Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Lundegrend bedehus



Gaular kommune er ein av dei store kommunane i Sogn og Fjordane rekna etter bedehus. Frå Bjørvikstranda i vest til Viksdalen i aust finn me sju. Fem av dei er i bruk. Lundegrend bedehus står i bygda med same namn, i Sande sokn på vegen mot Førde.

<p>Lundegrend bedehus sett fr&aring; s&oslash;raust. Det gamle skulehuset (grendahuset) st&aring;r like utafor biletkanten til venstre. Fotballm&aring;let st&aring;r p&aring; leikeplassen mellom dei to husa.</p>

Lundegrend bedehus sett frå søraust. Det gamle skulehuset (grendahuset) står like utafor biletkanten til venstre. Fotballmålet står på leikeplassen mellom dei to husa.

Eigar: Arne Kirkeli/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2009

Fotograf: Arne Kirkeli

Innvigd i 1934

Bedehuset i Lundegrenda står på garden Nos. Tett attmed står eit eldre skulehus. Føregangsmenn for å skaffa bygda bedehus var Harald Bell (1904-1963), Adolf Nos (1901-1979) og Hans Lundekvam (1904- ). Tomta vart utskilt frå bruk 5, og gitt av eigaren Per Nos (1871-1941). Skøyta har atterhald om at eigar av bruk 5 har rett til å hausta gras og nytta skog som veks på tomta. Huset vart bygt i åra 1933-1934. Grunnarbeidet, transport og ymse anna vart utført dugnad. Byggmeister Olai Slåtten frå Jølster stod for tømmerarbeidet. Huset vart innvigd i 1934.

Påbygd og modernisert

I år 1985-1987 var inngangspartiet i vestre enden utvida med rundt 15 kvm. Kjellaretasjen var opphavleg innreidd med kjøkken og matsal og det var sett opp utvendig betongtrapp til hovudetasjen. Ved utvidinga 1985-1987 vart kjøken og matsal modernisert. Det vart innreidd garderobe og toalett og bygd trapp innvendig opp til hovudetasjen.

Stor møtesal

I hovudetasjen er gang og stor møtesal (90 kvm) med plass til 120 menneske. Det er også inngang til hovudetasjen i norde enden slik det og var då huset vart bygt.
Bedehuset står i dag (2011) fram som eit godt vedlikehalde hus såvel utvendig som innvendig.
 

Figurar og fargar

I veggen over talarstolen er det innsett eit tredelt vindauga med fargar og figurar. Midtfeltet har kross med strålar frå ei sol. Felta på sidene har krossmerkte flagg, det norske flagget, og det danske, kan det sjå ut som. Bedehuset i Viksdalen har same utsmykning, eit tredelt vindauge på veggen framme, med kross og dei same flaggsymbola i sidefelta. Bedehuset i Viksdalen vart bygt åtte år før bedehuset i Lundegrenda.

Lover 1933

Det finst lite arkivmateriale frå dei første ti-åra, og vi har såleis lite nedskrive om aktiviteten i bedehuset. Vi veit at det var eit folkemøte i 1933 som vedtok å byggja, og som sette opp lover for huset. Rundt femti bygdefolk var tilstades. Det går fram at tre lag eller foreiningar gjekk saman om prosjektet: Lunde kristelege ungdomslag, Indremisjonslaget og misjonslaget av Det Norske Misjonsselskap. Desse tre laga stod og som eigarar og som ansvarlege for drifta.

Reglar for bruk

Folkemøtet fastsette kva huset kunne brukast til og kva det ikkje kunne brukast til. Utanom møte og festar i regi av dei tre laga kunne huset brukast til ”ålmendannande faglige foredrag og ordskifte”, til ”fremjing av gode og nyttige fyremål” og til kurs som til dømes ”kveldsskule, framhaldsskule og sløydskule". På den andre sida kunne huset ikkje brukast til ”dans, skodespel, nyting av rusdrykk eller antireligiøse møter.”

Bedehus og grendahus

Skulehus (1904) og bedehus(1934) på same staden, nærast vegg i vegg, skapte samlingsstad i bygda. Då skulen vart nedlagd ei tid etter krigen, vart ein viktig aktivitet borte. Skulehuset vart ståande att som grendahus. Aktiviteten på bedehuset gjekk og tilbake då to av dei tre laga eller foreiningane som bygde huset vart nedlagde. Men staden med bedehuset og det gamle skulehuset er framleis (2011) ein samlingsstad for bygda. Krinsen held til dømes oppe tradisjonen med 17. mai-feiring i bygda, og på nasjonaldagen er begge husa i bruk. I 1981 gjekk dei saman om ei form for samdrift. Krinsen står no som eigar av begge husa ved eit styre valt av bygdefolket, og kvart hus har sine eigne reglar for bruk.

Misjonsbasar

Ei av dei tre opphavlege foreiningane er framleis aktiv; foreininga som høyrer til Det Norske Misjonsselskap. Foreininga har kvart år basar. Elles kan nemnast at Gunhild Lunde som i mange år var misjonær på Madagaskar, kom frå Lundegrenda.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Informasjon frå:
Arne Kirkeli, Gaular.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR