Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Prestegarden på Vereide



Gjennom 1000 år har det budd prestar på Vereide. Dei første var nok sterkt knytte til stormannsætta som budde her frå før 900, og var nærast som gardsprestar å rekne. Men etter kvart vart "soknet" utvida. Vereide kyrkje vart ei av fjerdingskyrkjene i Firdafylket. Det gav presten ekstra status.

Hovudhuset har ei grunnflate på heile 270 kvadratmeter. Biletet er teke frå sørvest, og viser at inngangsdøra framleis er som ho var då biletet av sokneprest Prytz og kona vart teke ein gong mellom 1904 og 1911.

Hovudhuset har ei grunnflate på heile 270 kvadratmeter. Biletet er teke frå sørvest, og viser at inngangsdøra framleis er som ho var då biletet av sokneprest Prytz og kona vart teke ein gong mellom 1904 og 1911.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: 2002.

Fotograf: Arne Eikenes.

Gode kår for Vereide-presten

Etter kvart vart kyrkja strengt organisert og biskopane fekk stor makt, men presten vart også meir uavhengig. Gulatingslova seier: "No får presten seg hus og gode kår og vener. Då skal biskopen ikkje taka han bort frå prestesetet sitt." På Vereide har presten frå før år 1100 hatt hus, gode kår, drive gardsarbeid og vore ein del av lokalmiljøet, med eit lite opphald på slutten av seinmellomalderen. Men i 1570 er igjen Indre Vereide prestegard.

Ein stor gard med mange hus

Prestegarden var mykje større enn ein vanleg gard, og vart så seint som i 1886 rekna som den mest velståande prestegarden i Sogn og Fjordane. Det stod så mange hus kring på prestegardstunet at det såg ut som ein liten landsby. Nokre av husa står framleis, og er freda. Hovudhuset frå 1782, som har ei grunnflate på ca. 270 kvadratmeter, er ein solid tømmerbygning i to fulle høgder. I Nordfjord finst det to hus til som har same byggmeister og utforming, nemleg det gamle hotellet på Eid og sorenskrivarbustaden på Leikvin. Sokneprest Johan Widing Heiberg, som fekk bygt huset, var svigerson til sorenskrivaren.

Hus og hage vitnar om fortida

Hagen var i si tid opparbeidd som ein barokkhage, og det står tre som er eldre enn huset. Det finst urter frå ein hage som er omtala alt rundt 1700.
Prestegardshuset har vore restaurert fleire gonger, men har fått ha den opphavlege stilen og rominndelinga. Det ytre panelet er festa med trenaglar. Eit bryggjarhus, ein jordkjellar og to kvernhus er også freda. Hovudhuset på Vereide prestegard er eit stilfullt og vakkert bygg. Soknepresten i Gloppen bur framleis i huset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band II. Sandane 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR