Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vadheim electrochemiske fabrikker



A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker vart skipa i 1907 og er den eldste av dei større industriverksemdene i Sogn og Fjordane.

Fabrikkanlegget kring 1935.

Fabrikkanlegget kring 1935.

Eigar: A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker/Fylkesarkivet SFFf-90143.

Datering: Ca. 1935.

Fotograf: Ukjend.

Frå attraksjon til konsesjon

Engelskmannen Edgar Allen Ashcroft kom til Noreg på feriereise rundt år 1900. Kjemikaren og oppfinnaren Ashcroft vart fascinert av naturen, men han såg meir enn naturopplevinga. Ashcroft la merke til Dyrneslifossen i Vadheim og vasskrafta der. I løpet av nokre få år vart ide til røyndom. Ashcroft fekk konsesjon på rettar og eigedomar i Dyrneslivassdraget i 1906. Same året kom anleggsarbeidet i gang.

Fabrikken vert reist

Under anleggsarbeidet hausten 1906 fekk Ashcroft problem med sine engelske investorar. Det vart skipa eit norsk selskap for å overta anlegget frå Ashcroft våren 1907. Ashcroft stod då som personleg eigar. A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker vart etablert med stort sett norsk kapital i botn. Eigenkapitalen var på 315000 kroner. Forretningsmenn frå Oslo og Bergen gjekk inn med mesteparten. Ashcroft sjølv skaut inn 80 000 kroner.

Drift og produksjon sidan 1907

Drifta ved fabrikken har så og seie gått døgnkontinuerleg sidan skipinga i 1907. På det meste hadde fabrikken 85 tilsette. I 1999 har verksemda om lag 25 personar i arbeid. Eigar i 1999 er familien Horn i Bergen.
Dei første åra gjekk produksjonen for fullt. Fabrikken laga natrium, og marknaden var tilfredsstillande. Så melde vanskane seg. Den første verdskrigen vart starten på ein tung og turbulent periode for fabrikken ved Sognefjorden. I kortare periodar var den og stengd. Først i 1934 vart drifta stabil. Då byrja ein å produsera natriumklorat. I 1999 er dette framleis hovudproduktet. Natriumklorat vert mellom anna nytta til klorbleiking i treforedlingsindustrien og som ugrasmiddel.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sagen, Asbjørn V.: A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker. I Årbok for Sogn. 1996.
Dahl, Sverre: A/S Vadheim Elektrochemiske Fabrikker. I Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. En kort historik, bind III. Høyanger 1978.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fotosamling SFFf-90143.
Byrkjeland, Martin: Bluss. Arbeidarar og fagforeining ved Høyanger Verk 1916-1986. 1990.
Et splittet folk. I Aschehoug Norgeshistorie, bind 10. Oslo 1996.
Fasting, Kåre: Norsk Aluminium gjennom 50 år. Oslo 1965.
Urtegaard, Gunnar: Balestrand - II, s. 180. Balestrand 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR