Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Smørhamn



Heilt sør på Bremangerlandet ligg den gamle gjestgjevarstaden Smørhamn. Innseglinga frå vest er trong, ein må halda seg nær øya Rota. Aust for staden ligg den ofte vêrharde Frøysjøen. I vest ligg øya Frøya med tettstaden Kalvåg, hit er det brusamband. Smørhamn er enno ei viktig hamn for både ferje- og snøggbåtruter.

Smørhamn 2009. Biletet er teke frå øya Rota. Begge sjøhusa er vølte og i god stand. Det eine (venstre) er innreidd med leiligheter for utleige. Det andre vert av og til nytta til arrangement som til dømes bryllaup. Bak sjøhusa viser litt av dei to bustadhusa.

Smørhamn 2009. Biletet er teke frå øya Rota. Begge sjøhusa er vølte og i god stand. Det eine (venstre) er innreidd med leiligheter for utleige. Det andre vert av og til nytta til arrangement som til dømes bryllaup. Bak sjøhusa viser litt av dei to bustadhusa.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2009.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Milekors

Langs leia har det frå gamalt lege gjestgjevarstader der dei reisande kunne søka inn for natta, eller søka ly for ruskevêr. I følgje ei gamal forordning skulle dei liggja ei mil frå kvarandre, - ei mil var 36 000 fot. Milekors vart sett opp langs leia som offisielle avstandsmålarar. Mellom Furesund og Rugsund låg gjestgjevarstaden Smørhamn, den nordlegaste i Sunnfjord. Her vart det drive handel og gjestgiveri frå slutten av 1600-talet. Den fyrste som er nemnd er ei kremmarkvinne med namnet Magdelene i 1664.

Handel og gjestgiveri

Den fyrste handelsmannen og gjestgjevaren me kjenner frå Smørhamn er Jørgen Berentsen Balchen. Han kom hit kring 1680. Sonen, Anders, tok over drifta etter faren. Seigneur Paul Qvale dreiv så Smørhamn til Jørgen Anderssen Balchen overtok staden og løyvet. Sistnemnde hadde ei tid drive gjestgiveri i Osen i Bygstad. Han vart godt gift og vart ein velståande mann. Jørgen Balchen dreiv ein omfattande handel med fiskeeksport og var kommisjonær for bergenske fiskekjøpmenn. Dødsbuet hans i 1777 var på 14 601 riksdalar.

Arentz om Smørhamn

Sorenskrivar Hans Arentz omtalar kring 1785 Smørhamn som det nordlegaste gjestgiveriet i den opphavlege skipsleia gjennom Frøysjøen til Nordfjord. Det var plasseringa til staden i høve til fisket som gjorde at her var bra å driva gjestgiveri, og gjorde handelen god. Ikkje minst skrytte han over dei som hadde styrt handelen her. Dei hadde fått mykje ut av staden i høve til andre tilsvarande handels- og gjestgjevarstader langs leia. Likevel meinte Arentz at handelsstaden heller burde liggja på Gulestø, på fastlandssida i Bremanger.

Lexau

På den tida Arentz skreiv om Smørhamn var det George Ross som var handelsmann og gjestgjevar her. Han overtok staden i 1778. Truleg var han frå Shetland. I 1790 fekk Henrich Henrichsen Lexau løyve til å driva handel og gjestgiveri i Smørhamn, ved å betala 50 riksdalar - ein gong for alle - til bygdemagasina i Noreg. Lexau døydde som ein rik mann i 1806. Det ser ut for at enkja dreiv vidare fram til sonen Jens Lind overtok drifta. I 1865 dreiv Andreas R. Lexau som landhandlar her. Han hadde fleire tilsette; ein handelsbetjent, to tenestekarar, fire tenestejenter og ein bøkker. 29 menneske er registrert i Smørhamn dette året. Lensmann Steen er losjerande hjå Lexau. Det bur òg ei lærarinne i Lexau sitt hushald. Det fanst to hushald utanom Lexau sitt. Det eine var bøkker Simon Monsson med familie og tenestejente, og det andre var husmannen Ole Larssen med sin familie.

Rutebåtstoppestad

Smørhamn vart med som stoppestad alt i den fyrste ruta som Fylkesbaatane sette opp på Sunn- og Nordfjord. Dette var ved årsskiftet 1858/59, men alt i 1862 vart staden sløyfa og erstatta av Kalvåg. Ikkje før i 1956 vart Smørhamn igjen aktuell som stoppestad for Fylkesbaatane. Då vart det bygt veg mellom Ryland og Smørhamn. Strekninga frå Bremanger til Smørhamn fekk snart bussamband og spørsmålet om båtruter til Kjelkenes og Florø kom opp. Vinteren 1956 vart staden teken opp att som stoppestad. Kaia vart bygd av same mannen som vart kaiekspeditør, Karl Vadøy. Frå 1974 vart her ferjesamband både til Kjelkenes og Florø. Snøggrutene mellom Bergen og Nordfjord har hatt stoppestad her sidan 1972.

Bilete av Smørhamn i andre halvdel av 1800-talet.

Bygningane

Hamna har form som eit langt, smalt sund og endar i eit naust. Rundt denne hamna står alle bygningane i Smørhamn. På kvar side av innløpet er det bygt opp ei stor sjøbu. Våningshuset og den gamle tingstova ligg på nordsida av hamna. Våningshuset er i halvanna høgd med pultark. Fram til arken vart ombygd på 1950-talet var han spiss. Tingstova er sterkt ombygd og vart på slutten av 1900-talet nytta til bustad. I dette huset har det òg vore drive butikk, bakeri og skule.

Bilete av det første våningshuset i Smørhamn.

Bilete av den opprinelege staden til tingstova i Smørhamn.

Frå handel til hamn

I matrikkelen frå 1890 var det Albert Blytt som eigde Smørhamn. Ti år seinare finn me Ivar Hanssen Haukenæs som bruksbestyrar her. Han har kone og tre born, samt ei tjenestejente i sitt hushald.

På slutten av 1800-talet vart det slutt på handelen i Smørhamn. Kalvåg overtok mange av dei funksjonane Smørhamn hadde hatt. I Kalvåg voks det fram eit sentrum for fisket der ein kunne få levera fangsten, handla varer og overnatta. Ikkje før vegen kom på 1950-talet fekk Smørhamn ei ny oppblomstring. Då fekk dei faste båtruter og seinare også ferjeruter. Det er som hamn staden no har sin viktigaste funksjon.

Kaiekspeditør Karl Vadøy, opphavleg frå Bulandet, kjøpte Smørhamn i 1922. Karl Vadøy dreiv sildefiske med notbruk, laksefiske og anna fiske, og var aktiv fiskar like til 1958. Han hadde mange politiske verv som representant for partiet Venstre.

Bilete av Smørhamn rundt 1980.

Bilete av utstyr frå perioden 1922-1958.

Vern av bygningane

Kring 1990 var det trong for midlar til restaurering av nokre av dei gamle bygningane i Smørhamn. Eigarane bad om hjelp til å få sett i stand den store sjøbua. Særleg taket på bua trong vøling. Dei vona at Smørhamn, i likskap med ein del andre gamle handelsstader, kunne koma med i ein verneplan. Dei gamle bygningane var store og var kostsame å halda vedlike. Svein Inge Fosse hadde kjøpt ei av sjøbuene og hadde planar om å starta med rorbu-utleige. Han var spent på om ein eventuell verneplan kunne gje plass for noko slikt.

Den eine sjøbua vart sett i stand på midten av 1980-talet, men vart skadd i nyårsstormen i 1993. Sommaren 2001 vonar ein å koma i gang med ny restaurering av denne. Det er særskilt taket som treng reparasjon. Den andre sjøbua vart reparert i år 2000, då både takstein og kledning vart skifta. Våningshuset er òg ein del omvølt, og ein har planar om å setja opp att eit naust som vart rive. Den gamle handelsstaden i Smørhamn er verna men ikkje freda. Dette set visse grenser for kva ein kan gjera med bygningane. Når alle bygningane er istandsette vonar ein å kunna satsa på utleige av husrom til turistar i desse. I år 2001 er Ingeborg Vadøy eigar av hovudbruket i Smørhamn, medan Johan og Knut Arne Vadøy eig to av dei gamle sjøbuene på staden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Haarstad, Einar: Gjestgiversteder i Sunnfjord, i Gamalt frå Bremanger. Utgjett av Bremanger Sogelag. Førde 1981.
Joleik, Albert Abrahamson: Bremanger Bygdebok, Soga fram til 1801, band 1. Utgjeve av Bremanger Sogenemnd. Bergen 1969.
Avisa Firdaposten, Reportasje om sildekokaren Clupea, 1998.
Avisa Firdaposten, Reportasje om den verneverdige handelsstaden Smørhamn, 1989.
http://museet.posten.no/:
Poststeder en historisk oversikt: Smørhavn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR