Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 04. desember 2019

Sist oppdatert 13. januar 2020

Rå-data

Slagskipet HMS «Rodney» i Vik 1932



«Utenlandske marinefartøier til Vest-Norge. (…) 40 000-tonneren «Rodney» vil anløpe Vik i Sogn 10. ti 15. juni, …». Det melde Bergens Tidende og fleire andre aviser våren 1932. Ei slik vitjing må ha vekt oppsikt. Eit av verdas største krigsskip, med meir enn 1000 mann om bord, til ankers på Vikjabukta i fire døgn. Hausten 2019 kom det spørsmål frå son til ein av mannskapet. Han var nysgjerrig på detaljar frå besøket.

Biletet viser slagskipet til ankers i Simadalsfjorden, Eidfjord kommune, 10. – 14. juni 1932.

Biletet viser slagskipet til ankers i Simadalsfjorden, Eidfjord kommune, 10. – 14. juni 1932.

Eigar: Michael Williams, Edinburgh

Datering: 10.- 14.06.1932

Fotograf: H.H. Williams

Royal Navy - HMS «Rodney»

HMS «Rodney» var eit britisk slagskip i klassen Nelson. Nokre fakta: Levert 1927 frå Cammell Laird & Co, Birkenhead, UK. Bruttotonnasje: 34.270 dwt. Mål: lengd: 216,5 m, breidd: 32,2 m, djuptgåaande: 9, 45 m. Fart: 23 knop. Besetning: 1314 mann. I verdskrigen 1939-1945 var «Rodney» mellom anna med i jakta på den tyske slagskipet «Bismarck» 1941. I teneste: 1927-1946. Selt til opphogging: 1948.

2019 – etterkomar var nysgjerrig

Det var Michael Williams i Edinburgh som sende spørsmål til turistinformasjonen i Vik. Han viste til ei noko «obscure» hending sommaren 1932. Det britiske slagskipet HMS «Rodney» skulle ha vitja «Vik and Sognefjord», men det hadde vore heilt uråd å finna opplysningar nokon stad. Far hans hadde vore mannskap, og Michael Williams lurde på om det kunne finnast eit lokalt «archive» eller «museum» som kunne ha ei eller anna kjelde til å kasta lys over ei - etter det han hadde funne ut – dårleg dokumentert hending i slagskipet si soge. Som vedlegg følgde med sju foto frå krigsskipet si ferd i fjordlandskap. Nokon annan informasjon hadde han diverre ikkje, skreiv Michael Williams. I Vik hadde dei aldri høyrt om noko slik hending, og vidaresende spørsmålet til Fylkesarkivet.

«Wellcome» i Sogns Avis

Fylkesarkivet sitt første steg var å gå til lokalavisene i Sogn. Sogns Avis kom ut i Vik, og hadde som ein kunne venta, brei førehandsomtale. Utgåva tysdag 7. juni, tre dagar før det annonserte flåtebesøket, var i røynda eit ekstranummer både med omsyn til innhald og opplag. Fleire innslag var skrivne på engelsk. Avisa hadde fått opplyst frå det britisk konsulatet i Bergen at «det engelske krigsskipet» skulle koma direkte frå «England», fredag, i to-tida, og liggja til tysdag den 14. klokka 11. om føremiddagen. Konsulatet rekna med at det ville bli høve for folk til å koma om bord om ettermiddagane og sjå seg om. På førstesida hadde avisa velkomsthelsing under overskrifta «Wellcome», og elles informasjon om Vik mynta på engelsktalande marinegjester. Eitt dagsturtips var å leiga seg båt til Framfjorden og så gå over fjellet og nedatt til Vikøyri, med leigegut som guide, vel å merkja. Dessutan hadde avisa inne i bladet fleire annonser frå forretningsføretak på Vikøyri, under overskrifta «Hello, Englishmen, what you ought to know – about Vik». B. Breilid var ein av annonsørane, «1st shop on the left hand on the quay. Ass.real-estate dealer. Tourists-souvenirs. Low prices.» I det heile gjev Sogns Avis på sitt vis klår beskjed om eit nært føreståande og godt førebudd flåtebesøk, fredag 10. juni 1932.

Andre spor enn foto

Det neste steget var å sjå nærare på dei sju tilsende fotografia. Det «local archive», Fylkesarkivet, fekk ved første augekast ikkje fotoa til å stemma med Sognefjord-geografien. Kunne krigsskipet ha vore innom ein annan fjord òg, før eller etter Sognefjorden? Arkivet sende brev tilbake til Michael Williams, og spurde om det stod skrive noko på baksida på eitt eller fleire foto, og om det fanst andre spor frå flåtebesøket? Svaret let ikkje venta på seg. Ja, det stod notert noko på eitt av fotografia, «at Vik Norway», og ved å sjå nærare etter i papir og anna etter faren, hadde Michael Williams funne ei oversikt over HMS «Rodney» sine tokt 1932-1934. Begge spora var til god hjelp for å stadfesta fotografia. Det står berre VIK påskrive fotoet, ikkje Vik i Sogn, og ei innteikna line merka 1932 på ei kartskisse, går frå Lerwick (Shetland) til VIK, inst inne i Hardangerfjorden, på dato «Jun: 10th. Jun: 14th»

Vik i Hardanger, Eidfjord – Simadalsfjorden

Etter dette var det ei enkel sak å plotta inn fotografia i Hardangerfjorden. Dei sju bileta viser 1) posisjon i Hardangerfjorden, eit stykke innom, Varaldsøy, på nummer 2) har skipet kurs mot landet mellom Kinsarvik og Ringøy frå posisjon omtrent der Kvanndal – Utne-ferja går, 3) skipet er kome nærare landet på austsida av fjorden, vi ser veg langs fjorden og bru over Tveismeelva, 4, 5, 6. og 7, viser slagskipet til ankers i Simadalsfjorden. Datoar må ha vore fredag, 10. juni – 14. juni, 1932, jamfør notering på det eine fotografiet, og oversyn over tokt. Men kva med Vik i Sogn og dei som fredag 10 juni venta i spenning på eit av verdas største krigsskip der?

«kjempemistak»

Korleis kunne det hengja saman at HMS «Rodney» stima inn Hardangerfjorden same dag som skipet var annonsert og venta i Sognefjorden? Sogns Avis hadde svaret i det neste nummeret, tysdag 14. juni, under hovudtittelen «Ei kjempemisstyding»:

Krigsskipet som skulle til Vik, men som hamna i Hardanger. Ei kjempemisstyding av konsulatet [i Bergen] og forsvarsdepartementet.

Som tidlegare kunngjort skulde den engelske slagkryssaren [slagskip[ «Rhodney» [skrivefeil: Rodney] vitja Vik i dagane 10. – 14. juni. Etter uppgåva frå konsulatet skulde båten vera i Vik fredag ved 14-tidi, men fredagen gjekk utan at ein såg noko til båten. På fyrespurnad til konsulatet laurdag fyremiddag kunde dei ikkje gjeva noko opplysning om kvar båten var hamna. Dei var storleg forbina yver at skipet ikkje var framkome. Jau, endeleg laurdag ettermiddag fekk ein melding um at «Rhodney» stille og roleg hadde ankra upp i Eidfjord i Hardanger.

Med fylkesbåten innover fredag kom ein representant for ein skipshandlar i Bergen. Han hadde fått i uppdrag frå konsulatet å ordna med provianteringi, og hadde med seg ei mengd med proviant. – Mannen og provianten reiste att måndagen. På posthuset var kome ei mengd post adressera til «Rhodney» Vik. Til og med måndag kom det postsendingar avsendt frå det engelske flagskipet «Nelson» som låg i Odda.

Kvar var so grunnen til dette kjempemistaket? Konsulatet forklarar det slik at det britiske admiralitet hadde søkt om løyve til å ankra upp i Vik i tidi 10.- 14. juni. Konsulatet gjekk utan vidare ut frå at det var Vik i Sogn admiralitetet meinte. Forsvarsdepartementet som i slike tilfelle må gjeva løyve, gjekk ut frå det same. Departementet gav so melding til politimeisteren i Sogn. – Men admiralitetet hadde meint Hardanger og skipet gjekk ogso dit i lukkeleg uvissa um heile denne misstydingi.».

«særlig pinlig»

I dagane etter hadde fleire aviser oppslag om «misstydingi» med Sogns Avis som kjelde. Bergens Tidende presenterte hendinga under tittelen «Krigsskipet som var ventet til Vik gikk til Eidfjord i stedet», Deretter følgde ordrett heile Sogns Avis sitt stykke, og til slutt eit uttrykk for medkjensle med ein kollega lokalt, Sogns Avis.

«For «Sogns Avis» må episoden være ekstra pinlig. Idet bladet hadde gjort seg særlig umak for å hilse de britiske orlogsfolk velkommen på en verdig måte. Bladet bragte bl.a. en hilsningsartikkel og en orientering. Ennvidere var der en god slump avertissementer i engelsk tekst med henblikk på besøket. Det for en lokalavis sjeldne tiltak fikk ved den ulykksalige misforståelse et skjer av komikk som det ikke hadde fortjent.»

Den britiske ambassaden ba om orsaking

Me kjenner ikkje til kva som kom av eventuell oppvask med rapport etter fadesen, berre at konsulatet sende melding til ambassaden i Oslo, med stykket i Sogns Avis som vedlegg. Ambassaden sende brev til Sogns Avis, som avisa omsette til norsk og publiserte 21. juni. Ambassadøren uttrykkjer von om at vikjene vil leggja den uheldige saka tilsides og gløyma epiosden og i framtida på ny ta mot engelske marinefolk med opne armar.

«filling in wide gaps»

Slagskipet HMS «Rodney» sitt tokt på Vestlandet sommaren 1932 var lett å finna ut av når ein først kom på sporet, og Michael Williams var svært begeistra for det han fekk kjennskap til. HMS «Rodney» er nemleg inga minisak i historia til Royal Navy. Det er skrive fleire bøker om skipet og Internett har «side opp og side ned» med oppslag. For «Rodney»-entusiastar er kvar minste ting av interesse, noko som kjem tydeleg til uttrykk i kommentaren frå Michael Williams: «Your latest local research is so enlightening, filling in wide gaps in the history of HMS Rodney’s visit to Norway in June 1932, a fascinating insight into a very obscure event (…) which no published work or reference book will have. Many thanks for everything.»

«Hvor ble det av John Bull?»

På denne tida hadde Bergen avispoeten Hinken. Hinken laga vers på merkverdige nyhende. Og det gjekk ikkje mange dagane etter BT sitt oppslag om engelske krigsskip i feil fjord, før Hinken hadde historia på  vers. Faktiske opplysningar ser ut til å vera i samsvar med Sogns Avis, bortsett frå ein ting. Hinken vil ha det til at det gjekk ei heil jektelast med forsyningar frå Bergen til slagskipet i Vik, mens Sogns Avis fortel at varepartiet gjekk med rutebåt. Skilnaden kan skuldast den dikteriske fridomen ein avispoet må få lov å ha, viss då ikkje Hinken hadde andre kjelder enn Sogns Avis og BT.  Eit par merknader: a) Hinken rundar av med eit spørsmål  i siste linje: «Hvor blev det av John Bull»?  John Bull var lenge ein britisk karrikatur-figur, ein «personifikasjon av Storbritannia», tilsvarande den amerikanske Uncle Sam eller den norske Ola Nordmann.  b) Melodireferansen Vift stolt på Coldans bølge, er første linje i ein av Danmarks gamle kraftpatriotiske songar, tilsvarande Norge sin For Norges kjempers fødeland.

 

Opphavsmannen

Det er i røynda takka vere far til Michael Williams, Hugh Harry Williams, at ein liten bit i historia til det britiske slagskipet HMS «Rodney» kom på plass, at skipet sommaren 1932 gjekk inn Hardangerfjorden i staden for inn Sognefjorden. H.H. Williams sytte for god dokumentasjon (foto og opplysningar) som sonen Michael så tok vare på. Og elles kan leggjast til at Hugh Harry Williams hadde stilling som «Able Bodied Seaman (Gunnery)» på HMS «Rodney» under hennar tredje operasjonsperiode i tida 12. april 1932 – 31. august 1934. og at han gjorde teneste i Royal Navy i tida 1923-1946. Hugh Harry Williams vart fødd 27. september 1907, og døydde 20. september 1983.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Michael Williams, Edinburgh: Opplysningar og foto.


Sogns Avis 07.06.1932


Sogns Avis 10.06.1932


Bergens Tidende 19.05.1932


Bergens Tidende 18.06.1932

PERMANENT IDENTIFIKATOR