Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 08. mai 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

A/S Fjærlandstunnelen



«Kampen for vegutløysing for Fjærland er ei lang historie. Det ei soge med mange voner og store vonbrot, lovnader og luftslott og politikk. Tanken om sambindingsveg mellom Sogn og Sunnfjord med tunnel under Jostedalsbreen er så visst ikkje fødd i vår tekniske supertid.».

Vegen framover Bøyadalen i Fjærland, med tunnelopninga ved breen.

Vegen framover Bøyadalen i Fjærland, med tunnelopninga ved breen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Per Olav Bøyum


Slik skildra Norvald Tveit i boka «Eit vegopprør i Bygde-Norge» fjærlendingane sin strid for å få veg ut av bygda. Då boka kom i 1973 skulle det framleis gå 13 år før tunnelen braut vegisolasjonen for innbyggjarane i Fjærland.

Frå jernbane til bilveg

Tveit hadde rett i at framlegget om kommunikasjonssamband nordover mot Sunnfjord ikkje var av ny dato. Amtsingeniør Engebreth Borch og presten Harald Ulrik Sverdrup i Balestrand lanserte tidleg på 1900-talet idèen om ein tunnel frå Fjærland til Jølster. Den skulle vere del av eit større jernbaneprosjekt gjennom fylket.

Hotelleigar Dahle i Fjærland hengte seg snart på, og tala varmt for ei nordvestbane. Ho skulle gå frå Voss til Vangsnes, deretter ferje til Fjærland, tunnel til Lunde og vidare med ein banetrasè langs Kjøsnesfjorden til Skei.

Jernbaneplanane kom tett i tiåra før og etter den første verdskrigen. Borch og Sverdrup hadde lansert tanken om ei bane frå Fjærland til Gloppen. I tillegg vart ei ytre line skissert frå Vadheim og nordover. Andre argumenterte for jernvegsanlegg opp Jostedalen, men Dahle, som naturleg nok stod på barrikadane for si eiga bygd, var tydeleg på at ein ikkje måtte «tulla seg paa avveg med ei bana fraa Sogn eller Nordfjord til Sjaak.»

I ettertid kan planen om jernbane gjennom Fjærland framstå som eit luftig prosjekt, men det svevde ikkje høgare enn at ei line langs Fjærlandsfjorden vart stukken og kostnadsrekna. Det skjedde etter at Stortinget i 1923 vedtok at eit togsamband mellom Sogn og Nordfjord skulle byggjast ut.

Kravet om landbasert kommunikasjon til Fjærland var såleis meir enn berre ei lokal kampsak. Det vart like mykje fremja som del av eit større samferdsleprosjekt der målet var å binde saman Sogn og Fjordane, og dessutan kople fylket til resten jernbanenettet.

Men toget tøffa snart inn på eit sidespor. Mot slutten av 1920-talet gjekk Sverdrup og Dahle over til å argumentere for bilveg mellom Hella og Skei. I 1930 fekk dei med seg Jølster kommunestyre i kravet om vegutløysing mot Sunnfjord.

I 1940 kom ein ny vegplan for Sogn og Fjordane. Den presenterte heile fire vegalternativ ut av bygda. Det eine gjekk ut på å byggje vegen sørover, på vestsida av Fjærlandsfjorden, mot Vetlefjord. Ei anna line gjekk frå Berge og over til Sogndalsdalen. I alternativ tre var det tale om tunnel til Lunde i Jølster. Det siste forslaget gjekk ut på å byggje veg frå Supphelledalen til Veitastrond. I tillegg argumenterte Anders J. Bøyum, stortingsmann og ordførar i Balestrand, for vegalternativet på austsida av fjorden, frå Hella til Fjærland.

Tveit slo i boka si fast at «Fleire alternativ er bra. Så lenge folk slåst om dei, kan styresmaktene sitte med hendene i fanget. Når så folk samlar seg om eitt alternativ, skal det utgreiast, dei andre skal utgreiast, og tida går»

Og tida gjekk, utan at fjærlendingane fekk vegutløysing. Dei heldt folkemøte, skreiv avisinnlegg og stridde elles så godt dei kunne for saka si, i kommunestyre, fylkesting og Storting. Vonbrot avløyste optimisme, før ein ny kveik vart tent – og slokna. Ei gåverik sjel, som Tveit litt svivyrdsleg omtala vedkomande, laga endå til eit fengande slagord for prosjektet, som henta ut frå ein amerikansk presidentvalkamp: «Vi kjem ingen veg utan veg».

I 1967 prioriterte fylkestinget prosjektet Hella-Fjærland-Skei som nummer ein i sin 15-års plan for riksvegar. Ei eiga nemnd vart sett ned for å sjå til at prosjektet ikkje nok ein gong blei trenert og ført inn på ein blindveg. Nemnda bestod solide  samfunnsstøtter som gav saka tyngde: Olav K. Henden, Johan M. Skrede, Arne Grepstad og Per Horpedal. Det var denne nemnda som i 1971 tok initiativet til A/S Fjærlandstunnelen.

A/S Fjærlandstunnelen

Stiftinga av A/S Fjærlandstunnelen skjedde 11. september 1971 på Skei. Paragraf to i vedtektene slo fast at «Føremålet til selskapet er ved hjelp av bompengar å ta del i bygging av tunnel mellom Fjærland og Skei i Jølster. Dette som lekk i ferjefritt samband Hella–Fjærland-Skei.»

Olav K. Henden vart vald til formann, og Johs. A. Bøyum til nestformann. Selskapet la vinn på å fremje sambindingsprosjektet som eit fylkeskrav. Vedtektene slo fast at styret skulle bestå av eitt medlem busett i Gloppen kommune, to i Jølster, eitt i  Balestrand og eitt i Leikanger. Det interkommunale samarbeidet viste også att i aksjonærtala. Flest aksjeeigarar budde i Jølster. Deretter fylgde Balestrand og Gloppen.

Nabokranglar og futekonfliktar vart for ei stakke stund rydda til sides for eit felles prosjekt. Skipingsmøtet vedtok å sende ein resolusjon til Stortinget der det heitte at

Folk frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samla på Skei i Jølster til skiping av A/S Fjærlandstunnelen er kjend med at Norsk Vegplan i næraste framtid kjem opp i Stortinget til endeleg avgjerd. [...] Fylkets prioriteringsplan gir anlegget Hella–Fjærland-Skei høgste prioritet avdi vegen på ein særeigen måte gir fylket eit ferjefritt låglandssamband, og såleis på ein effektiv måte bind fylket saman, samstundes som det skaffar vegutløysing for den gode jordbruksbygda Fjærland med sine omlag 500 menneske.

Særleg stod stortingsrepresentanten Oddleif Fagerheim fram som ein ivrig talsmann for at alle stridande krefter burde stå samla under ei fane. Han føreslo skipinga av eit tunnelselskap som omfatta heile fylket. Det skulle få fortgang i bygginga av dei store sambandsvegane i Sogn og Fjordane.

Til slutt lukkast kampen for vegutløysing. Stortinget vedtok i 1975 bygging av veganlegget Fjærland-Skei. Arbeidet tok til to år etter. 31. mai 1986 kunne så Walter Mondale klyppe snora som sette sluttstrek for sju tiår med strid for landkommunikasjon ut av bygda. A/S Fjærlandstunnelen vart oppløyst i 1990.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2016108 A/S Fjærlandstunnelen


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2014136 Veghistorisk arkiv (Statens vegvesen)


Tveit, Norvald: Eit vegopprør i Bygde-Norge : Fjærland. Oslo : Samlaget, 1973


Bergens Tidende 24.06.1919


Kulturhistorisk leksikon: Under Jostedalsbreen frå Fjærland til Skei

PERMANENT IDENTIFIKATOR