Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. april 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kyrkjegarden i Ervik



"Mange bleiv og får aldri kvile i vigsla jord. Og havet er utrøytteleg (..) ingen veit kven som vil falle havet i vald. Men like ved det frådande storhavet ligg gravstaden i Ervik og gøymer sine avlidne som i protest mot havbåra som bryt oppetter i vest." (Dagfred Berstad)

Kyrkjegarden i Ervik har fleire gamle jernkors enn nokon annan kyrkjegard i fylket.  Kyrkjegarden er eit tidlaust symbol på Olav Trygvasons kristning, seier Vera Henriksen i boka <i>Selja og Stad.</i>

Kyrkjegarden i Ervik har fleire gamle jernkors enn nokon annan kyrkjegard i fylket. Kyrkjegarden er eit tidlaust symbol på Olav Trygvasons kristning, seier Vera Henriksen i boka Selja og Stad.

Eigar: I Selja og Stad, legender, saga og historie. Sogn og Fjordane Forlag.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Johan Brun.

Eldgamal gravstad

Ingen veit nøyaktig kor gamal gravstaden i Ervik er. Prost Wilhelm Frimann Koren (1801-1891) skal ha funne ut at kyrkjegarden vart vigsla kring 1550, men gravstaden hadde vore i bruk lenge før. I kallsboka for Selje prestegjeld står i år 1754 oppskrive:

I Ervigen på Stadlandet er en for lang Tiid siden indviet Kirkegaard, hvori Indbyggerne paa de yderste Gaarder av Stadt begrave deris døde, ettersom de ikke beqvemmelig kand bringe samme til Selløe Kirkegaard.

Gravfesting

I same innførsla står at presten kvart år reiste ut til Ervik etter jul og heldt julepreik. Samstundes ordna han med jordfesting av dei gravene som var komne til sidan han sist var på vitjing. Seinare vart denne preika lagt til jonsoktid. Frå gravfesting ein gong i året, vart det med tida fleire gravfestingar årleg, fram til vår tid med prest tilstades ved kvar gravferd.

Flógsand

Gravstaden har opp gjennom århundra endra seg ved at flógsand har lagt seg opp mellom gravene og gjort at det har bygd seg opp ein høg haug. Det har aldri vore nødvendig å fylla på jord. Gravene finst somme stader i minst tre høgder. Då dei i 1945 grov ei stor fellesgrav for russiske krigsfangar, kom dei ned på gamle kister som var sette ned minst 100 år før.

Klokke og klokketårn

I 1906 vart kyrkjegarden utvida og inngjerda. To år seinare vart det bygd klokketårn utstyrt med ei klokke frå Leikanger kyrkje. Denne klokka hadde opphavleg vore i den gamle Bø kyrkje. I førstninga av av 1920-åra vart klokketårnet erstatta med tårn i betong.
Då Ervik kyrkje (også kjent som Ervik minnekapell) stod ferdig i 1970, var det ikkje lenger bruk for klokka i tårnet på kyrkjegarden. Og i 2005 vart rommet i bygningen gjort om frå oppbevaringsstad for ymse reiskapar til minnerom om dei 21 russiske krigsfangane som låg gravlagde her frå 1945 til 1953 då dei vart flytta til ein kyrkjegard i Laksevåg i Bergen.

Mange gravminne

Dei mange og varierte gravminna på gravstaden ved havet vitnar om gravlegging frå farne tider. I kyrkjelydsbladet for Selje avsluttar Dagfred Berstad ein artikkel med desse orda:

Dei gamle namn er gløymde. Folket tok sin visdom, livssoge og lagnad med i grava, men vi veit at her ligg forfedrane våre, menn som sleit ved årane og kvinner som stirde utover havet, heldt maten varm i angstfull von, tagde og fann seg i lagnaden. Dei kjempa for tilværet, då som no, mot dei utøymelege naturkreftene.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Side.385. 1957.
Berstad, Dagfred: Gravstaden ved havet. I Kyrkjelydblad. Nr. 5, juli. 1973.
Henriksen, Vera: Selja og Stad, legender, saga og historie. 1992.
Djupedal, Reidar: Selja i tusen år. Eit minneskrift om kloster og kyrkjer. 1966.

PERMANENT IDENTIFIKATOR