Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sande kyrkje



Sande kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i kommunesenteret Sande i Gaular kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 15. desember 1864. Ho er truleg bygd etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus Linstow, men vart mykje ombygd i 1940-åra etter teikningar av Johan Lindstrøm. Sande kyrkje er soknekyrkje for Sande sokn og hovudkyrkje for Gaular prestegjeld.

Preikestolkledet.

Preikestolkledet.

Eigar: NRK - Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Arild Nybø.

Tredje kyrkja på Sande

Like før jul i 1864 vart den nye hovudkyrkja i Gaular, Sande kyrkje, vigsla. Det var stilrein, enkel kyrkje, jambrei i skip og kor. Her ser ein tydeleg at dei litt eldre nabokyrkjene i Bygstad og Viksdalen har vore modellar.
Denne tredje kyrkja på Sande fekk same breidda som den førre, om lag 9,5 m. Lengda derimot vart nesten dobla, frå rundt 10 til om lag 18 m. Skip og kor vart bygt i eitt. Det fyrste året mangla kyrkja sakristi, men det vart etter ei tid påbygt i form som ein halv åttekant. I staden for spir på tårnet, vart det lagt ein slags hjelm, tilsvarande som på Bygstad kyrkje, over tårnhalsen. I 1889 kom spiret, med små arker på kvar side. Tømmeret frå gamlekyrkja vart brukt om att så mykje som råd, og det er forklaringa på at veggene har dei særmerkte "grøypene", dvs. trestolpar med boremerke i hjørna.

Sterke fargar på interiøret

Eit fellestrekk med den nesten tjue år eldre Bygstad kyrkje var dei slake bogane i kvelvingen ut mot veggene. Sande kyrkje hadde i tillegg nokre svære støtter plassert attmed glasa, på kvar side av midtgangen og ved oppgangen til koret. Desse dominerte interiøret, men hadde ingen praktisk funksjon for sjølve byggverket. Kyrkja var frå fyrst av umåla innvendig, ved århundreskiftet er fargane skildra som matte og blåtona.

I 1928 vart golvet skifta i delar av kyrkja, og vegger og tak vart måla i sterke fargar; kvelvingen blå og pynta med stjerner, veggene oransje - nedste delen mørk fiolett, og benkene grøne. Ferdinand Kjerulf Tranaas valde fargane. Han har tydeleg teke utganspunkt i den nye altertavla som han også måla. Interiøret har i hovudsak dei same fargane i dag som på slutten av 1920-talet, men nedste delen av veggene i koret er seinare overmåla med den markerte oransjefargen.

Ombygd i krigsåra

Noko av det interessante med historia til Sande kyrkje er at her faktisk gjekk føre seg eit stort restaureringsarbeid i krigsåra, samstundes som ein mange andre stader ser at all kyrkjebygging stansa. Sakristiet vart bygt i vidareføringa av kyrkjeskipet, og i 1943 vart det ombygt til kor. Veggen mot skipet vart fjerna, og der kom i staden ein slakk korboge i stil med kvelvingen i skipet. Det var ikkje naudsynt med ytre endringar i det som no vart kordelen, men eit nytt sakristi vart bygt til på sørsida av koret. Restaureringa av tårnet medførte også eit omfattande arbeid. Det var ikkje berre vasskadd, heile tårnet hadde sige skeivt. Dette vart utbetra, og samstundes vart arkene nedst på spiret fjerna.

I 1944 heldt ombygginga fram med stadig fleire endringar. Berre dører, kvelving og glas vart ståande stort sett som før. Koret vart forlenga med nytt golv som gjekk litt fram i kyrkja, og som gav plass til ny døypefont og preikestol. Galleriet vart senka og fekk frambygg for spelepult til det nye orgelet. Gallerifronten, sidene i benkene og døypefonten vart dekorerte med gråmelerte felt. Dei svære støttene som frå fyrst av var plasserte rundt om i kyrkja vart fjerna, og både golv og benker vart fornya. Og endeleg, til jonsok i 1945, rett etter krigen var slutt, var kyrkja ferdig restaurert.

Sokneprest Helland fortel

Tidlegare sokneprest Fredrik Helland gav i Kyrkjeblad for Gaular i 1962 ei forklaring på at alt dette arbeidet kunne gjennomførast i dei vanskelege krigsåra. Han meinte det ikkje hadde gått om det ikkje var i ei skogbygd og at folk var svært velvillige. Somme gav gratis materialar og alle gav pengar. Elles hadde det ikkje nytta å samle inn kring 25 000 kroner på eitt og eit halvt år. Mange var svært interesserte og tok aktivt del. Lensmann Askevold stod føre listeinnsamlinga til orgelet. Medhjelparen hans, Hans Haugen, må særskilt nemnast, for han var alltid siste utveg når ein stod i beit for materialar.

Fredrik Helland var sokneprest i Gaular 1935-1946, og sjølv aktivt med i byggjearbeida som gjekk føre seg på heile tre av kyrkjene i kommunen i perioden hans.
Etter denne omfattande restaureringa, er det gjort små endringar i Sande kyrkje. Storleiken på dei rundboga vindauga er endra, dei var tidlegare ein god del større. Der er eit vindauge på kvar side av altertavla, tre på kvar av veggene i kyrkjeskipet, og alle har farga småruter. På nordsida av våpenhuset er det bygt til dåpssakristi, og på sørsida toalett.

Altertavla

Altertavla har ei samansett historie. Delar av noverande altertavle skriv seg frå den tidlegare kyrkja, nemleg det horisontale listverket over og under bileta, og dessutan toppstykket. Opphavleg var tavla av todelt pilastertype med gavlfelt, og med rik kassettornamentikk frå om lag 1620, laga av same snikkar som laga tavlene i Viksdalen, Bygstad, Holmedal og Dale. I 1795 vart tavla omarbeidd då Johan Carl Christian Michaelson måla to nye biletfelt, og truleg også englane på toppstykket. Det må bety at dei opphavlege bileta er gått tapt. Då kyrkja var ny i 1864, vart det gjort ei ny ombygging. I staden for bileta vart det sett inn ei treplate og måla ein kross på, med gardiner på kvar side. Sokkelen vart laga ny, og fekk innskrift frå Matt. 11,28 og Luk. 14,27.

Sokneprest Fredrik Helland engasjerte seg i arbeidet med å rekonstruere delar av den gamle tavla med utgangspunkt i tavlene i Bygstad og Viksdalen. Helland laga teikningar for å tilbakeføre tavla best mogeleg til opphavleg renessansestil. Våren 1945 vart tavla restaurert etter desse teikningane. Treskjerar John Myhre utførte arbeidet gratis. Om sommaren fargesette og måla Finn Kraft tavla, og seinare same året vart den restaurerte tavla sett på plass. Dei fire biletfelta frå 1795 framstiller Jesu dåp, nattverden, krossfestinga og oppstoda.
Under kvart bilete står ein tekst på litt knudrete latin som ikkje er så lett å tyde. Innhaldet gjeld i hovudsak gjevaren av bileta. Den siste teksten kan tydast slik: Sigerherren (Kristus) er komen attende og har gjort sigeræra større.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR