Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 14. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

The Norwegian barn i England – bygd i Vik 1908



30. mai er ein dato engelske riksaviser gjerne hentar fram ei hending i 1960: innbrotet hjå Sophia Loren og ranet av juvelar verdt tre millionar kroner. Filmstjerna var i England i høve innspeling av av filmen The Millionairess. Ho budde i byen Elstree, i eit luksuriøst anneks til eit hotell. Annekset var opphaveleg bygd i Vik, i 1808, av byggmeister John I. Hove. Men då mindre luksuriøst.

The Norwegian barn, under bygging i Vik 1908. Då huset var ferdig, vart det demontert og frakta til England. Der vart det bygd oppatt i byen Elstree, eit kort stykke nord for London.

The Norwegian barn, under bygging i Vik 1908. Då huset var ferdig, vart det demontert og frakta til England. Der vart det bygd oppatt i byen Elstree, eit kort stykke nord for London.

Eigar: Vik lokalhistorisk arkiv

Datering: 1908

Fotograf: Ukjent

30. mai 2016 – The Guardian, London

«From the archive, 30 May 1960: Sophia Loren’s jewels stolen

Jewellery worth £185,000, belonging to Sophia Loren, the film actress, was stolen on Saturday night from the Norwegian barn at Elstree, which she has rented as a temporary home while making a film of Shaw’s «The Millionairess» (…)

The barn in which Miss Loren is living was imported from Norway about a hundred years ago and was converted several years ago into a luxurious home. It has accommodated a succession of visiting film stars working at Elstree, half a mile away.»

«Imported from Norway (…) about a hundred years ago»

The Guardian-artikkelen opplyser at huset «Miss Loren» budde i opphaveleg var importert frå Norge. Det stemmer. Derimot er avisa langt unna det rett tidspunktet. I 1960 hadde «The Norwegian barn» stått i byen Elstree nokså nøyaktig eit halvt hundre år. Huset blei sett opp hausten 1908, for andre gong, av byggmeister Jon I. Hove, frå Vik.

I 1908 var Jon I. Hove (1862-1941) ein vidgjeten byggmeister, Han var etter kvart blitt fagmann på antikvariske bygg, og hadde stadig vekk oppdrag både for Fortidsminnesforeningen og for godseigar G.F. Heiberg i arbeidet hans med å utvikla eit folkemuseum. Ei tid før 1908 tok Jon Hove på seg eit byggjeoppdrag utanom det vanlege; å byggja eit hus i Vik, demontera det, frakta byggjematerialene til England, og så setja det prefabrikerte huset oppatt hjå kjøparen.

Omtale i avisa Sogningen 1925

«Bygmester John I. Hove. Manden som restaurerte stavkirkene» er overskrifta på eit stykke i avisa Sogningen (Vik) 14. august 1925. Eit avsnitt handlar om huset han bygde for «en engelskmand». Det står:

«I 1908 bygget han et hus for en engelskmand i nærheten av London. Det blev først færdigbygget i Vik av 6’ x 12’ rundtømmer, laftet og rikt utskaaret og saa blev alle materialer ført til Bergen og indlastet paa nyt. Herfra gik reisen over Rotterdam – London til byen Elstrey [Elstree] hvor englænderen Mr Dawson bodde. Her var Hove i 2 maaneder og førte tilsyn med opførelsen. Forstanderen for sjømannshjemmet i London [Den norske sjømannskyrkja] hadde forskaffet ham en tolk, saa alting gik som det skulde.

Det opførte hus var beregnet for beboelsesrum for kuskene og dessuten var det bilgarage samt stald for 4 veddeløpshester.»

Skaper undring

Byggjeprosjekt Hus til engelskmann 1908, eller som huset seinare vart heitande: The Norwegian barn (Den norske låven) vekkjer undring. Det vitnar om ein særs velståande oppdragsgjevar, ein mann med godt kjennskap til Norge, og ein mann som var blitt begeistra for tradisjonsrik norsk byggjekunst. Han ønskte seg ein «norsk» bygning, rikt utskoren, på heimstaden sin.

Kven sette han på sporet av ein byggmeister i Vik? Var det som turist han kom til landet første gong, den seinare Sir Arthur Trevor Dawson, eller som marine-offiser, eller som forretningsmann? Det har vi ikkje funne noko om. Derimot veit vi noko om huset, The Norwegian barn. Vi kontakta Elstree bymuseum. Kort etter kom det svar frå museumstyrar Dave Armitage.

Brann ned

The Norwegian barn stod vel to kilometer frå museet. Bygningen finst ikkje lenger, men «the house» [hotell-komplekset] den høyrde til finst. «The house» var Sir Arthur Trevor Dawson sin residens. Han døydde i 1931. Seinare vart eigedomen hotell. [2016: Laura Ashley Manor Hotel.]

I 1960 vart Sophia Loren fråstolen «her jewels» (…) «from a luxury log cabin», The Norwegian barn. Filmstjerna var i Elstree på filminnspeling. Midt på 60-talet brann «the barn» ned til grunnen. Det var mistanke om at elden var påsett.

Samtaleemne i Vik

Byggmeister Hove sitt prosjekt i 1908, å byggja eit hus som skulle sendast til England, må ha vore samtaleemne i Vik, både mens dei bygde huset, og etterpå, når «Guhaugen», som Jon I. Hove gjekk under lokalt, kom heimatt. Det lokalhistoriske bladet Pridlao i Vik har noko om dette i nummer 2/1988. John H. Tryti hadde kome til Pridlao med to fotografi han hadde undra seg over. (Det eine er biletet på toppen av denne artikkelen). Pridlao spurde seg føre og kom i kontakt med folk som kunne fortelja noko, mellom dei, Jon Systad. Det står:

«Jon Systad kan hugsa at «Guhaugen» fortalde om då han var i London [nærleiken av London] og sette opp stallen. Han budde på hotell «Kings Cross» der borte. Dei frå Hove og Voll hadde for vane å samla seg attmed Hovekyrkja om søndagane. Det var ein slik søndag at stallen vart samtaleemne.»

kjelder:

Avisa Sogningen. 14.08.1925.


Pridlao. 2/1988.


Informasjon frå:
Elstree and Borehamwood Museum


From the archive, 30 May 1960: Sophia Loren's jewels stolen


Trevor Dawson

PERMANENT IDENTIFIKATOR