Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Stryn kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Stryn kommune.

Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare hovudvegen mellom Bergen og Trondheim, der det var båtsamband mellom Faleide og Utvik.

Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare hovudvegen mellom Bergen og Trondheim, der det var båtsamband mellom Faleide og Utvik.

Stryn kommune i 1905
Det som i dag er Stryn kommune besto i 1905 av kommunane Innvik og Stryn. Innvik kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Utvik, Innvik og Olden. Stryn kommune omfatta kyrkjesokna Loen, Nedstryn og Oppstryn.

I 1900 var folketalet i Stryn kommune 2 494 og i Innvik kommune 3 050 innbyggjarar. Jordbruk var den viktigaste næringa. I 1905 var også turisme vorte ei viktig næring for kommunane, med hotelldrift og skyssteneste som sentrale næringsvegar. Det var fire postopneri i Stryn kommune (Stryn, Loen, Opstryn og Lodalen) og 7 i Innvik (Utvik, Hopland, Innvik, Faleidet, Blaksæter, Oldøren og Øvre Olden). Fylkesbaatane hadde stoppestad i Tisthammer, Utvik, Innvik, Blaksæter, Faleidet, Olden, Loen og Stryn. Båe kommunane hadde bank (Indvikens sparebank og Stryn sparebank). I Innvik kommune låg Indvikens uldvarefabrikk, Indvikens benmølle og Olden meieri. Det var telefonstasjon i Utvik, Olden, Innvik, Hopland og på Faleidet. I Stryn kommune hadde dei hatt telefon sidan 1893.

Det var ikkje utbygde vegar mellom dei ulike bygdene i dei to kommunane, og transporten føregjekk i hovudsak på sjøen. Hovudvegen mellom Bergen og Trondheim gjekk gjennom Innvik kommune. Vegen kom over Utviksfjellet og ned til Utvik der det var sjøtransport over til Faleidet der vegen gjekk vidare nordover. I 1905 vart det gjort viktige vedtak om vegutbyggingar, mellom anna Utviksfjellet, Faleide - Røberg - Blaksæter og Innvik - Olden.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga
Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk - engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Ei anna viktig sak var helsestellet.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. I Stryn kommune fekk dei i 1905 to nye dampskip, eit på Loenvatnet og eit på Oppstrynvatnet. Gjennom to artiklar i Fjordenes blad kan vi sjå at også turisme var ei viktig sak for kommunen. Om den nye båten på Loenvatnet stod det 22. februar at "Skibet skal være færdig til Fart paa Loenvandet i de første Dage af Juni, da Turisttrafikken begynder". Denne båten var ein erstatning for den som vart øydelagt av flodbølgja 15. januar. Om den nye dampbåten på Oppstrynvatnet stod det 6. september at "Naar hotelmenn og skjussmenn legg tusenvis av kroner til ein ny baat her, so syner dette, at dei maa ha større vinning av "turisttrafikken", enn me andre trur". På Oppstrynvatnet vart det no to båtar som konkurrerte med kvarandre.

Ei av dei store sakene som opptok folk i Stryn i 1905 var Lodalsulukka 15. januar 1905. 18. januar kunne Fjordenes Blad fortelje om ei "fryktelig ulykke i Loen. 59 mennesker omkomne. Gaardene nedre Bødal og ytre Næsdal bortskyllede". Lodalsulukka rysta heile landet og det vart engasjert ein innsamlingsaksjon til dei etterlatte etter ulukka.

Målsaka opptok stryningane. Det kan vi sjå frå aktiviteten i mellom anna ungdomslaga. Eit mållag for Uppstryn vart skipa i mars 1905 etter eit møte i Uppstryn ungdomslag der Elias Melvær tala om Elias Blix.

Nokre nøkkelpersonar
Det var kommuneval i 1904, og i Innvik vart Rasmus Sindre vald til ordførar, i Stryn vart Sigmund K. Aarnes vald. Oscar Schjøtt Revers var sokneprest i Innvik og Johan Norberg Bolstad sokneprest i Stryn. A. Lund var lensmann både for Stryn og Innvik.

Båe ordførarane var aktive i fridomsrørsla. Om Sindre står det i bygdeboka (side 207) at han "uredd (..) var med i dei politiske folkemøta i bygdene.."
Aarnes er omtala (side 216) som ".. ein velrøynd, dugande og djerv mann og vart snart den førande mann i bygd og fylke".
Lensmann A. Lund fekk i 1905 "borgerdaadsmedalje i sølv". Ved tildelinga under amtstinget sa amtmann Utheim at "De har ladet komme tilsyne, at bag lovens strenghed er der en varm medfølelse. Deres virksomhet har været et smukt og lysende exempel paa, hvor langt man kan komme med lempe og lagelighet. De har været en mønster paa en offentlig tjenestemand af den gamle skole i dette ords allerbedste betydning. (..) Derfor kan man ogsaa med sandhed sige, at den medalje for borgerdaad, som indstiftedes for 86 aar siden og meget sjelden uddeles, med rette tilkommer Dem." A. Lund hadde vore lensmann i Stryn og Innvik sidan 1876.

Ein av stortingsrepresentantane frå fylket i 1905 var frå Innvik. Fjordenes Blad skriv 9. august om då stortingsmann Taraldset kom heim til Innvik 4. august 1905: " I den anledning var hans hjembygd flagsmykket (..) Han [sokneprest Revers] vilde udtale en tak til ham som medlem af det norske storting for dettes trofaste og kraftige arbeide til værn om fædrelandets ret, ære og værdighed." Taraldset var i 1905 medlem av spesialkomiteen som førebudde konsulatlova. Taraldset fekk borgardådsmedaljen for langt og dugande arbeid for herad og fylke, 7. juni-medaljen og Haakon VIIs jubileumsmedalje.

Lag og organisasjonar
I Stryn og Innvik kommunar var det i 1905 13 ungdomslag og 9 skyttarlag. Elles var det fleire kvinneforeiningar, idrettslag og søndagsskule. Både ungdomslag og skyttarlag kan ha vore aktive og engasjerte i unionsoppløysinga. Faleide ungdomsforeining vart skipa i 1892-1893 av Hans Christian Brodtkorb som var rekna som ein meister frå talarstolen. Føredraga hans var mellom anna om darwinisme, målsak og unionsstrid.

I eit referat frå eit møte i Oppstryn ungdomslag, Fjordenes Blad, 11. november 1905, kan vi sjå korleis unionssaka opptok folket og kva slag rolle folket spelte i prosessen. " Først naar folket vart so norsk, at det ikkje tolde eit frammand maal her i landet, men brukte sitt eige baade i skrift og tale - fyrst daa var det tale um, at me kunne vinna fram til full fridom og heilt sjølvstende. Der hadde me unge ei stor uppgaava: Reisa det norske maal, auka fedrelandskjærleiken hjaa folket, saa ei kristeleg nasjonalaand utbreidt yver heile landet.."

17. mai 1905
Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905.
I Innvik kommune var symbolikken kring 17. mai og unionsstriden tydeleg. Frå både Innvik og Utvik vart det arrangert tog som møttes omtrent midt mellom dei to bygdene. Her vart det halde tale for dagen og for fedrelandet. I referatet sitt frå feiringa skriv Fjordenes Blad at "derefter opløstes "unionen", og vi togede tilbage til hver vor bygd.."

Også i Olden var dei den 17. mai opptekne av unionen. I Olden var det lærar A. Løken som hadde tale for dagen. Etter hans forslag vart det sendt telegram til Stortinget ".. hvori udtales tilslutning til, hvad der er gjort i konsulatspørgsmaalet, samt henstilling om at hævde Norges ret og ære, hvad der end maatte ske."

7. juni 1905
7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre
Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Både Stryn og Innvik valsokner var identiske med dei dåverande kommunane. Innvik valstyre var samansett av: lensmann A. Lund (formann), ordførar R. Sindre (fungerte som formann under folkerøystingane då lensmann Lund deltok i folkerøystingane i Stryn kommune), Anders A. Dragesæter, Vilhelm A. Bergset, Nils P. Møklebust, Salomon O. Løken og Peder Solheim. Stryn valstyre var samansett av: lensmann A. Lund (formann), ordfører S. K. Aarnes, Rasmus L. Skaare, Peder L. Sunde, Jens R. Sætre og Hans S. Haugen. (For folkerøystinga for august møtte Rasmus J. Sæten d.y. som varamann for Hans S. Haugen.)

I folkerøystinga i august var det for Innvik valsokn 2 røystestader:
a) i Innvik kyrkje og b) i Olden kyrkje. Oppteljinga føregjekk samla i Innvik.
I folkerøystinga i november var det for Innvik valsokn 3 røystestader:
a) i Olden kyrkje, b) i Utvik kyrkje og c) på Faleide. Oppteljinga føregjekk samla på Faleide.

I begge folkerøystingane var det for Stryn valsokn 3 røystestader:
a) i Oppstryn kykje, b) i Nedstryn kyrkje og c) i Loen kyrkje. Oppteljinga føregjekk samla i kommunelokalet på Tonning.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga
Resultatet i Innvik valsokn: Av 640 som hadde røysterett, røysta 625 (97,65%). Alle røysta ja. Resultatet i Stryn valsokn: Av 515 som hadde røysterett, røysta 482 (93,59%) Alle røysta ja. I Sogn og Fjordane fylke var frammøteprosenten på 88,7 og berre tre røysta nei. Det var berre Vik kommune her i fylket som hadde høgare valdeltaking enn Innvik kommune.

Fjordenes Blad kunne fortelje om stemninga under folkerøystinga. I referat frå Innvik kyrkje 16. august stod der at ".. sogneprest Revers talte varmt og gribende for fædrelandet og manede i kraftige ord vælgerne til ved sit ja at slaa ring om fædrelandet. Det var under dette afsnitt af prædiken neppe et tørt øie i kirken." 24. august kunne ein lese om røystinga i Oppstryn kyrkje. Dagen var "en sand festdag (..) alle flag [var] i top fra morgen til kvæld. (..) De unge stemmeberettigede, som før ikke var indførte i mandtallet, ilede afsted for at faa dette ordnet i lovlig tid. Ja endog gamle hvidhaarede mænd, som maatte benytte sine to krykker og som under andre omstændigheder vist havde foretrukket at være hjemme i ro og fred, reiste paa valgdagen til valgstedet for at lægge sit "ene" ord med i Norges store sag. (..) Efter gudstjenesten talte Fosnes [presten] fra kordøren klart og greit om, hvad fædrelandet nu krævede af en og hver. Og det viste sig ogsaa, at hans ord rammede, da mange sad med taarer i øinene."

Det var viktig å få folk fram til valurnene, og den høge valdeltakinga kan vere eit resultat av at transporten var særs godt organisert. I referatet frå Innvik formannskap den 28. oktober 1905 står det at "i anledning "Lærdals" extrature paa herredets fjorde søndag den 13de August d.å. anmodes ordføreren enstemmig at udtale for dampskibs-direktionen herredets ærbødige tak for den af direktionen udviste velvilje og for det store ekstraarbeide og den velvilje, som særlig "Lærdal"s styremand og øvrige mandskab udviste nævne dag."

Privat kvinneunderskriftsaksjon
Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Fjordenes Blad tok fleire gonger opp kvinneunderskriftsaksjonen. Avisa støtta aksjonen og oppfordra kvinnene til å delta, og til å legge ut lister i alle bygdene.

Karlstadforhandlingane
I den svenske byen Karlstad starta 31. august 1905, forhandlingar om å avskaffe Riksakten, unionstraktaten som regulerte forholdet mellom Norge og Sverige. Eit av krava frå Sverige var ei demilitarisert sone langs grensa. Det ville innebere at grensefestningar innanfor denne sona skulle rivast.

Kravet om å rive grensefestningane skapte strid, og opptok det norske folk. Fjordenes Blad refererte 12. august til at Bjørnstjerne Bjørnson meinte at ".. Sveriges krav om grænsefæstningernes sløifning er voldsomt". Same dag kunne avisa referere til amtmann Utheim sitt syn på saka: " .. er det nogen her som vil være med paa et saa ydmygende vilkaar.." I Stryn delte dei tydeligvis synet åt Bjørnson og Utheim og samla seg til eit folkemøte på Tonning. Det resulterte i eit telegram sendt til Stortinget. Det sa:
"80 indvånere af Stryns herred forsamlede paa Tonning fremsender storthinget bestemteste protest mod grændsefæstningernes sløifing uden garanti for fredens opretholdelse og ærbødigste forlangende om ny rigsforsamling før folhandlingsresultat og forfatningsspørgsmålet afgjøres."

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk
Resultatet av folkerøystinga i november for Innvik valsokn: Av 642 med røysterett, røysta 516 (80,37%). 14 røyster vart forkasta. 402 røysta ja (for kongedømme), 100 røysta nei (for republikk).
Resultatet av folkerøystinga i november for Stryn valsokn: Av 518 med røysterett, røysta 411 (79,34%). Ingen røyster vart forkasta. 218 røysta ja (for kongedømme), 193 røysta nei (for republikk).

Stryn kommune var den kommunen i fylket med lågast oppslutnad om kongedømet med berre 53 %. I Innvik var oppslutnaden om kongedøme høgare med 80,1 %.

Den nye kongefamilien
Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. Formanskapet i Innvik kommune sendte helsingstelegram til det nye kongeparet. Fjordenes Blad kunne også fortelje at "Kongen har svaret med takketelegram".

Nasjonal takkedag 7. desember
Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Mange stader skipa dei også til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905.
I Nedstryn kyrkje heldt dei takkegudsteneste 7. desember. Vi veit ikkje noko nærare om innhaldet i gudstenesta, men etter Kyrkjedepartementet sitt rundskriv skulle dagens tekst vera Salmane 118, vers 23-26 og det vart rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme.

kjelder:

Avisa Fjordens Blad.
Avisa Nordfjord.
Avisa Søndfjords Avis.
Avisa Nordfjord.
Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda. Nr. 3 2002.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Stryn kommune. 1993.
Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901.
Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn. Sandane 1973.
Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.
Innvik kommune formannskapet, møtebok 1897-1906.

PERMANENT IDENTIFIKATOR