Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ramnestadstøylen



Ramnestadstøylen ligg på ein fin grasvoll i Ramnestadlia ca. 430 m o.h. Garden Ramnestad (gnr. 13) nytta denne stølen. Sela er samla oppe på kvia og fjøsane ned mot slåttekviene. Alle husa er godt vedlikehaldne. Tidlegare hadde alle høylader nedst på slåttekviene. 3 av dei står att. Omkring stølsvollen er det beitemark med skog.

Ravnestadstølen med dei fire sela.

Ravnestadstølen med dei fire sela.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølsråsa, som slynger seg oppover lia, er godt rydda, mykje hellelagt og går delvis i trapper. Her er 3 kviler: Nedste kvila, mitti kvila og høgste kvila. Halvvegs til støls låg kjelda med friskt og kaldt vatn. Det er om lag 1 times gange til stølen. No har det og kome skogsveg mest fram til stølen.

Bruk av stølen

Lidveig Ramnestad var tidlegare budeie som i 1991 skreiv om stølen og stølslivet på Ramnestadstøylen. Vi tek med frå dette:

'Før i tida låg Ramnestadstøylen lenger inne. Det vert nå kalla Gamlestøylen og ein ser murrester etter den enno. Den ligg på Rygg sin grunn. I 1722 då merkjeskillet mellom Rygg og Ramnestad vart ettersedd, var ikkje støylen flytt ut der den ligg no. Vi veit ikkje kva tid flyttinga gjekk for seg.
På støylen var det mange faste skikker som vi retta oss etter. Møka skulle breidast i slutten av mai. Vi batt og hesjene den dagen. Garden kring støylskvia vart gjort, og ledene til kvia isett. Vi flytta til støyls i fyrstinga av juli.

Mjølka vart sett opp på gamlemåten. Det vil seia at vi slo mjølka opp i asker med same vi hadde mjølka. Det stod i 4 dagar, då var rjomeasken ferdig. Vi fløytte av rjomen som vart samla i rjomeambaren. Skjøret bar vi heim kvar dag. Seinare bar vi mjølka heim søt og sende den til meieriet. Andre skikkar var at vi hadde visse plassar ved bordet. Og at vi skulle gå først i støylsvegen kvar sin dag. Dagen etter at vi hadde gått først, skulle vi gå sist i rekkja. Kokesundagen gjekk og etter tur.
Då støylslivet var på det likaste, var det 3 støylsgjestebod. Det fyrste for foreldre og barn. Det andre for ungdomen. Det tredje vart kalla Støyls-Hans. Det skulle gutane syta for og kosta. Støylshans kan koma av hansa = spandere på (T.U.). Heimreisa var om lag den 20. September'.

Nokre fakta

Ramnestad, gnr. 13, hadde 6 bruk i 1890. I 1865 budde det 55 personar på garden. Dette talet hadde minka til 35 personar i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 132. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR