Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 12. juni 2014

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum – 1814 i Gloppen



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, stortingsval og union med Sverige. - Gloppen prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars. Men oppslutnaden om dagen var heller dårleg.

Biletet er teke mot nordvest. Sakristiet til høgre i biletet vart bygt på 1960-talet. Koret vart bygt i 1931 og tårnet i 1879. Alderen på sjølve kyrkjeskipet veit vi ikkje sikkert.

Biletet er teke mot nordvest. Sakristiet til høgre i biletet vart bygt på 1960-talet. Koret vart bygt i 1931 og tårnet i 1879. Alderen på sjølve kyrkjeskipet veit vi ikkje sikkert.

Eigar: Gloppen kommune

Datering: 2000

Fotograf: Helge Lyslo

Gloppen prestegjeld 1814

Gloppen prestegjeld bestod i 1814 av sokna Breim, Gimmestad og Vereide. Det var i stor grad identisk med det som i dag er Gloppen kommune. Men på nordsida av fjorden inkluderte det det i tillegg grendene Lote og Hennebygda.

I 1815 hadde prestegjeldet eit folketal på litt over 3400. I fylgje bygdebokskrivar Per Sandal var Gloppen på byrjinga av 1800-talet ei rein jordbruksbygd, med svært få sysselsette i andre næringar.

Vereide kyrkje

På Vereide står ei av valkyrkjene våre frå 1814. Vereide kyrkje er laga av stein, og er no den einaste av sitt slag som er att i Nordfjord. Byggjeåret er noko usikkert, men truleg vart ho reist på 1100-talet. Kyrkje har opp gjennom tidene vore gjennom mange endringar. Eit stort restaureringsarbeid vart utført i 1631. Fyrst i 1879 fekk kyrkja tårn.

Sokneprest

Peder Pavels vart fødd 15. desember 1769. Faren var sokneprest og prost i Hjelmeland. Pavels fekk sin teologiske eksamen i 1792. I åra 1794-1800 fungerte han som skipsprest, og var med på seglasar til både Vestindia og Middelhavet

Til Gloppen kom Pavels i 1801. Frå 1817 var han prost i Nordfjord. I 1829 flytta han til Kragerø. Pavels var svært oppteken av fruktdyrking, og mykje av ettermælet hans er knytt til denne interessa. Han underviste glopparane i podekunsten og anna hagebruk. Peder Pavels døydde i 1855.

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Gloppen brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Fullmakt

Fullmakt
Til
Norges Regent
Deres Kongelige Højhed Prinds Christian Frederich.
Efter højeste Befaling blev Fredagen den 18de Martii 1814 holdet
Bededag i Gloppens Præstegjeld, og i dets Hovedkirke efter til ende
bragt Gudstjeneste, hvorunder Kong Fredrich den Siettes aabne Brev
af 18de Jan. 1814 og det aabne Brev fra Norges Regent Deres Kon-
gelige Højhed Prinds Christian Fredrich af 19 Febr. med Højst-
sammes Kundgjørelse bleve oplæste, samt den befalede Fædrenelands
Eed af Folket aflagt, foretaget Valg af tvende Præstegjeldets bosatte
gaardbrugende Bønder til at overbringe denne underdanigste Adresse
og faldt da Valget paa
Jetmund Larssen Ryg og Steffen Thorsen Biørkelo —
hvilke tvende Mænd og herved befuldmægtiges til paa Folkets Vegne
at møde og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens ud-
valgte Mænd.
Skreven i Gloppen Præstegjelds Hovedkirke den 18de Martii 1814.
underdanigst
P. Pavels Sognepræst
Abraham. Jons: Henden,
Rasmus Hansen Lothe
Eylef Eylefs: Ronklef,
Peder Ols: Mardal
Christen Johans Østrem
Abraham Jetmunds: Houge
Knud Thorsen Fløttre
Peder Reynholds: Eyde
Marcus Olsen Tystad
Lars Olsen Kandal
Jens Jespersen Egge
Absalon Jonsen Stensager.

Dei som skreiv under

Det ser ut til at alle så nær som presten var bønder. Det gjev i så fall ein bondedel på 92%, langt over snittet elles for amtet som låg på 75%. Dei to valmennene skreiv ikkje under.

Generelt er det lite me veit om vanlege folk sine oppfatningar og haldningar til dei hendingane som skjedde i mirakelåret 1814. Frå Nordfjord finst det derimot ei fråsegn, ført i pennen av sokneprest Frimann i Davik, som fortel om korleis oppslutnaden om bededagen var. I eit brev til biskop Brun i Bergen kjem han inn på at det i Gloppen og Innvik mest var ingen som ville avlegge eiden:

Bededagen, den 11. Martii, blev i min Kirke holdt med største Høitidelighed og Orden; - i Eids og Sellø Kirker ligesaa; derimod i Indvigs og Gloppens Kirker, da Eeden skulde giøres meget slet. Faa eller ingen vilde giøre Eeden der; skammeligt og harmeligt at saadanne haardhalste gaar igjennem med sligt. Jeg frygter meget for Bondens Selvraadighed herefter

Historikaren Knut Mykland understrekar at misnøya som kom til overflata i Gloppen og Innvik høyrde til unnataka.

Valmennene

Jetmund Larson Rygg
Per Sandal skriv dette om Jetmund i Soga om Gloppen og Breim: «Jetmund Larsson Dale, d. 85 år g. 1840. Jetmund kom frå Markane i Nedstryn, 5/4, der skogen og skjering av tømmer har gjeve velstand. Segna skal ha det til at då Jetmund kom til Rygg for å kjøpa gard, hadde han skinnprins på Ryggen med niste og pengar i. Så hadde han ein askestav med ein solid jarnstav i handa.» Jetmund fekk i 1789 skøyte på bruk nummer 2 under Rygg. Han var gift med Barbro Knudsdotter Maurset.

Steffen Thorson Bjørkelo
Steffen vart fødd i 1779, og døydde i 1835. Han var gift to gonger. Fyrste kona var Kristi Olsdotter Bergheim. I 1818 gifta han seg på ny med Marte Pedersdotter Felde. Han fekk skøytet på bruket Framigard under Bjørkelo i 1799, og dreiv det fram til 1827.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

• Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
• Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
• Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

Val til omframt Storting

Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde opphavleg vedteke at det fyrste «ordentlige Storting» skulle haldast i februar 1815. Men etter det militære nederlaget mot Sverige vart det underteikna ein fredsavtale, Mossekonvensjonen, som sa at eit storting skulle haldast i september eller oktober 1814 for å tilpasse grunnlova til ein union med Sverige.

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Desse representantane kom inn frå Sogn og Fjordane:

• Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
• Nils Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn
• Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
• Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

kjelder:

Digitalarkivet: Folketeljinga 1801

Statsarkivet i Bergen: Bjørgvin biskop, K/S 1814

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Bind I-V.
Aaraas, Margrethe Henden [et al]: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Nordfjord og Sunnfjord. Førde : Selja forl., 2000
Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane – grenseendringar gjennom tidene. I: Kjelda nr. 3 2002, s. 26-46