Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

1905 - Amtmannen i Nordre Bergenhus amt - John Utheim



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om amtmannen i Nordre Bergenhus Amt i 1905 - John Utheim.

Fylkesmannsgarden på Nybø, Leikanger, i 2005 nytta som barnehage.

Fylkesmannsgarden på Nybø, Leikanger, i 2005 nytta som barnehage.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Amt og amtmann
I 1905 var landet delt inn i 18 amt (nemninga amt vart endra til fylke frå 1. januar 1919). Nordre Bergenhus amt vart oppretta i 1763 då Bergenhus amt vart delt i Søndre - og Nordre Bergenhus amt. Namnet vart endra til Sogn og Fjordane fylke ved lov av 14. august 1918, iverksett frå 1. januar 1919.
Amtmannen var statens embetsmann utnemnd av Kongen. Amtmannen var øvste leiar for amtstinget og amtskommunen.

Fylkesmannsgard på Leikanger
I 1862 flytte amtmann John Collet Falsen frå Lærdal til Leikanger, der han kjøpte gard på Nybø. Staten kjøpte kort etter denne garden til fylkesmannsgard.

Biografi
Fylkesmann Hans Seip har i boka si Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga eit oversyn over fylkesmennene. Om John Utheim står:

"John Utheim [fylkesmann i åra] 1902-1910. Fødd i Kornstad i noverande Averøy kommune, 13. januar 1847. Umgangsskulelærar 1862-64, student 1868, kand. teol. 1874, huslærar og lærar 1870-78, lærar ved sjøkrigsskulen på Horten 1878, frå 1890 som dosent, var skipsforvaltar ved tokt med "Nornen" til England og Spania 1879 og 81, var i 1899 på utanlandsferd med stipend til Tyskland, Frankrike, Belgia og Holland.

Medlem av bystyret i Horten 1883-1902, ordførar 1899-1901. Valmann 1885, 1888 og 1900. Medlem av departemental nemnd um pensjonslov for militære i 1892 og um pensjonslov for embetsmenn i 1895, i 1898 av ein kommisjon um civil lækjarskipnad og formann for ein parlamentarisk kommisjon um skipnad av einmannskrinsar.

Han hev gjeve ut ymse litterære verk. (..) Han var stortingsmann frå Jarlsberg og Larvik amt 1892-94 og var kandidat dei tre fylgjande vali 1894, 1897 og 1900, men vinstre, som han høyrde til, var i mindretal, og han rakk ikkje fram.
Han var gift med Othilde Hermanda Augusta Rove. Han døydde som amtmann 16. september 1910."

Opprop om å røysta ja til unionsoppløysinga
Før folkerøystinga 13. august kom det ei mengd opprop, - om å røysta, og om å røysta rett, dvs. ja til unionsoppløysinga som hadde funne stad ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. John Utheim sende óg ut eit opprop, datert 2. august.

Oppropet slo fast at målet var nådd. Norge hadde oppnådd fullt sjølvstende: "Den lange udlændighedstid" var til ende. Folkerøystinga skulle no visa at eit heilt og samla folk stod bak Stortinget sitt vedtak. Ingen måtte halda seg borte, slik at ingen etterpå kunne "skumle om" at dei som ikkje røysta, var motstandarar av eit frigjort Norge.

Oppropet slutta med desse orda:
"I vor inderlige glæde og taknemlighed over, at det er blevet os forundt at opleve det store under at se vort gamle tusenaaårige rige efter aarhundreders afhængighed gjenopstaa som det frie, selvstændige Norge, bør vi alle den 13. med vort ja slaa leir om landets fred."

Republikanar
John Utheim var republikanar og agiterte for å røysta nei til kongeval i folkerøystinga i november. Han heldt såleis foredrag på eit folkemøte i Sogndal og let trykkja ein uttale om statsforma i lokalavisene.
Eit stykke i Sogns Tidende vitnar om ein "drivande god" foredragshaldar og i tillegg sterkt overtydande. "Dei maa vera underleg laga dei som etter dette foredraget kann faa seg til aa røysta ja", skreiv bladet, og heldt fram: "Berre vondt at ikkje alle sogningar var her og fekk høyra. Dei vilde daa sikkert svara nei."

Utheim sin uttale om statsforma:
"Flere republikansksindede vælgere har spurgt: Hvorledes skal vi stemme? Jeg har svaret: Konflikten med Sverige er endt, og unionen ogsaa fra svensk side erklæret opløst, og fremmede magter har traadt i diplomatisk forbindelse med vort land som et selvstændigt rige. Der er i den nuværende situation saaledes intet som skulde tvinge nogen til mod sin overbevisning at stemme for kongedømme.
De, der som jeg, har den mening at det nu høver bedre i spidsen for vort folkestyrede samfund at vælge en norsk borger som præsident end en fremmed fyrste som arvelig konge, bør derfor ved afstemningen paa søndag svare
Nei.
Leikanger 6 november 1905.
J. Utheim."

Ville spreia "ljos og liv"
John Utheim døydde på Leikanger 16. september 1910. I nekrologen i Fjordenes Blad, 21.09.1910, står:
"Til det siste var han hugheilt med paa vinstresida i politikken. Han gledde seg over vaar nasjonale vokster og var all sin dag ein trufast og hjartevarm maalmann. Ungdomsrørsla fylgde han med stor samhug, og medan han endaa hadde si fulle helse og arbeidskraft, heldt han ofte foredrag ved ungdomsstemnor og andre møte. Han vilde gjerne spreida ljos og liv so langt han naadde."

Amtmann J. Utheim vart i samtida omtala som ein framifrå foredragshaldar. Han heldt t.d. foredrag om Norge i tida 1820-1830 på Sogn Ungdomslag si stemna i 1903 i Brekke, og om den politiske stoda på stemna i Vik i 1905.

Gravferda
Utheim vart gravlagd i Kristiania. Båra vart førd til Bergen og derifrå til Kristiania. På avskilshøgtida i Leikanger kyrkje var det mellom anna tale av sokneprest Bull Hansen og ordførar Tjønn. Kjøpmann Døsen la ned krans frå Fylkesbaatane.

Fylkesbaatane hadde sendt "Kommandøren" for å føra kista til Bergen. Ved dampskipsbryggja på Leikanger var laga ein vakker æreport ved landgangen til skipet.
Under gravferda i Kristiania vart det lagt ned kransar frå fylket og Leikanger kommune.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. 1958.
Søndfjords Avis. 08.11.1905.