Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 14. mai 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Fylkesbaatane



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om Nordre Bergenhus Amts dampskibe (Fylkesbaatane) og 1905. Christian Michelsen var direktør i åra 1896-1903, og amtsskipa frakta veljarane gratis til røystestadene 13. august 1905.

D/S Hornelen frakta veljarar gratis frå Grøytøyra til Askvoll i 1905, men fekk etterpå ikkje berre rosande omtale for ekstraturen. Skipet var til vanleg svartmåla, men er her heilt 'kvit til ære' for sommar-turistane.

D/S Hornelen frakta veljarar gratis frå Grøytøyra til Askvoll i 1905, men fekk etterpå ikkje berre rosande omtale for ekstraturen. Skipet var til vanleg svartmåla, men er her heilt 'kvit til ære' for sommar-turistane.

Eigar: I Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Nytt skip hausten 1904

Ved årsskiftet 1904/1905 hadde Fylkesbaatane 11 skip. Den siste tilveksten var D/S "Stavenes" som vart sett i fart hausten 1904. Fok lét vel, ikkje minst over at båten var bygd som betre isbrytar enn dei andre.

Hjelpesmann på kontoret i 25 år

Ein dag i mai 1905 heiste alle amtsdampskipa på Bergen hamn flagga sine. Det var til heider for O. J. Ervik, næraste hjelpesmannen til direktør Holm. Ervik hadde vore ved dampskipskontoret i 25 år. Sogns Tidende skreiv om hendinga, og "sende" si helsing: "Til lukke med dei 25 mil og mange fleire."

Ein betre kjend mann var nyleg "avmønstra"

Ove Holm byrja som administrerande direktør i styret til Fylkesbaatane i 1903. Han hadde óg lang røynsle frå kontoret. Som kontorsjef frå 1895 var han "høgrehanda" til mannen som var direktør i åra 1896-1903, Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen.

Med Christian Michelsen som direktør vart Fylkesbaatane "tilførd ei ny kraft" som fekk mykje å seia for den tida som kom. Slik står det i Fylkesbaatane si jubileumsbok ved hundreårsjubileet i 1958. Han var snartenkt og logisk i alle sine tiltak, forstod å rydja vekk alt utanomsnakk og nå fram til kjernen i ei sak. Han var ikkje redd for å seia si meining, og heller ikkje redd for å ta avgjerder som andre kunne tykkja var ein stor risiko.

Christian Michelsen var rette mannen for Fylkesbaatane i 1896, på same måten som han var rette mannen for landet i merkeåret 1905.

Klage på "Alden" 17. mai 1905.

Ein innsendar klaga i Bergens Tidende 27.05.1905 på D/S "Alden". Skipet hadde vore innom Nordfjordeid 17. mai på same tida som 17. mai-toget svinga opp til eksisplassen, -utan andre flagg oppe enn postflagget og utan å helsa med salutt! Ei svart røyksky frå skorsteinen då båten la frå land, var det einaste båten greidde å "prestere".

"Anser amtskibenes styre nationaldagen saa betydningsløs i 1905, at den ikke finder grund til at spandere salut?" spurde innsendaren. Og flagga, kvar var dei? Han slutta brevet sitt med at det heile kunne tolkast som "demonstration".

Fri skyss 13. august

Om eit av dampskipa svikta på nasjonaldagen, vart miséren fullt ut oppretta under folkerøystinga 13. august. Alle med røysterett fekk fri reise, og skipa tilpassa rutene etter røystinga. Mange stader vart det også utført ekstraturar.

I Flora var det til dømes ekstratur frå Tansøy til Florø, og om ettermiddagen hadde "Balder" i rute frå Eikefjorden anløp på Tansøy, slik at veljarane kom seg heimatt. Det vart også ordna med ekstratur frå Nordalsfjorden og tilbake, likeeins frå Kinn, Batalden og Bareksta.

For full musikk i Vik

I Vik kommune - som i 1905 omfatta Kvamsøy sokn på nordsida av fjorden - gjekk "Fjalir" ekstratur. Søndag morgon la skipet flaggsmykka frå kai i Balestrand, med militærorkesteret frå Viksmoen på dekk, - ut fjorden og innom stoppestadene i Kvamsøy, kryssa så over fjorden til Sylvarnes og var vidare innom Framfjorden før ankomst til Vik i 10-tida.

Veljarfolket og ei mengd andre gjekk i tog til kyrkja under faner og flagg og med musikk i spissen, - til gudsteneste, røysting og ventetid på resultatet. Då det heile var over, og valstyret hadde kunngjort eit samrøystes ja, var det å ta på heimvegen. "Fra Kirken Marcherede man under fuld Musikk nedover til Dampskibsbryggen," skreiv avisa Sogningen. Aldri hadde nokon sett maken til noko liknande i Vik. Mellom 1500 og 2000 var med. Og då "Fjalir" la frå bryggja på returreisa, drønna det sju skot frå land, som "Fjalir" svara på med fire skot.

Takksame folk på Grytøyra óg, men..

Grytøyra på sørsida av Vilnesfjorden høyrde i 1905 til Askvoll. Veljarfolket der måtte til Askvoll for å røysta, og her óg kunne folk reisa med fritt med dampskip. "Hornelen" kom oppunder tidleg om morgonen. Grytøyra hadde ikkje kai i 1905, så dei reisande måtte ta seg ut til det ventande skipet i ekspedisjonsbåt.

I ruskeveret denne morgonen oppstod det vanskar med å koma opp til dampskipet. Det var nære på det gjekk heilt gale, men det enda godt på den måten at alle kom seg uskadde om bord. Derimot vart det knekte årar og annan skade på ekspedisjonsbåten.

Ein innsendar fortalde om episoden i Søndfjords Avis. Alle var takksame til "amtskibenes administration" for at selskapet til liks med andre hadde frakta folk til og frå røystestaden, men manøvreringa til "Hornelen" ville dei påtala. Det var berre eit under at det gjekk av utan "forlis" (dvs. tap av menneskeliv.) Og det var ikkje fyrste gongen dei hadde vore vitne til uforsvarleg manøvrering. "Samtlige i baaden værende" bad om meir varsemd i framtida.

kjelder:

Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.


Fjordenes Blad. 27.05.1905.


Sogns Tidende. 16.05.


Søndfjords Avis. 10.08., 24.08. 1905.


Sogningen. 10.05.1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR