Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Øn gravstad



Gravplassen ligg på garden Øn, som har gitt soknet namn. Tidlegare kyrkjer i soknet har stått på same tufta som gravkapellet no står. Sjå elles under Øn kyrkje.

Øn kapell og kyrkjegard. Utvida gravplass vigsla i 1999, med ny kyrkjegardsmur. Kapellet vart bygt i 1965, på tufta til kyrkja som brann i 1940.

Øn kapell og kyrkjegard. Utvida gravplass vigsla i 1999, med ny kyrkjegardsmur. Kapellet vart bygt i 1965, på tufta til kyrkja som brann i 1940.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Gammal og ny gravstad

Kring den gamle gravplassen har det frå gammalt av stått ein steinmur, som vi ikkje kjenner alderen til. Øn kyrkje er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men gravplassen kan ha vore i bruk i lang tid før. Kva tid den første kyrkjegardsmuren vart murt opp, kjenner vi ikkje til. Den førre utvidinga av muren, før den siste i 1999, vart gjort noko etter 1900. Foto av kyrkja frå den tida syner ein steinmur rund kyrkjegarden. Elles ser det ut til at muren før den tid har blitt bygd klattvis.
I 1999 vart gravplassen utvida, med ny mur som vart bygd saman med den gamle. Det vart sett opp drygt 100 meter dobbel mur, med singel som fyll. Muren er ein meter høg, ein meter brei nede og 80 cm brei oppe. Øvst er den nye muren dekt med fine heller. Steinen er skifer frå Jondal i Hardanger. Det gjekk med kring 200 tonn stein. Ein del av den gamle muren mellom gammal og ny kyrkjegard vart riven, slik at heile kyrkjegarden har fått ein heilskap.

Kapellet

Kapelet vart vigsla i 1965. Det vart reist på den gamle kyrkjetufta, der det har stått kyrkje sidan middelalderen. Den siste kyrkja som stod der brann ned den 24. november 1940, etter eit lynnedslag. Kyrkja med alt inventar strauk med. Også ein del av gravsteinane nær kyrkja vart øydelagde. Ny kyrkje vart reist på Sørbøvåg i 1958.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Arkivmateriale vedk. Øn kyrkjegard.
Henden Aaraas, Margrethe m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, 2. Sogn. Selja Forlag 2000.
Aaberg, Th.: Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid. Utgitt av helselaga i Hyllestad 1929.

PERMANENT IDENTIFIKATOR