Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fossheimsætra



Denne stølen høyrer til Fossheim, gard nr. 96, i Gloppen. Stølen ligg høgt, ca. 770 m o.h., på eit graskledd, steinfult høgdedrag med Myklebustbreen som nært naboskap. Husa står tett der ein finn fem godt vedlikehaldne sel og to fjøs. Elles fine murar etter fire steinfjøs. I dette området kan ein ikkje berre sjå husdyr. Med Svartebotnen som nabo, har reinsdyra også stølen som sin beiteplass. Her kan vi sjå flokken både sommar og vinter.

Fossheimsætra er det offisielle namnet på stølen. Bygdefolket vil gjerne at han skal kallast Fossheimstøylen.

Fossheimsætra er det offisielle namnet på stølen. Bygdefolket vil gjerne at han skal kallast Fossheimstøylen.

Eigar: Torbjørn Fossheim.

Datering: 1998.

Fotograf: Torbjørn Fossheim.

Tilkomst

Stølsturen i dag er på 2 km innmarksveg. Deretter ca. 3 km rås opp frå tunet. Mange som vil ta seg ein tur opp på breen frå Breim, går via Fossheimsætra og Steinheia.
Frå bygdeboka: "Stølsvegen og namn knytta til den kan omtalast såleis (etter ei namne-innsamling som skuleborn gjorde i 1932): Vegen går frå gamalt gjennom Ommondetunet, opp nedanfor 'Negardskvia', forbi 'Sandalskvile', oppover 'Nyebøane' til 'Stølsledet', forbi 'Sandbakkhola', over 'Øvstebrua', opp 'Korsalibakken', over 'Korsaliflata' som var kvileplass, opp 'Kleivabakkane', til 'Kleivane' som og var kvileplass, oppå 'Skjetnekleivane' og oppå 'Stølskviene'. Denne gamle stølsvegen har Fossheim saman med Sandal opp til Kleivane."

Bruk av stølen

Det er interessant å sjå at dyretalet var mykje redusert i 1723. Kan det vere innverknad av kaldare klima i denne brenære dalen? På denne tida gjekk breane sterkt fram i den "vesle istida". Lars Fossheim fortel at dei flytta til stølen første veka i juli og varder til Barsok (24. august). Alle brukarane hadde dyra i heimemarka om våren før dei flytta til støls og etter at dei kom heim frå stølen. Stølslivet var som vanleg heromkring med at jentene gjekk opp om kvelden, tok mjølkestellet og gjekk ned att om morgonen etter at mjølkinga var ferdig. Mjølka vart sett til rømmeask, rømme og surmjølk skilt og bore heim kvar for seg.

På stølen er noko som er kalla for stølskvia og det viser restar etter steinmur. Dette kan tyde på at det har vore slege og hausta gras i tidlegare tider. Stølsdrifta tok slutt i 1952.
Frå Aalandsboka: "Fraa Fossheimsstølen gaar det ein trong, vill og audsleg fjelldal, Svartebotnen, inn imot Blaabreden. Um denne dalen gjeng det segner um at det her er burtgøymde skattar. Illgjerdsmenn søkte jamleg gøymsla her i den avsidesliggjande dalen, segjer segni."
Korleis det er med gamle skattar, veit vi ikkje. Men framleis er det spennande å prøve på storfisken i det store Svartebottvatnet. Og rett bakom vatnet kan ein sjå restar etter århundre- eller tusenårs gamle reinsdyrgraver.

Nokre fakta

Fossheim, gard nr. 96, Breim sokn, hadde sju bruk i 1890
Statens Kartverk har vedteke at namnet på stølen skal vera Fossheimsætra, noko bygdefolket er svært imot. Dei meiner namnet alltid har vore Fossheimstøylen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR