Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Hestadgrend bedehus



Hestadgrend bedehus står på nordsida av Viksdalsvatnet, om lag 300 meter frå Hestad kapell. Det vart teke i bruk i 1974 og er eit av dei yngste bedehusa i fylket, rekna etter første gong bygt.

Hestagrend bedehus på nordsida av Viksdalsvatnet ikkje langt frå Hestad kapell.

Hestagrend bedehus på nordsida av Viksdalsvatnet ikkje langt frå Hestad kapell.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Romsleg

Huset er kring 15 meter langt og 7, 5 meter breitt med i alt 106 kvadratmeter golvflate. Utanom møtesal med kring hundre sitjeplasser, har huset kjøken og romsleg garderobe.

Mange år før huset vart bygt

Bedehuset i Hestadgrenda har ei lang førhistorie. Det var i 1932 tanken kom opp om eige forsamlingshus og dei gjekk i gang med å samla inn pengar. Ingen tenkte vel då at det skulle gå nærare 40 år før tanken vart røyndom. Mellombels gjorde skulehuset nytte som forsamlingshus, og det var først då skulehuset vart rive i 1967, at det kom fart i arbeidet med å byggja.

Byggjearbeidet

Det vart sett ned byggjenemnd med Arne Kirkeli som formann. Byggjearbeidet vart utført av innleigde fagfolk i tillegg til stor innsats av folk på dugnad. Byggjesummen kom på kring 120 000 kroner, dugnadsarbeidet medrekna. Gaular kommune ytte 7.500 kroner til huset. Då huset vart vigsla og teke i bruk i 1974, var det ikkje heilt ferdig. Det mangla innlagt vatn og toalett, men dette og anna vart ordna kort tid etter.

Vigslinga

Bedehuset vart vigsla søndag 4. august 1974. Det var to møte med matøkt mellom. Formannen i Hestadgrend Indremisjonslag, Johs. Oppedal, ynskte velkommen. Generalsekretær Birger Ådland i Den Vestlandske Indremisjon heldt talen på føremiddagsmøtet. Sokneprest Helgheim stod føre den høgtidelege vigslinga på ettermiddagsmøtet. Han heldt ein kort tale, heldt bøn og las bibelord frå Jeremias 22: "Land, land høyr Herrens ord".

Det vart bore fram mange helsingar. Sekretær Arne Friborg helsa frå Norsk Luthersk Misjonssamband og overrekte to vasar og to lysestakar som takk til grenda for trufast misjonsarbeid. Elles var programmet godt dekka med sang og musikk av fleire, - eit lite kor i eit lokalt yngreslag leia av Asta Kirkeli, Solglyttkvartetten frå Øvrebotten, solosang av Heimestøl frå Holsen og duettsong av Asta Kirkeli og Marit Oppedal.

Gudrun Kirkeli las opp eit minne og eit historisk attersyn, skrive av Albert Kirkeli.

I matøkta vart det servert rømmegraut med kavring, heimebakt flatbrød og spekepølse. Til kaffien vart det servert heimelaga "bakkels".

I bruk ved kyrkjelege tilskipingar

Under vigslinga helsa soknepresten i Gaular frå kyrkjelydane i prestegjeldet. Han uttrykte takksemd for at huset kunne brukast til kyrkjelege handlingar om vintrane når det er for kaldt til å vera i Hestad kapell. Bedehuset er såleis utstyrt for brurevigsling, dåp og nattverd.

"Bispevisitas"

Bedehuset kom og til nytte under 200-årsjubileet for Hestad kapell i 2005. På jubileumsmøtet i bedehuset var biskopen i Bjørgvin og fleire andre geistlege tilstades.

kjelder:

Firda. 03.08, 00.08.1974.

PERMANENT IDENTIFIKATOR