Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den Trondhjemske postvei frå Førde til Skei



Den Trondhjemske Postvei mellom Førde og Førs i søndre enden av Breimsvatnet var rekna som eit av dei betre vegstykka på postvegen tidleg på 1800-talet. Men roturen over Jølstravatnet var ei stor hindring for rask framkomst. Vegarbeidet langs vatnet tok tid, og først i 1858 kunne ein køyra heilt frå Vadheim til Skei med hest og kjerre.

Generalvegmeister Nicolai Frederich Krogh hadde alt i 1776 ivra for å byggja bru over Jølstra, då det var mykje hestetransport i området. Av di grunnforholda på staden var myrlendt, var det ingen som ville ta på seg arbeidet. Brua ville bli for dyr, 800 riksdalar. Først i 1831 fekk lensmann Johan Christian Jersin anbod på å bygga ho, men ho vart ikkje oppsett før mellom 1834-40. Ho var 154 m lang, og 117 m var mura i stein. I midten var det tredekke. Brua hadde 23 sluser.

Generalvegmeister Nicolai Frederich Krogh hadde alt i 1776 ivra for å byggja bru over Jølstra, då det var mykje hestetransport i området. Av di grunnforholda på staden var myrlendt, var det ingen som ville ta på seg arbeidet. Brua ville bli for dyr, 800 riksdalar. Først i 1831 fekk lensmann Johan Christian Jersin anbod på å bygga ho, men ho vart ikkje oppsett før mellom 1834-40. Ho var 154 m lang, og 117 m var mura i stein. I midten var det tredekke. Brua hadde 23 sluser.

Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen

Datering: 1888-1894

Fotograf: Knud Knudsen

Førde

Førde var frå tidleg av ein sentral plass for mange av bygdene i Sunnfjord. Hit kom bøndene med varene sine. Frå Førde gjekk sjøvegen vidare ut fjorden til kysten, nordover eller sørover til Bergen, som var ein særs viktig marknadsplass. Ei trafikkteljing midt på 1800-talet ved Farsund bru viser kor stor trafikken var i området. Frå 26.juni - 11. juli 1857 var det gjennomsnittleg 40 hestestransportar dagleg, og på det meste passerte 92 hestar om dagen. Dampskipsanløp frå 1859 gjorde at Førde fekk enno meir trafikk.

Postvegen gjennom Førde

Førde fekk postopneri og skysstasjon alt i 1785. Den første postopnaren var bonden Ivar Helgeson Hafstad. Her var det postopneri til 1850-åra, då det vart flytta nærare Langebrua, til Løkjene, der det var fram til 1917. Den gamle postvegen følgjer stort sett E-39 gjennom Førde kommune, 16 km frå Langeland til Moskog. I byrjinga vart dei reisande ferja over Jølstra. Brua over Jølstra, ved Sunde/Farsund, vart bygd ein gong mellom 1835 og 1840. Då Ivar Aasen vitja staden i 1842 fortel han om ei svært lang steinbru over elva, som han meinte var den lengste brua i Nordre Bergenshus Amt. Enno kan ein sjå restane av brua.

"En Vei af det maadelige Slags"

Traseen postvegen følgde, var gjennom heile fylket gamle allfarvegar som stort sett var stiar. Den einaste verkelege vegstrekninga på den blivande postvegen var den gamle tingvegen mellom Førde, Jølster og Breim. No hevdar Hans Arentz i 1785, sorenskrivar i Sunnfjord (1762-90), at denne vegen berre var ein bygdeveg "af det maadelige Slags".

Skysstasjonar og gjestgjeveri

Det var skysstasjonar på Hafstad og Mo gard i Førde, og på Vassenden og Skei i Jølster. Skysstasjonane gav ikkje nødvendigvis høve til å overnatta. I byrjinga var det ikkje mange skikkelege gjestgjeveri å finna. Sorenskrivar Hans Arentz hevdar at krohyttene på Vassenden og Skei "maa give en Reisende et meget ufordeelagtig Begreb om vor Forfatning".

Då engelskmannen William Henry Breton reiste nordover langs postvegen i 1834, fann han ikkje nattelosji på Vassenden og måtte dra vidare til sokneprest Daa i Aalhus. Den første gjestgjevarstaden i Førde låg i Sjøhola, på nordsida av Jølstra, men i 1793 kom det gjestgivari på Hafstad, der det truleg og var handel. Etter kvart som turismen auka vart det bygd hotell. I 1860 kom Hafstad Hotell og skysstasjon. Vegen la grunnlag for utvikling av turisme, og dermed vaks det opp ei rekke med nye hotell langs veglina, som hadde ein heilt annan standard enn dei tidlegare skysstasjonane og gjestgjeveria.

Veg langs Jølstravatnet

Reisande måtte ro og posten måtte fraktast i båt frå Vassenden til Skei, men alt i 1799 var dei byrja å rydda stein til ein veg langs Jølstravatnet. Bøndene langs vegen var ikkje alle like blide for vegen som tok beste åkerlandet deira. Nokre av dei fekk til og med bot for å fylla att vegen med mold. Først i 1830-åra tok dei for alvor fatt med vegarbeid langs vatnet.

I 1840-åra var vegen ferdig fram til Ålhus. Vegbygginga vidare til Skei gjekk seint, delvis grunna mangel på midlar. I 1844 vart arbeidet med vegen teke opp att, og i følge fylkesmann Aubert " vil (en) kunne reise til Lands, lige fra nedre Vasenden til Schei i stedet for at Færdselen mellem dissse Steder nu gaar over Jølstervandet. Passagen over dette Vand er, som bekjendt, meget besværlig, og enkelte Tider standser den aldeles med Meenis [is til meins, til hinder, særleg senhaustes og i isløysinga om våren]. Det maa for Samfærdsel være af vigtighed, at Communicationen mellem saa betydelige Byer som Bergen, Molde, Christiansund og Trondhjem lettes saa meget, som Local-Omstændigheder og Communens Midler tillader det". I 1858 var postvegen ferdig langs heile Jølstravatnet, og mot slutten av 1800-talet vart vegen utbetra fleire stader.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896, Kristiania 1899.
Kommunalsoga for Førde herad 1837-1937, Førde 1937.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen - Norges lengste kulturminne, Årbok for Nordfjord, s. 16-31, 1997.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen-Trondheim. Det norske samlaget 1996. Djupedal, Torkjell: Førde Kulturhistorisk vegvisar, Selja Forlag 1998.
Arentz, Hans: Beskrivelse over Søndfjord,
Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR