Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. mars 2013

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Båtstoppestaden Innvik og dampskipsekspeditør Olaf Bennæs



INDVIKEN stod det i mange år med store bokstavar på kaibygningen i Innvik. Huset vart bygt tidleg på 1900-talet, og var i bruk som dampskipsekspedisjon for Fylkesbaatane til 1986 då det var slutt på regelfaste anløp. Alle stoppestadene i Fylkesbaatane sitt rutenett hadde ekspeditør. Olaf Bennæs (1910-2006) var dampskipsekspeditør i Innvik over 40 år, frå 1942 til 1986.

«INDVIKEN». Båtstoppestaden i Innvik med steinbryggje og ekspedisjonsbygning oppsett 1909-1910. I bakgrunnen Innvik Ullvarefabrikk.

«INDVIKEN». Båtstoppestaden i Innvik med steinbryggje og ekspedisjonsbygning oppsett 1909-1910. I bakgrunnen Innvik Ullvarefabrikk.

Eigar: Rasmus Langeseth Vik

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Om Innvik i boka Dampen og kaia

Boka Dampen og kaia (1998) handlar om rutebåt-stoppestadene i Sogn og Fjordane i perioden 1858-1998. Forfattaren Finn B. Førsund fortel kort om 234 stoppestader. Om Innvik står det at Innvik hadde stoppestad i 1882 og at Anders Drageset «truleg» var den første dampskipsekspeditøren. Han hadde bryggje i 1894. Etter han kom Erling Skåden. Han bygde steinbryggje «ei tid etter 1900.». Olaf Bennæs var ds-ekspeditør i 40 år. Det var mykje varer til og frå Innvik Ullvarefabrikk i hans tid. Vi høyrer også at Olaf Bennæs spelte trekkspel, og det hende at ekspeditøren tok imot båtar for full musikk.

Fylkesbaatane og Innvik Ullvarefabrikk

Både steinbryggja i Innvik og den store okergule bygningen på kaia er i 2013 minne om regelfast båtferdsle og tekstilindustri. Indvikens Uldvarefabrik (seinare Innvik Ullvarefabrikk) stod ferdig i 1890 og voks raskt til den største i sitt slag i fylket. Fabrikken hadde trong for god kai med lagerplass for varer som kom til fabrikken og ferdige varer som skulle sendast. Bygningen er spesiell på den måten at det er passasje tvers gjennom huset. Over opningen var det laga innretning til for å heisa varer opp og ned frå to store lagerrom i andre høgda.

Framsyning på «budalemmen»

Kaibygningen stod ferdig i 1910. Same året vart det store loftet nytta til noko heilt anna enn lagerplass. Innvik ungdomslag hadde framsyning av eit skodespel. Det står om arrangementet i møteboka til laget:

«Sundagskvelden den 23. april [1910] spela nokre ungdomar spelstykket «Ein besettelse» av Sigurd Nesse. Der var tillaga tile [scene] på ekspedisjonsbudalemmen. Inngongspengar 35 øre for vaksne og 15 øre for born. Nettoinnkoma vart kr. 35,00 som gjekk til byggefondet.»

«han kan dykk rettleia»

«Dampen og kaia» nemner litt om ekspeditør Olaf Bennæs. Rune Vanberg, fødd 1952 i Innvik, busett i Stryn, har meir å fortelja: «Olaf Bennæs hadde kontor i ekspedisjonsbygningen. Det «Benesen» ikkje visste om takstar, rutetider, båtar og liknande, var ikkje verd å vite. Han hadde eit uvanleg godt minne, og var eit oppkome av historier.» Ein gong annonserte han for dampskipsekspeditøren i ei lokalavis:

Er du i tvil om leia
- spør tjukken på kaia
han kan dykk rettleia
om heile greia.

«lære litt om Fylkesbaatane»

Kan henda ds-ekspeditør Olaf Bennæs er åleine om å ha teke del i eit undervisningsprosjekt der Fylkesbaatane var emne. Lærar Magne Dragesæt fortel om prosjektet i ein artikkel om Olaf Bennæs som spelemann i årsskrift for Stryn historielag 2011:

«Ein gong fann vi på i norsk-klassen min på Stryn ungdomsskule at vi skulle lære litt om Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Det vart eit prosjektarbeid før prosjektarbeid hadde vorte populært i skulen. Og kven var det då naturleg å venda seg til som gjesteførelesar? Jau, Olaf Bennæs, han som hadde vore ekspeditør på bryggja i Innvik i ein mannsalder.

FSF-genser og rederiflagg

Ja, han var godt kjend av mannskapet på båtane som gjekk her i fjorden. Dei fleste kjende den slagferdige ekspeditøren på kaia i Innvik. Difor fekk han av og til ei gåve frå selskapet, ein blå genser med FSF i raude bokstavar på brystet og ei skipperhue med det kjende rederiflagget over «skyggjen». Når desse plagga etter kvart vart utslitne, fekk han nye.

Kort fortalt: Benesen kom på skulen og la levande ut om fylkesbåtane, korleis det var om bord i dei gamle dampane, med lasterom og bysse og 1. plass og 2. plass og mannskapslugarar  (…) og at ein kunne stå oppe på dekk og sjå ned i maskinrommet der stempelstengene på dampmaskina gjekk taktfast opp og ned. Elevane følgde godt med (…).

Gratis tur med «Nordfjord 1»

Som avslutning av «prosjektet» fekk Benesen lage det slik at elevane fekk ein gratis tur frå Stryn til Nordfjordeid med «Nordfjord 1» [1963-1991], og busstur attende til Stryn. Båten gjekk utover fjorden, og var innom Moelven bruk i Utvik, og opp under kaia på Hopland, på turen ut fjorden.

Det var på vårparten med fint ver, og elevane fekk sjå litt av kvart som dei ikkje hadde sett før. Til dømes at det frå Hoplandskaia vart heisa om bord ein hest. Elevane fekk sjå at hesten vart heisa opp og hekk i selen med strake bein før han forsvann ned i lasterommet.

Benesen hadde sjølsagt trekkspel med på turen, og då vi runda Hildaneset, spelte han opp til dans, og elevane dansa på dekk medan båten gjekk utover forbi Blakset og Innvik. Det var nokre engelske turistar om bord, og dei var svært oppglødde. Dei fotograferte mykje, og dei ville gjerne snakke med ungdomen som viste slik danseglede.».

kjelder:

Førsund, Finn B: Dampen og kaia. Båtstoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja forlag 1998.
Dragesæt, Magne: Spelemannen Olaf Bennæs. I Årsskrift for Stryn Historielag. 2011.
Rune Vanberg, fødd 1951, Stryn: munnleg informasjon.