Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegutbygging i Gaular: Osen-Sande-Viksdalen



Mot slutten av 1800-talet vart det bygt mange kilometer veg i Gaular kommune i høve til mange andre kommunar. Osen-Viksdalsvatnet fekk Stortingsløyving i 1870-åra og i 1884 kunne ein køyra frå Osen og heilt til Mjell i Viksdalen. Ei av årsakene til utbygginga var den lange vegen viksdølene hadde til sjøen.

Bygdevegen langs Viksdalsvatnet var ferdig i 1884. Her ser vi vegen i 1920-åra. Sjølv om han var utbetra ein del, låg han mykje godt som før. Det var ikkje stilt så strenge krav til breidde og standard for bygdevegar som til hovudvegar.

Bygdevegen langs Viksdalsvatnet var ferdig i 1884. Her ser vi vegen i 1920-åra. Sjølv om han var utbetra ein del, låg han mykje godt som før. Det var ikkje stilt så strenge krav til breidde og standard for bygdevegar som til hovudvegar.

Eigar: Henni Eide. SFFf-1987101.0032

Datering: 1920-1930.

Fotograf: Olai Fauske.

Rideveg frå Eldalsosen til Mjell

Gaular kommune gjorde mykje for å få opparbeidd veg til Eldalsdalen, Råheimsdalen og Haukedalen. I 1857 vedtok kommunestyret i Gaular å byggja ein 2,5 m brei veg frå Eldalsosen til Mjell (ca 10 km). Vegen kom ikkje lenger enn til Lyngstad. Kommunen stoppa løyvingane då dei følte at bøndene vart pålagde for store skattar. Bøndene lenger oppe i dalen likte dette dårleg, då dei hadde vore med på pliktarbeidet. Fylket oppmoda kommunen om å halda fram med vegarbeidet, men kommunen ville ikkje. Fylkesmannen løyvde 400 spesidalar til strekninga Lyngstad-Hov på det vilkår at vegen vart offentleg rideveg, og at kommunen tok kostnaden med bruene. Vegen var ferdig i 1876. Truleg bygde kommunen samstundes veg i Råheimsdalen.

Trafikkteljingar

Alt i 1846 vart vegen Osen-Sande-Viksdalsvatnet nemnd i fylkestinget som ein av dei viktigaste bygdevegane i fylket. Vegen var knapt farbar med køyredoningar om sommaren. Ingen ting vart gjort, men i 1866 hadde dei trafikkteljing for å få eit grunnlag for vidare planleggjing. Dei fann at den gjennomsnittlege daglege trafikken i 1866-67 var 24,5 hestar ved Korsvold skysstasjon, 23,6 ved Steien prestegard og ved Eikeland 19 hestar. Då var ikkje trafikken om natta teken med. Osen var eit naturleg sentrum for folk i Sande og Viksdalen. Dit frakta folk varene sine, og derifrå gjekk varene til Bergen.

Stortingsløyving til Osen-Viksdalsvatnet

I 1873 vedtok Fylkestinget at strekninga Osen-Viksdalsvatnet skulle prioriterast, og same året fekk dei den første løyvinga av Stortinget. Stat og fylke tok stordelen av kostnadene, medan kommunen betalte ¼. Det var ein hard kamp på Fylkestinget (15 mot 11 stemmer) for å få prioritert denne strekninga. I åra 1876-77 vart det bygd veg frå Osen til Sande og vidare til Viksdalsvatnet. I 1876-80 kom det veg mellom Osen og Sveen. Men vegen gjennom Saltkjelen, ein stor berghammar, var for smal og i 1903 vart store delar av hammaren sprengd bort.

Utsprengjing av Matbjørhammaren

Det var vanskeleg for folk i Viksdalen å koma seg ned til sjøen om hausten og våren når det var farleg å ferdast på isen. Presten klaga over at han ikkje kom seg til kyrkja i Viksdalen. Det var meinis (utrygg is) på vatnet, og det kunne gå opp til 16 veker før dei kunne nytta vatnet som køyreveg. Å opparbeida veg langs Viksdalsvatnet vart difor og vurdert som viktig. Alt i 1857 hadde fylket løyvd 350 spesidalar til å sprengja ut Matbjørhammaren som låg i austenden av Viksdalsvatnet. Matbjørhammaren skapte vanskar for dei som skulle mellom Osen i Bygstad og over fjellet ned til Sværen i Sogn. Denne vegen var ein ofte nytta ferdsleveg for kremmarar og driftekarar. Hammaren gjekk loddrett ned i vatnet, og vegen måtte sprengjast inn i fjellet. Det var ein av dei første løyvingane som fylket gav til bygdevegar.

Veg langs Viksdalsvatnet

I 1877 byrja arbeidet med vegen langs Viksdalsvatnet, frå Vassenden til Vikja, ein strekning på 18 km. Fylkesformannskapet fann at her galdt det eit så "mægtigt Foretagende", at det var forsvarleg å la løyvingane strekkja seg over 10 år. Bygdevegen stod ferdig i 1884 og kosta 50 400 kroner. Viksdølene arbeidde sjølve på vegen, og det var harde år for bøndene. Med det same dei var ferdige med gardsarbeidet byrja dei på vegarbeidet. Slik var det både haust og vår. Dei greidde ikkje å halda budsjettet, og søkte om å få dekka 1/5 av underskotet som var på 8.540 kroner. Dei fekk berre 750 kroner. Bøndene sjølve (interessentane som dei vart kalla) hadde ytt 32 000 kroner. Då vegen langs Viksdalsvatnet var ferdig i 1884, var det samanhengjande veg frå Mjell til Sveen i Bygstad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Hestebeit, Rognald: Om samferdsle. I Gaularsoga, bd III, Gaular Sogenemnd 1968.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular, Stavanger 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR