Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 06. februar 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jørgen Ryssdal Tøndefabrik



I uminnelege tider har tønner vorte nytta til oppbevaring og transport av mat- og drikkevarer. Produksjonen blømde i periodar med rikt sildefiske, og i Sogn og Fjordane gav det ei kjærkome inntekt til mang ein bøkkar - handverkaren som laga tønnene. Frå kring 1900 skjedde mykje av tilverkinga i fabrikkar. Ein av dei var Jørgen Ryssdal Tøndefabrik på Sandane i Gloppen.

Brevhovudet til Jørgen Ryssdal
Tøndefabrikk.

Brevhovudet til Jørgen Ryssdal Tøndefabrikk.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kunsten å setje saman trestavar til runde kjerald er eldgamal. Teknikken vert gjerne skilt frå lagging, som er framstilling av bøtter og liknande kar ved hjelp av rette stavar. Bøkkarane var organiserte i laug, med monopol til å drive produksjon og sal av varene sine, men ei forordning frå 1753 gav bøndene lov til å produsere og selje tønner.

Til sildetønner vart det helst brukt stavar av furu. Hassel vart føretrekt som emne for band, men pil vart òg nytta ein del. Seinare tok jarnbanda over. På den tekniske sida representerte innføringa av sirkelsaga i 1860-åra ei nyvinning. Frå då av kunne ujamne tre og trevyrke med kvist nyttast i tønneproduksjonen.

Bøkkrverkstad på Salbu i Hyllestad

Den maskinelle produksjonen av tønner har sitt opphav i USA. Aukande oljeproduksjon i andre halvdel av 1800-talet kravde ein så stor tilgang på emballasje at bøkkarane ikkje var i stand til å lage nok tønner. Det vart difor utvikla reiskapar som auka produksjonen monaleg.

Tønnene kom i ulike storleikar: åttring, fjerding, halvtønne og tønne. Frå gamalt av varierte volumet, avhengig av geografi og kva type vare som vart lagra. Styresmaktene freista etterkvart å standardisere storleiken på tønnene. Ei fisketønne skulle såleis romme om lag 115 liter. I ei tønne med stampa sild gjekk det omtrent 520 fiskar.

Mange bønder hadde bøkringa som ei attåtnæring i dei periodane anna gardsarbeid låg i dvale. Arbeidet vardessutan konjunkturbestemt. Den viktigaste einskildfaktoren var sildefisket, som tidvis skapte ein svær etterspurnad etter emballasje.

I Sogn og Fjordane peikte Gaular seg ut som eit hovudområde for tønneproduksjon. Bygda hadde langetradisjonar for handverk, og på 1860-talet skal det årleg ha blitt produsert 20 000 tønner i Gaular.

Jørgen Ryssdal Tøndefabrik
Jørgen Larsson Ryssdal vart fødd i Gloppen i 1874. I folketeljinga 1900 er han oppført som snekker, busett på Ryssdal. Valet av yrke var nok ikkje tilfeldig. Skogen var ei god attåtnæring på garden. Heradskommisjonen noterte seg på 1860- talet at dei to bruka på Ryssdal produserte skogprodukt for høvesvis 40 og 50 spesidalar i året.

Finn Førsund har beskrive korleis Ola Hovland, grunnleggjaren av Dale Tønnefabrikk, grunnla og utvikla verksemda si. Han kom frå ein gard med lange bøkkartradisjonar, starta opp verkstad i ei handelsbu på Dale, og tok etter kvart steget over frå verkstad til fabrikkproduksjon av tønner.

Det er sannsynleg at Jørgen Ryssdalhadde ein tilsvarande karriere: Frå enkle handverkskår på Ryssdal via eigen bøkkarverkstad til produksjon av tønner ved hjelp av elektrisk drivne maskiner. I 1909 starta kraftverket på Evebøfossen produksjon av elektrisitet. I ein avisartikkel i Fjordenes Blad jolafta same året kjem det fram at „Bødker Jørgen Rysdal agter at faa en motor i sin tøndefabrik” Det er såleis truleg at maskinkrafta var på plass i 1910.

I 1918 får me eit glimt inn i tønnefabrikken. Det vart då halde branntakstforretning på sjøbua til Jørgen. I bøkkarverkstaden var det på den tida "1 tihestes elektrisk motor, 2 strykemaskine, 1 krydsemaskine, 1 bundemaskine samt 1 vifte der fører hovlesponen gjennem en rende til et paa husets vestre side staaende skur”. Forutan fabrikken låg det eit kontor og ein butikk i første etasje. Andre og tredje etasje, samt lemmen, vart nytta som lagerplass for tønner og ymse materiale.

Jørgen Ryssdal var ikkje aleine om å drive maskinmessig framstilling av tønner i Gloppen. I 1919 var det tre andre tønnefabrikkar i kommunen: Alb. Øvens tøndefabrik, Ole J. Apalsæts sagbruk og tøndefabrik og Ragnvald Andersens sagbruk og tøndefabrik. Under fyrste verdskrigen, som var ei glanstid for tønneproduksjon, var den samla fabrikkmessige tilverkinga av tønner i Gloppen anslått til 20 000.

Råstoffet fekk Jørgen Ryssdal frå nærområdet. Frå Evebø, Fitje, Søreide og mange andre gardar vart det levert både band og trestavar til fabrikken. I byrjinga ser det òg ut til at Jørgen kjøpte opp tønner som var produserte på gardane i nærleiken.

Salet gjekk i hovudsak til Nordfjord og Sunnfjord. Landhandlarar var store tingarar, til dømes Ulf Lem i Måløy, Ole Solheim i Vågsvåg og Knud Kjelkenes i Svelgen. Store parti med tønner vart òg selt til fiskeselskap i Batalden og Lefdal. I tillegg kom det av og til inn bestillingar frå Bergen og Ålesund.

Produksjonen må ha svinga ein god del, i takt med skiftande konjunkturar. I 1925 vart det til dømes laga 10 000 tønner i fabrikken, i 1926 4000, og i 1927 var talet nede i 1500. Talet på arbeidarar varierte naturleg nok òg ein del. På 1920- og 30-talet ser det ut til å ha arbeidd 5-10 personar i fabrikken.

Det er usikkert kor tid Jørgen la ned produksjonen av tønner. Han står oppført som bøkkar i skattelista for 1938/39, men etter krigen har det ikkje vore mogleg å finne spor etter verksemda hans.

Jørgen Ryssdal si bu på Sandane

 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2009110 Jørgen Ryssdal Tøndefabrik


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2000186 Ryssdal, Matias


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Gloppen kommune. Likningsnemnda. Møtebok 1903-1920


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Gloppen kommune. Likningsnemnda. Møtebok 1920-1931


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Gloppen kommune. Heradskommisjonen.


Folketeljing 1910


Fjordenes Blad 24.12.1909


Timberlid, Anders: Bygdebok for Gaular, band 2


Timberlid, Anders: Bygdebok for Gaular, band 3


Molaug, Svein: Vår gamle kystkultur, band 1


Sogn og Fjordane: indstilling frå trafikplankomiteen av 1919


Førsund, Finn B.: Kystbygdene skifter ham



Tønnemaskiner i Woldbrygga


Tyssen, Asbjørn: Handverksbygda Viksdalen. S. 4-8. I: Jul i Sunnfjord 2009


Allkunne: Tønneproduksjonen i Gaular


Ulvund, Frode: Bonden, Silda og handelsmannen

PERMANENT IDENTIFIKATOR