til ein gild frukthage, (..) eit mønsterbruk.

I heile si ferd var Fraas ein greiskoren kar. Me var ikkje politisk samde; men det skal seiast i hans ettermæle, at han var ein ærleg motstandar og han brukte blanke våpen.

Den 30. mai vart Fraas gravlagd. Ei mengd menneske var samla i heimen hans på Sjøtun. I heimen tala emissær Hamre gripande om avdøde. Han hadde vitja Fraas på sjukelegjet og hadde skjøna at avlidne levde sterkt i si barnetru. (..) Det vart lagt kransar på båra. (..) Og så vart kista boren bort på Solvorn kyrkjegard."

kjelder:

Sogns Tidende 05.06.1924.


Hafslo Sparebank. 1948.


Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Nordfjord Sogelag. 1973.

PERMANENT IDENTIFIKATOR