Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Riksveg 15 - Hovudpulsåra gjennom Nordfjord



Riksveg 15 er vegen som bind nordfjordingane saman, samstundes som han opnar Nordfjord for resten av verda. Han var bygd i ein periode der det var få bilar i fylket. Smal og svingete var han lite tilpassa den nye tida, og vart eit problem for den stadig aukande trafikken. Arbeidet med å få to-felts veg byrja alt på 1960-talet.

Parti frå vegen mellom Kjøspollen og Hjelle ved Holmøyane i 1990. Riksveg 15 er blitt ei moderne kommunikasjonsåre. Før ombyggjinga var det 500 bilar i døgnet på strekninga, og i 1992 viste trafikkmålingane 1230 bilar i døgnet. Vegen har ikkje stamvegstandard på heile strekninga, men har i hovudsak ein god riksvegstandard.

Parti frå vegen mellom Kjøspollen og Hjelle ved Holmøyane i 1990. Riksveg 15 er blitt ei moderne kommunikasjonsåre. Før ombyggjinga var det 500 bilar i døgnet på strekninga, og i 1992 viste trafikkmålingane 1230 bilar i døgnet. Vegen har ikkje stamvegstandard på heile strekninga, men har i hovudsak ein god riksvegstandard.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1990.

Fotograf: Olav Handeland.

Ein viktig veg for samfunnet
Riksveg 15, eller hovudveg nr. 160, som nemninga var då, skapte endra kommunikasjonsmønster i Nordfjord. Men biltrafikken var aukande, og standard og vegbreidd kunne ikkje tilfredsstilla krava til ein moderne transportveg. Alt i 1950-åra byrja arbeidet med å fjerna nokre av flaskehalsane. Samstundes var kampen i gang for heilårsveg over Strynefjellet, og bru over Ulvesundet til Måløy. Då Måløybrua kom i 1974 og heilårsvegen i 1978, vart riksveg 15 endå viktigare for næringslivet og for busetjinga i Nordfjord og søre Sunnmøre.

Dei første utbetringane
Smale parti måtte ombyggjast og bruene måtte forsterkast for at trafikken i det heile skulle komma fram. Det første utbetringsarbeidet var å forsterka bruene på riksveg 15. På 1960-talet var det ikkje tillate å køyra vogntog langs Skredestranda eller over Strynefjellsvegen. Vegen og bruene ville ikkje tola tungtransporten. Fiskeindustrien i Nordfjord hadde på den tida byrja å leggja om transporten frå båt til bil.

Då ferja Oslo-Kiel opna i 1960, viste det seg at Skaarfisk sine bilar brukte to døgn frå Måløy til Hamburg og Amsterdam, dersom dei køyrde Strynefjellet. Det var eit par døgn raskare enn med skip, men kosta det doble. Fordelen var at dei kunne selja fersk fisk. Arne Nesdal og Jon Skaar i Måløy var dei første som byrja å frakta fisk med bil.

Problemet var restriksjonane langs Skredestranda og over Strynefjellet. Dei trassa forbodet og køyrde likevel. Resultatet var at vegvesenet byrja med små utbetringar av desse problemstrekningane, samstundes som dei oppheva restriksjonane for desse to strekningane. Med det auka biltrafikken, noko som vart eit pressmiddel for å auka løyvingane til riksveg 15.

Små midlar i første fase
I 1966-67 vart vegen ved Tenold i Oppstryn ombygd. Det var meininga at arbeidet skulle halda fram langs Strynevatnet, men i 1967 måtte midlane nyttast til Kjøshammartunnelen på riksveg 60 av di eit uver øydela vegen. Det var små løyvingar første åra, og då arbeidet med Strynefjellsvegen tok til i 1969, vart stordelen av vegmidla kanaliserte dit. Samstundes vart Måløybrua bygd, delvis finansiert av bompengar. Mykje av vegmidlane til Nordfjord var såleis bundne opp for lang tid framover. Det var politisk semje om at når desse to prosjekta var ferdige, skulle innsatsen i Nordfjord konsentrerast på riksveg 15 mellom Måløy og Strynefjellet (Oppland grense).

Utbetringar i perioden 1970-1990
Strekninga Øybakken-Kjøs bru vart ombygd i 1971, og ti år seinare var strekninga mellom Langeset og Stryn ferdig. Den rundt 8 km lange vegen vart retta ut, og delvis lagd i ny trasé. Ein del av midlane til desse anlegga var sysselsetjingsmidlar. Langeset-Øybakken var ferdig i 1984. I samband med denne ombyggjinga vart Sindreelva retta ut og senka. Vegen vart lagt på elveførebyggjinga, og frigav eit mogleg jordbruksareal på 210 dekar.

Skredestranda var frykta
Så kom turen til Skredestranda. Vegen langs Hornindalsvatnet var ein av dei verste strekningane, med stadige snøskred og stengd veg. Norges Geologiske Institutt (NGI) kunne i 1970 rapportera om 24 snøras på ulike stader. Vegen var dessutan svært smal. Den gamle vegen frå perioden 1904-15 var berre 3,5 m brei, somme stader innsnevra til 2,5 m, der dei ikkje hadde hatt råd til å byggja breiare. Nokre utbetringar vart gjort, men ikkje før på slutten av 1970-talet vart det planlagt å utbetra 26 km. Utbyggjinga gjekk føre seg fram til 1992. Resultatet vart fire tunnelar; Lisjejøltunnelen på 219 m, Marajøltunnelen på 855 m, Breisvortunnelen på 1382 m, og Kongenestunnelen på 1118 m.

Kortare reisetid mellom Stryn og Eid
Heile strekninga mellom Stryn og Nordfjordeid var ferdig i 1992 og hadde offisiell opning den 2. juli. Vegdirektør Eskild Jensen opna det nye vegsambandet, som då hadde fått gul midtstripe. Vegdirektøren kombinerte vegopninga med avskilsvitjing til Sogn og Fjordane. Den samla veglengda var 45,7 km, og reisetida mellom Stryn og Eid vart korta inn med 20 minutt. Den siste biten mellom Korsen og Nordfjordeid kryss vart utbetra i 1997, medan Nor bru-Hjelle framleis står att.

Bompengefinansiering av Kjølsdalen-Måløy
Men løyvingane var framleis altfor små. Det vart inga massiv satsing på riksveg 15. Utbetringane og ombyggjingane gjekk for seint. Framleis var vegen mellom Nordfjordeid og Måløy ein smal tarm med mange flaskehalsar. I 1988 vart det lagt fram ein Stortingsproposisjon om innkrevjing av bompengar mellom Kjølsdalen og Måløy.

Initiativet til prosjektet kom frå det lokale næringslivet i distriktet. Prosjektet vart vedteke i fire kommunar: Bremanger, Eid, Vågsøy og Vanylven i Møre og Romsdal. Også Fylkestinget slutta seg til ideen. Planen var å byggja om heile strekninga mellom Kjølsdalen og Bryggja. Til saman var omleggjingane kostnadsrekna til 108 mill. kroner. Det vart skipa eit aksjeselskap, A/S Riksveg 15, som skulle stå for det økonomiske arbeidet.

Motstand mot bompengeplanane
Men det er sjeldan semje om vegsaker. Det viste seg at det var mange som var mot bompengeprosjektet, mellom anna i Vågsøy og Selje. Dette kom fram då Samferdselskomiteen frå Stortinget var på synfaring i samband med handsaminga av proposisjonen, som regjeringa hadde lagt fram i 1988.

Det var John Skaar som målbar motstanden mot prosjektet overfor Samferdselskomiteen då dei vitja verksemda hans i Måløy. Argumenta hans gjorde sterkt inntrykk på komiteen. Stortingsproposisjonen vart send tilbake til regjeringa, og bompengeselskapet bad kommunane om å handsama saka på nytt.

Folk vil ikkje betala
Formannskapet i Vågsøy stemte då samrøystes mot bompengeplanane. Det vart og skipa ei pressgruppe: Aksjonskomite For Fri Ferdsel. Folk ville ikkje betala for betre veg. Dei fleste meinte dette var eit ansvar staten burde ta. Slik enda bompengesaka i Nordfjord. Riksveg 15 fekk i staden auka løyvingar frå staten. I vegplanperioden 1990-93 vart det løyvd 147,5 mill. kroner til utbetring som skulle fordelast slik: Holmevik-Rise bru, Kjøspollen-Hjelle, Kjølsdalen-Maurstad og Maurstad-Måløy. Hovudtyngda av midlane gjekk til Kjølsdalen-Måløy.

Kjølsdalen-Maurstad-Måløy
Ein annan frykta vegstrekning på riksveg 15 var vegen mellom Kjølsdalen og Midthjell, der namn som Ervikstranda og Vindfylla fekk folk til å gysa. Vegen var svært smal og svingete, og gjekk i eit bratt terreng med mykje nedfall av is og stein. Mange måtta stogga her for å rydda vegen for stein før dei kunne køyra vidare. Her vart det bygd to nye tunnelar: Erviktunnelen på 640 m og Vindfyllatunnelen på 940 m. Den første stod ferdig i 1991 og den andre i 1992. Mellom Bryggja og Måløy var det i åra 1950-1970 gjort nokre få utbetringar. Vegen vart omlagt mellom Totland og Bryggja og lagd i ein ny trasé utanfor Bryggja sentrum. I 1989 og 1991 fekk strekninga forbi Skavøypoll gul midtstripe og 1 km med gang- og sykkelveg.

Stryn-Skåre i 1990-åra
Då heilårsvegen over Strynefjellet opna i 1978, stod resten av riksveg 15 frå Skåre bru og nedover til Stryn lite i stil med den nye og moderne vegen over fjellet. I 1993 sto det att 26 km som ikkje hadde gul midtstripe. Vegstrekningane var Skåre bru-Folvadalen, Folven-Erdal (med Hjelletunnelen), Grønfurvik-Nesje, Holmevik-Rise bru og Rise bru-Stryn aust. Kostnadene med desse utbetringane var 190 mill. kroner. I tillegg vart det vedteke å opprusta Stryn sentrum. Det var eit eige miljøprosjekt som var ferdig i 1995.

Hjelletunnelen
Den 28. juni 1996 vart Hjelletunnelen med ny veg i Hjelleøyane og Erdal opna av Martin Lilleheim, tidlegare redaktør i avisa Fjordingen. Han hadde vore ein sterk talsmann for utbetring av riksveg 15 gjennom avisa si. Tunnelen avløyste vegen langs Hjellestranda. Tidlegare gjekk vegen gjennom Mykjedalane, Hjelletunet og forbi Hjellehynna, ei kronglete og rasfarleg strekning. Heile strekninga var 3,2 km, og tunnelen er 2563 m. Den første salva small 19. mai 1994. Hjelletunnelen korta inn vegen med 1,5 km. Hjelle vart etter opninga av tunnelen liggjande utanfor riksvegen, og den gamle vegen vart fylkesveg. Hjelleøyane-Folven var ferdig i juni 1998. Då var det samanhengjande gul midtstripe frå Skåre til Nordfjordeid med unnatak av Nor bru-Hjelle og Rise bru-Stryn aust.

Dei siste flaskehalsane
Dei siste vegutbetringane på riksveg 15 kom i 2000-02, mellom Almenning og Deknepollen. Den smale Almenningstunnelen fekk to felt. Tunnelen vart utvida frå 5 til 9 m i breidda og til 4,36 m i høgda. Mellom Almenning og Totland vart det i tillegg bygd to nye tunnelar: Krokabergtunnelen på 525 m og Brunsviktunnelen på 707 m. Arbeidet med utbetringa av den 2,6 km lange vegstrekninga mellom Myklevatn og Nygård starta i oktober 2000. Då skulle dei berykta Nygårdssvingane takast. Vegen var ferdig 2001.

Framleis litt att
I over 40 år pågjekk det vegarbeid med omleggingar og utbetringar på riksveg 15. I 2006 har vegen stort sett gul midtstripe frå Oppland grense til Måløy. Men nokre få kilometer med smal veg står enno att. Det er strekninga aust for Stryn sentrum, Nor bru-Hjelle og sentrum på Stårheim. I 2006 er det ingen planar om at desse strekningane skal utbetrast i næraste framtid, trass i at dei i tidlegare planar skulle fullførast kring år 2000.

kjelder:

Handeland, Olav: Skredestranda. I Vegstubben s. 3-7, nr. 1-1981.
Handeland, Olav: Skredestranda. I Vegstubben, s. 42-44, nr. 2-1983.
Eilertsen, Harald: Ombygging av riksveg 15. I Vegstubben, s. 39-43, nr. 2-1984.
Strand, Magne: Bompengar mellom Kjøllsdalen og Måløy. I Vegstubben, s. 4, nr. 2-1988.
Handeland, Olav: Ei ny tid for riksveg 15. I Vegstubben, s. 4-7, nr. 4-1990.
Handeland, Olav: Gjennomslag i Erviktunnelen. I Vegstubben, s. 18-19, nr. 3-91.
Sørland, Åge: Vegfest med smell. I Vegstubben, s. 18-19, nr. 6-1991.
Ese, Kristin: Nordfjordeid-Oppland. I Vegstubben, s. 19, nr. 1-1993.
Betre vegar kortare avstandar. Stamvegutbygging bompengeprosjekt fram mot år 2000, Statens vegvesen 1993.
Handeland, Olav: Hjelleøyane-Erdal: Eit nytt stykke riksveg 15. I Vegstubben, s. 12-14, nr. 1-1996.
Handeland, Olav: Hjelletunnelen opna. I Vegstubben, s. 14-15, nr. 4-1996.
Husum, Dagrunn: Rv 15 Almenning-Nygård: Omfattande sikringsarbeid i Nygårdssvingane. I Vegstubben, s. 18-19, nr. 1-2000.
Samtale med Lars Lefdal, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR