Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Tussehògen



Det mest kjende funnet frå forhistoria i Gaular er frå Tussehògen på garden Bygstad. På folkemunne er namnet Bygdehògen meir vanleg. Haugen vart utgraven i 1909 av arkeologen Haakon Shetelig og restaurert etterpå slik at har si opphavlege form.

Oversikt over garden Bygstad der vi ser Bygdehògen i treklyngja midt på biletet.

Oversikt over garden Bygstad der vi ser Bygdehògen i treklyngja midt på biletet.

Eigar: I Bygdebok for Gaular.

Datering: Kring 1950.

Fotograf: Ukjend.

Restar etter gravkammer og lausmateriale

Gravhaugen, 20 meter i tverrmål og 5,80 meter høg der berre 2 meter er lagt på, ligg i nærleiken av bygdevegen og med utsyn over bygda. Utgravinga viste at det inne i haugen hadde vore eit firkanta rom, 4 m x 5 m, med murar lagt opp av stein. I søre hjørnet var det ein inngang markert med ein flat terskelstein. På innsida av murane var eit framspringande trinn i nivå med golvet og her låg restane av furustokkar. Dei var restane av eit tømra gravkammer med ei innvendig vegghøgd på 1,4 meter. Golvet hadde vore av treplankar lagt på leire og steinheller. Taket hadde vore laga av stokkar.
Overraskande var det difor då Shetelig ikkje fann eit rikhaldig gravgods, men berre restar av eignelutane liggjande mellom det samanpressa taket og golvet. Alt organisk materiale, vovne teppe, klede, lærsaker og trereiskap, var rotna bort. Attmed eine veggen låg åtte pilespissar, tre skjoldbular, to jernhakker, bor og bryne. Det fanst også restar av eit skrin eller kiste med beslag og lås der nøkkelen sto i låsen. I skrinet låg eit bryne, ei saks, to knivar, eldstål og eldflint, ein liten sølvknapp og ei skålvekt av bronse pakka i filt i ei treøskje, eit vektlodd av fortinna bronse og mannen si beltespenne.

Høvdingesete

Dersom Bygstadgrava har vorte røva, har då slekta henta den døde ut av ein eller annan grunn? Eller har slekta reist ei minnegrav over ein mann som har mist livet ein annan stad? Grava frå Bygstad har felles trekk med kammergraver frå andre storhaugar både i Norge og Danmark og skipsgraver som Oseberg og Gokstad i Vestfold. Desse gravhusa var også delvis røva, men restane viser rikdom.
Bygstadmannen var mest sannsynleg ein høvding, gravlagd som det sømer seg for høvdingar, fyrstar og kongar. At dette kunne vere ein storgard, vert stadfesta når vi kjem fram til høgmellomalderen (1050-1350) då Bygstadkyrkja låg på garden. Rett nok heitte ho Kvamskyrkja fordi ho låg heilt i grensa med garden Kvamme. Dei nye kyrkjene som vart bygde då kristningsarbeidet tok til i mellomalderen, skulle ligge høgt og fritt i bygda. Det kan vere grunnen til at Bygstad vart valt framfor Osen der ein reknar med at hovet tidlegare hadde lege.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band I. 1990.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band VI a og VI b. 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR