Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fjøreknappen - cotula coronopifolia



På Grandane i Lærdal, like ved Norsk Villakssenter, veks planta fjøreknapp. Dette er den einaste vekststaden i Norge for denne planta. Den skal ha kome til Lærdal ein gong i seglskutetida, då staden var ei viktig hamn for Sogn og dei indre delar av Austlandet.

I eit området like ved Norsk Villakssenter i Lærdal veks det framleis fjøreknapp. Dette er det einaste området i heile landet der blomsten finst.

I eit området like ved Norsk Villakssenter i Lærdal veks det framleis fjøreknapp. Dette er det einaste området i heile landet der blomsten finst.

Eigar: Norsk Villakssenter.

Datering: Ca. 2001.

Fotograf: Norsk Villakssenter.

Fjøreknapp

Fjøreknapp (cotula coronopifolia) kjem opphavleg frå Sør-Afrika, men det finst òg ein variant som stammar frå Australia. Varianten i Lærdal skal visstnok vera den sør-afrikanske. Planta veks i våtmarksområde og vert rekna som ei vårplante. Fjøreknapp høyrer til plantefamilien Asteraceae, aster-familien, ei slekt innan korgplantene. Den har ein grønraud stilk med smale heilranda og udelte lysegrøne blad. Øvst på den tynne stilken sit ein gul blomst som liknar ein knapp. På tysk kallar dei han Goldknöpfchen - som tyder liten gullknapp. Eit av dei engelske namna er Brass Button - messingknapp.

Det tok ei tid før planta fekk eit norsk namn. Cotula coronopifolia var litt tungvint å seia på norsk. I Lærdal vart planta lenge kalla Lærdalsblomsten, i og med at dette var den einaste staden i Norge denne planta voks. Men ein enda opp med namnet Fjøreknapp. Namnet seier litt om kvar ein finn planta, i fjøra, og siste delen, knapp, er i samsvar med dei utanlandske namna.

Kom med seglskutene

Når planta kom til Lærdal er ikkje visst å seia, men den skal ha kome hit ein gong i seglskutetida. Ein trur at planta har kome i lag med ballast som kan ha vorte tømt i fjøra i Lærdal. Her fann den vekstvilkår som gjorde at den sidan har vakse her.
Grandane i Lærdal vart for nokre år sidan nytta til å dumpa tunnelmasse. Her var det meininga å laga eit industrifelt der verksemder kunne etablera seg. Dette prosjektet hadde berre betinga suksess, men det øydela ein del av dei vesktområda fjøreknappen hadde hatt. Ei stund såg det ut til at planta skulle verta heilt utrydda i Lærdal.

Fjøreknapp veks no berre på eit svært avgrensa område i Lærdal og kan lett verta utrydda om ein ikkje ser til at den får dei rette vekstvilkåra. Det er no laga til eit område i tilknyting til Norsk Villakssenter der ein freistar å ta vare på restførekomstane av arten. Her vert eit gammalt elveløp halde ope til føremon for planta.
Framtida for planta er likevel uviss. Vil den overleva her eller er den borte om nokre år?

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Direktoratet for Naturforvaltning: Lærdalselvis utløp i Lærdalsfjorden.
Lærdal turlag: Litt botanikk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR