Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mars 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Arbeidarane på Gaularfjellsvegen organiserer seg



Vegarbeidarane følte tidleg at det var trong for å organisera seg. Arbeidstilhøva var lite regulerte i høve til dagens forhold, og fleire gonger var det konfliktar mellom arbeidarane og vegkontoret på Hermansverk.

Syningen Johannes Handal, truleg frå Hyllestad, og hjelpesyning Lars Teigen set opp høgdestikker. Lars Teigen var leiar for Balestrand Vegarbeidarlag heilt fram til 1940.

Syningen Johannes Handal, truleg frå Hyllestad, og hjelpesyning Lars Teigen set opp høgdestikker. Lars Teigen var leiar for Balestrand Vegarbeidarlag heilt fram til 1940.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1936-1938.

Fotograf: Ukjend.

Balestrand Vegarbeidarlag

Balestrand Vegarbeidarlag vart skipa 27. januar 1937 med 44 medlemmer. Medlemmene var dei som arbeidde på Gaularfjellsvegen på Balestrandsida. Ved årsskiftet var 101 med i laget. Lars Teigen frå Balestrand vart valt til leiar. Olav Skrenes vart kassastyrar, Olav Dalen sekretær, og nestleiar var Anfin Lægreid. Alt i april det same året vart Magnus Lunde sekretær i staden for Dalen, som reiste. Laget melde seg inn i Norsk Arbeidsmannsforbund. Medlemspengane var 90 øre veka dei vekene dei var i arbeid.

Sakene dei tok opp var løns- og arbeidstilhøve. Dei var særleg opptekne av å få lønningane opp på same nivå som jernbanearbeidarane. Arbeidarane i Sogn og Fjordane fekk under lønsforhandlingane i 1937 berre eit tillegg på 6 øre timen, medan tillegget i andre fylke var på 10 øre timen. Balestrand Vegarbeidarlag fungerte og som eit velferdslag for arbeidarane. Dei samla inn 65 kroner til ein av arbeidskameratane som var skadd. Summen utgjorde 65 timeløner. Men og andre saker sto på dagsorden til det nyskipa laget. Mellom anna tok dei opp om Balestrand ikkje burde få eit samvirkelag.

Transportkonfliktar

Vegarbeidet var stort sett gjort med handemakt, med unnatak av gruskøyringa. Vegvesenet stilte ikkje med bilar til transport, men uttrykte at dersom nokon ville skipa eit selskap som kunne stå for innkjøp av bilane, ville vegkontoret leige desse. Bygdefolket i Balestrand teikna difor luter, og det vart skipa eit lutlag. Kvar lut var på 100 kroner, men det var langt frå nok pengar og laget måtte ta opp lån. Balestrand Billag vart skipa i 1936, og det vart kjøpt inn to bilar av merket "Studebaker".

Bilane vart også nytta for å køyra arbeidarane til og frå arbeidet. Men transporten av arbeidarane utvikla seg til ein konflikt mellom vegetaten og Balestrand Vegarbeidarlag. Det var uråd å få med alle arbeidarene på to lastebilar. Bilane køyrde difor to turar med den følgje at det vart ulike start- og avslutningstider på arbeidarane. Laget freista å ta opp spørsmålet om å få endå ein bil, men overingeniør Torp på vegkontoret tykte transportordninga fungerte bra nok.

Då ein av sjåførane vart sagt opp, engasjerte laget seg sterkt. No vart konflikten løyst ved at han fekk arbeid på vegen. Laget var og i konflikt med Balestrand Billag då sjåførane var underbetalte i høve til tariffen, og arbeidde i mange fleire timar enn lovleg var.

Streik på Gaularsida

På Gaularsida gjekk arbeidarane til streik i 1937. Krava var å få høgfjellstillegg, brakke på fjellet til å opphalda seg når dei hadde matpausar, og betaling for ein halv time av reisetida som var ein time. Vegkontoret var lite imøtekommande. Å innfri krava ville få følgjer for andre anlegg. Berre det siste kravet vart innfridd, men istaden for brakke fekk kvart arbeidslag to bølgjeblekkplater som dei kunne setja opp som skjul når dei hadde matpause.

Arbeidarane på Gaularsida oppmoda Balestrand Vegarbeidarlag om også å ta opp desse sakene. Kravet om høgfjellstillegg vart igjen avvist av vegetaten med grunngjevinga at dei ikkje budde på fjellet. Men laget heldt på sitt, og kravet vart sendt til Vegdirektøren. Laget trua med arbeidsretten dersom ikkje Vegdirektøren ville godta kravet. Høgfjellskravet vart innvilga i 1939. I styreprotokollen til Balestrand Vegarbeidarlag kan ein lesa: "Dette er eit godt døme på kor naudsynt det er å stå fagleg samla."

Kamp for nytt arbeid

Vegarbeidarane på Gaularfjellsvegen hadde berre arbeid i delar av året, difor var det viktig å sikra at dei fekk arbeid på andre veganlegg i kommunen. Alt i 1937 sende laget eit skriv til vegkontoret om at alle medlemmer av laget måtte få arbeid på det påtenkte vegarbeidet til vinteren; Tjugum-Farnes. Dei valde ein komite som skulle forhandla med kommunen når tida var inne. Lars Teigen, Peder N. Langeteig og Hans O. Bale var mellom desse.

Den 21. februar vart det sett i gang kommunalt vegarbeid som varte til ut i mai. Om lag halvparten av kommunen sine organiserte vegarbeidarar fekk arbeid, saman med 20 andre. Av desse organiserte berre to seg. Av di så mange av medlemmene i Balestrand Vegarbeidarlag ikkje fekk vera med på vegarbeidet føreslo Georg Meel og Tyger Mundal at ein måtte sjå å få inn to lag til. Då det var vanskeleg for ein smed å klara alt smedarbeidet, sette dei fram krav om to smedar. Då ville det høve med to akkordlag til. Korleis denne saka gjekk seier møteboka ikkje meir om.

1. mai-feiring i 1937

Markering av 1. mai var ikkje vanleg i Balestrand. Styret i vegarbeidarlaget vedtok i 1937 at dei ville feira 1. mai med tale, tog og fest. Klokka sju om morgonen 1. mai vakna vetlefjordingane til ein kraftig salutt av Anton Holseter og Olav Nummedal. Talen måtte sløyfast då ingen talar kunne komma så tidleg på dagen. Om ettermiddagen var det tog frå Mel til Ulvestad.

Festen, som vart halden i ungdomshuset i Balestrand om kvelden, gjekk derimot etter programmet, med tale av Sigurd Opthun frå Leikanger, mat og hyggeleg samver. Talen hadde mellom anna innslag om tilhøva i Spania. Seinare selde dei også merke for Spaniahjelpen. Året etter gjekk det første 1.mai-toget gjennom Holmen. Det gjekk frå dampskipskaia til Balahaugen, der telegrafbestyrar Paulsen frå Lærdal heldt tale for dagen. På festen om kvelden viste dei filmen "Luftens helter".

kjelder:

Olav L. Ulvestad; Gaularfjellsvegen. Soga om korleis vegen vart ein realitet 1936-38, Balestrand 1998.
Møtebok for Balestrand Vegarbeidarlag 27/1-1937 til 28/7-1946.

PERMANENT IDENTIFIKATOR