Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. september 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Ervik kyrkje



Ervik kyrkje er er ei langkyrkje i mur som ligg i Ervika, langt ute på Stadtlandet i Selje kommune. Kyrkja, som har 150 sitjeplassar, vart vigsla 14. juni 1970 av biskop Per Juvkam. Arkitektane Arnstein Arneberg og Olav Platou laga teikningane. Frå 1. januar 1997 er Ervik eit eige sokn i Selje prestegjeld. Fram til dess hadde Ervik hatt status som kapell.

Storm ved Stad, eller ikkje, Ervika er eineståande. Det er ei grøderik bygd med livskraftig jordbruk, ei 2 km lang sandstrand, som i godvêr mest minner om Syden, og uendelege dønningar frå eit hav som aldri kviler. Og som krona på verket ligg kapellet og kyrkjegarden der, som vitne om det dramatiske forliset til hurtigruteskipet "Sanct Svithun" ein septemberkveld i 1943.

Storm ved Stad, eller ikkje, Ervika er eineståande. Det er ei grøderik bygd med livskraftig jordbruk, ei 2 km lang sandstrand, som i godvêr mest minner om Syden, og uendelege dønningar frå eit hav som aldri kviler. Og som krona på verket ligg kapellet og kyrkjegarden der, som vitne om det dramatiske forliset til hurtigruteskipet "Sanct Svithun" ein septemberkveld i 1943.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Otto og Mechtild Reuber.

Kyrkjegard sidan 1500-talet

Kyrkjegarden i Ervika går tilbake til før 1550, og det var truleg omkomne ved skipsforlis som fyrst vart gravlagde her. Stadthavet er av mange rekna som den største kyrkjegarden på norskekysten. Ei segn fortel at portugisiske sjømenn var dei fyrste til å få gravene sine i Ervika. Men avstanden til soknekyrkja i Selje var bakgrunnen for at det vart lagt ein kyrkjegard her, skriv presten Peder Harboe Frimann i kallsboka frå 1746: "I Ervigen paa Stads-Landet er een for lang Tiid siden indviet Kirkegaard, hvori Indbyggerne paa de yderste Gaarder af Stadt begrave deris Døde, eftersom de ikke beqvemmelig kand bringe samme til Selløe Kirkegaard. Og til samme Gaard Erviig haver Præstene fra ældgammel Tiid rejst ud i eller efter Juule-Højtid for at holde een Prædiken om Juule-Lærdommen for den Almue yderst paa Stadt."

Gravstad med kyrkjeklokke

Det var ein gammal skikk at Selje-presten ein gong for året held preik i Ervika. I dei eldste tider vart preika halden på etterjulsvinteren, kring Kyndelsmesse (2. februar), då det var mykje folk samla til vinterfiske. Samstundes jordfeste presten dei som hadde vore gravlagde siste året. Gabriel Heiberg, prest i Selje 1806-1826, flytta preika til jonsoktider. Han meinte at midtvinters var særs ulagleg, då det var både vêrhardt og farefullt for presten å reisa dit.

Gravstaden i Ervika ligg i ein sandhaug, som har vakse med åra slik at det no er graver i minst tre høgder. I 1906 vart han inngjerda, og fekk port av kvalbein. Året etter kom det klokkehus, med den gamle klokka frå kyrkja på Bø frå kring 1315. Denne klokka hadde innskrifta "Jon Biarnarson let giera mik. Jac. Jaccob me fecit" (Jon Bjarnarson tinga meg. Jakob Jakobson laga meg). Klokka hang fyrst i kyrkja på Bø, deretter i kyrkja på fastlandet frå 1654, og frå 1866 på Leikanger. Klokka klovna i 1844, og vart då omstøypt og fekk ny inskripsjon "Me fecit Knud Andersen Sundt Bergen MDCCCXLIV SDG AGÆ (1844 Soli Deo Gloria Aleine Gud æra).

Minnekapell

Fyrste opptakten til å få eiga kyrkje ytst på Stad i nyare tid, kom etter krigsforliset til den sørgåande hurtigruta "Sanct Svithun" 30. september 1943. Det var engelske jagarfly som skaut skipet i senk, av di dei trudde det var tyske soldatar om bord. Krigsforliset kosta 50 menneske livet, medan 78 vart berga etter heltemodig innsats frå bygdefolket. Skipsinspektør Brekhus, ein av dei som vart berga, var den fyrste til å setje fram tanken om at Ervika burde få eit minnekapell, både til minne om dei som omkom, og til minne om den djerve bergingsdåden. Men nazistane greip idéen, laga teikningar og la ned grunnstein til eit kapell. Dette gagna kyrkjesaka i Ervika lite, og det skulle gå mange etterkrigsår før kyrkjeprosjektet igjen kom i gang.

Kring 1960 kom tanken på ny fram, med skulestyrar Adolf Ervik som pådrivar. Ei byggjenemnd skaffa startkapital, og kontakta den kjende arkitekten Arnstein Arneberg, som hadde teikna Oslo Rådhus og seinare Høyanger kyrkje. Men Arneberg døydde 6. juni 1961, få dagar før han skulle reise til Ervika og gjere seg kjend med staden. Olav Platou tok då over arbeidet med å fullføre prosjektet. Lokalt vart det gjennom fleire år arbeidd med å skaffe pengestøtte, både offentleg og privat, før bygginga tok til i 1968 på ei tomt like ved den gamle kyrkjegarden, nokre få meter frå havdønningane.

Særmerkt kyrkjebygning

To år seinare stod minnekapellet ferdig, ein av dei mest særmerkte av dei nyare kyrkjebygningane i fylket. Ervik kyrkje er bygd i mur, og har tårn mot vest med uvanleg løkkuppelform, der skipsklokka frå "Sanct Svithun" er kyrkjeklokke. Innvendig er kyrkja innreidd som arbeidskyrkje med skip og kor i eit kyrkjerom med skyvedør til ein stor og ein liten møtesal attåt. I den romslege vestibylen er fleire minne etter "Sanct Svithun" utstilt, mellom anna skipsfløyta, ein redningsring, ei minneplate over dei omkomne og fleire måleri og foto.

Ein 60 cm stor modell av "Sanct Svithun" er innfelt i veggen mellom storesalen og garderoben, slik at han kan sjåast frå begge sider. Veggene i kyrkjerommet er av kvitmåla murstein, medan møtesalane har panelkledning. Det er også panelt tak i alle romma. Kyrkjerommet har fem vindauge med glasmåleri. Når skyvedørene er opna doblar talet på sitjeplassar seg frå 75 til 150. Litlesalen vert også nytta til vegkyrkje om sommaren.

Kunst og inventar

Alterbordet frå 1970 er i marmor. Der står to lysestakar, ei gåve frå Harald Strand, Randi Prostad og Irene Sætren. Då "Sanct Svithun" forliste i 1943 var Irene berre eit spedbarn, og den yngste som vart berga. Lysestakane vart kjøpte i 1960 og vart oppbevarte i ein safe inntil kapellet stod ferdig i 1970. Den sjuarma lysestaken med innskrift er frå 1970, til liks med det meste av inventaret. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk og ei vinmugge. Døypefonten, dåpsfatet og dåpsmugga frå 1970, er i sølv og er ei gåve frå Det Stavangerske Dampskibsselskab.

Glasmåleria er ei gåve frå Heyerdahls legat. Det nederlandske ikonet frå 1996 viser St. Sunniva. Relieffet på bakveggen i kyrkja er ei gåve frå pårørande etter forliset. Motivet er nattverden. Kyrkjebøsse frå 1985 var opphavleg skipsfløyta på "Sanct Svithun".

Orgelet frå 1990 er elektronisk. Minneplata frå 1976, med namna til dei omkomne frå forliset, er i kopar. Ho er hengt opp i gangen, og er ei gåve frå Det Stavangerske Dampskibsselskab.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Hoddevik, Jan Petter: "Sanct Svitun"s krigsforlis - Eit 50 års minne. Ytre Stadtlandet 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR