Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 15. juni 2020

Kategori

Rå-data

Nynorsk i Sogn og Fjordane - Kyrkjemålet



"Vi kan då ikkje be på same målet som vi bannar", herma Anders Hovden etter motstandarar av nynorsk i kyrkjene. Mange var skeptiske til nynorsk kyrkjemål, og det skulle visa seg å bli ein krunglete veg fram for nynorsken i den norske kyrkja. Det kjende og tradisjonsrike kyrkjemålet som hadde røter tilbake til reformasjonen stod sterkt, men ikkje sterkt nok. I denne artikkelen skal me sjå korleis kyrkjemålet vart endra i Sogn og Fjordane på slutten av 1800 talet og første del av 1900 talet.

Sunnfjording og professor Gustav Indrebø hadde vakta over arbeidet med oversettinga av bibelen til nynorsk. Dette gjorde han ut frå ein eldre nynorsk rettskrivingsmodell. Bror hans, Ragnvald Indrebø arbeidde for same sak og 1938-bibelen er i stor grad hans verk.

Sunnfjording og professor Gustav Indrebø hadde vakta over arbeidet med oversettinga av bibelen til nynorsk. Dette gjorde han ut frå ein eldre nynorsk rettskrivingsmodell. Bror hans, Ragnvald Indrebø arbeidde for same sak og 1938-bibelen er i stor grad hans verk.

Eigar: I Eidissen, Inger Indrebø: Gustav Indrebø - ei livsskildring

Datering: Ca 1925.

Fotograf: Ukjend.

Kyrkjemålet - ei trygg ramme

Skal me forstå utviklinga fram mot nynorsk kyrkjemål er det viktig å ha dei nedarva kyrkjetradisjonane i tankane. Kyrkjemålet i Noreg var dansk då kampen for nynorsk kyrkjemål tok til. Gjennom salmesong, bibel og liturgi symboliserte kyrkjemålet noko fast og trygt. Slik er det nok framleis. Konservative haldningar når det gjeld kyrkjemålet speglar seg til dømes att ved at ein i nattverdsliturgien føretrekkjer ordaJesu lekam framforJesu kropp. Eller at ein føler seg framandgjort i ei kyrkje med bokmålsliturgi dersom ein er van med nynorsk.

Bibelen på norsk

I tillegg til liturgien, var bibelen, Blix-salmane, Nynorsk salmebok og preika sentrale tema i kampen for nynorsk kyrkjemål. Når det gjaldt bibelen føregjekk det arbeid med å omsetta delar av den til nynorsk frå 1860 åra. I 1880 tok Det norske Samlaget til med sitt oversetjingsarbeid i. Arbeidet vart fullført i 1921, 400 år etter at Martin Luther omsette bibelen til tysk.

Vestmannalaget, Vestlandske mållag og mål og ungdomssamskipnadar gav midlar til oversettinga og utgivinga. I den samanheng er det verdt å nemna Firda mållag som gjekk i bresjen for at det vart halde ofringar i kyrkjene i Nordfjord til inntekt for same formålet.

Blix salmane

I 1869 fekk målfolket ei gåvepakke. Anonymt kom det ut 13 salmar på nynorsk. Dei fleste var oversette salmar, men nokre av dei var heilt nye. Deriblant Med Jesus vil eg fara, og Gud signe vårt dyre fedreland.

Det synte seg at det var professor Elias Blix (1836 - 1902) som stod bak. Seinare kom han med tre hefte, Norske Salmar, utgjevne av Det norske Samlaget i 1883. Desse vart godkjende av regjeringa til kyrkjebruk i 1892. Salmane som Elias Blix oversatte og skreiv, er kjende som Blix-salmane. Dei vart eit viktig verkemiddel for målfolket.

Avisene som reiskap

Målrørsla i Sogn og Fjordane oppmoda om at Blix-salmane vart tekne i bruk i ungdomslag, skular og kyrkjer. I skular og ungdomslag var Blix-salmande sunge, men dei vart først brukt i gudstenester i 1899. På nyåret 1900 vart det sendt ut eit opprop i avisene. Det var underteikna av dei fleste sokneprestane i Sogn og lydde slik:

Undertegnede prester der anser professor Blix's salmer for et tillæg til vor salmeskat av betydeligt værd, vilde stille sig imøtekommende til arbeidet for deres indførelse i menighederne også til kirkeligt brug, så snart ønske derom fremkommer, og indførelsen kan ske på lovlig måde.

Motstand og avrøysting

Prestane i Sogn var på sett og vis liberale når det gjaldt å ta i bruk Blix-salmane. Biskopen i Bjørgvin nekta i 1901 Sogns frilynde ungdomsstemna å syngja Blix-salmane i kyrkja. Dei vart likevel sunge då kyrkjestatsråden gav lov. Rundt om i kyrkjene vart det halde avrøystingar om ein skulle bruka Blix-salmar i kyrkja.

I 1898 var det avrøysting i Fresvik og Kyrkjebø, i 1901 i Oppstryn, i 1902 i Feios og Vereide, i 1903 i Jostedal og 1904 i Naustdal. Av desse sju kyrkjene var det berre i Fresvik avrøystinga gjekk i favør av Blix-salmane. Sjølv om regjeringa godkjende Blix sine salmar til kyrkjebruk, var motstanden i kyrkjelydane sterk og det tok tid før desse salmane vart innarbeidd i kyrkja.

Målreising og nasjonalt medvit

I Sogn og Fjordane var det særleg frå 1905 og utetter at Blix-salmane vart røysta inn i kyrkja. I nokre kyrkjer vart salmane sunge før dei vart røysta inn og det er grunn til å tru atGud signe vårt dyre fedreland vart sunge i dei fleste kyrkjene i Sogn og Fjordane ved fleire høve i 1905. Målsak høvde godt saman med det nasjonale medvitet som kampen for sjølvstende fremja.

Blix-salmane vert innført

I 1926 vart det bestemt ved kongeleg resolusjon at Blix-salmane skulle innførast i alle kyrkjer og kapell som hadde Hauge salmebok eller Landstad salmebok, Men då var kyrkjelydane i ferd med å innføra Nynorsk salmebok frå 1925. I Sogn og Fjordane var det berre nokre få kyrkjelydar som ikkje hadde teke desse salmane i bruk.

Nynorsk salmebok

Heile fem hundre kyrkjelydar i landet hadde teke Blix-salmane i bruk i 1926. Blix - salmane hadde vore ein stor suksess og skapt ei stemning for nynorsk salmedikting. Norsk salmedikting vart fornya, fleire nynorsk salmar kom til. Dette danna grunnlaget for Nynorsk salmebok. Salmesong på nynorsk hadde for alvor vunne innpass hjå folk.

Preika på nynorsk

I Solund og Hardbakke fekk dei ny prest i 1903. Då han gjekk på preikestolen tala han nynorsk. Dette vakte harme, særleg hjå dei eldre. Dei gjekk ut or kyrkja i protest og slo dørene etter seg. Dei laut venje seg til med det. Den nye presten var Rasmus Haugsøen (1867-1951). Han ivra for nynorsk kyrkjemål og heldt den første preika på nynorsk i Sogn og Fjordane i 1900. Dette var i Stedje kyrkje i Sogndal. Tretti år etter den første nynorskpreika i landet.

1916 - eit merkeår

Det var helst dei yngre prestane som brukte nynorsk. Kyrkjelydane var konservative og ville halda på det som var. Mållaga i Sogn og Fjordane engasjerte prestar spesielt med det formål at dei skulle halda preiker på nynorsk. Fram til 1916 vart preiker på nynorsk likevel uvanleg. Stryn prestegjeld skilde seg derimot ut med preike og liturgi på nynorsk frå 1910.

I 1916 vart Peter Hognestad innsett som biskop i Bjørgvin. Han var den første som nytta norsk mål konsekvent i sitt embete. Dette påskunda truleg utviklinga i kyrkjene i Sogn og Fjordane. Kyrkjelydane vart meir og meir positive til nynorsk i kyrkja no når det kom ein biskop som brukte nynorsk.

Nynorsk altarbok

Utgivinga av Nynorsk altarbok i 1908 var også eit viktig steg i retning av heilnorske gudstenester. Den inneheldt høgmesseritual for gudstenester og dei kyrkjelege handlingane slik som dåp, konfirmasjon og gravferd. Fleire og fleire prestar kunne ta i bruk nynorsk, og kyrkjelydane i Sogn og Fjordane opna for å ta Nynorsk altarbok i bruk.

i stand til å præke på landsmål..

Fram til 1916 var det sett som vilkår at prestane kunne sleppa å brukaNynorsk altarbok dersom dei ikkje følte seg kompetente til å gjera det. Det var det ikkje alle som gjorde. I 1902 var det røysta over denne i Stedje kyrkje. Andreas Barsnes fråDet vestlandske målkontor i Bergen fortalde dette frå røystinga:

Det skulde vera røysting um altarmålet i Sogndal. Det vestlandske målkontor hadde sendt fyreteljing til soknerådet. Presten Brockmann var imot. Frå preikestolen sa presten m.a.:
"Hvor kommer dette fra? Fra Andreas Barsnes i Bergen. Hva bryr han sig om kristendommen? "

Sidan presten ikkje hadde lov til å nemna namn frå preikestolen, melde Barsnes presten til biskopen. Biskopen skreiv til presten og gjorde han merksam på at han hadde brote lova. Ei tid etter fortalde at han hadde fått eit så frekt svar tilbake frå presten at han skulle vore avsett.

Målfolket let seg ikkje stansa

Motstandarane av bruk av nynorsk i kyrkja gjennom salmar, liturgi og tale klarde ikkje å stogga utviklinga i Sogn og Fjordane. Dei mange røystingane i favør av Nynorsk salmebok i åra etter 1926, syner at nynorsken verkeleg var i ferd med å rotfesta seg. Me kan gjerne seia at nynorsken vart sungen inn i kyrkjene. Martin Luther sitt ynskje om Skrifta åleine der ingen skulle stå mellom dei truande og skrifta, var blitt ein realitet. Blix salmane var avgjerande.

kjelder:

Furre, Berge. Da nynorsk vart kyrkjemål. I: Syn og Segn 1997


Kleppa, Hermund. Året 2002 - minneår for salmar og salmesong. I: Kjelda nr 1 2002.


Lothe, Anders A. Målreisinga i Sogn og Fjordane. Firda Lærarlag. Flora 1950

PERMANENT IDENTIFIKATOR