Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. juli 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Om brannen i Berle i 1922



På kyrkjegarden i Berle står ein minnestein over seks menneske som omkom då eit våningshus på Midtbø brann ned til grunnen i 1922. På steinen står namna på ein bestefar, to foreldre og 3 born.

Berlepollen sett frå nordaust. Brannstaden Midtbø ligg på sørsida (venstre).

Berlepollen sett frå nordaust. Brannstaden Midtbø ligg på sørsida (venstre).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Hermund Kleppa

Staden

Garden Midtbø ligg på sørsida av Berlepollen og har bruksnummer 2 under matrikkelgarden Hauge indre. Bruket var tidlegare husmannsplass og vart skilt ut frå bruksnummer 1 som eige bruk i 1897. Våningshuset som brann var truleg bygd i 1899 av Rasmus Sakarias Abrahamson Midtbø (1878-1922), gift med Anne Karine Jensdotter (1856-1921). Dei var plassfolk før dei kjøpte Midtbø i 1897.

Familien i 1922

Dotter til Rasmus Midtbø, Anna (1881-1922), vart brukar på Midtbø etter faren. Ho gifte seg i 1903 med Jonas Larsson. Han var fødd i 1880 på ein plass under Lågeide. Då huset brann, natt til laurdag, 21. januar 1922, budde 10 menneske i huset:

1. Jonas Midtbø (42 år)
2. Anna Midtbø (41 år)
Borna deira:
4. Leonard (18 år)
5. Robert (16 år)
6. Alma (13 år)
7. Jenny Amanda (8 år)
8. Ida Aletta (6 ½ år)
9. Ragna Amalie (1/2 år)
Far til Anna:
10. Rasmus Midtbø (67 år)

Utgreiing i lokalavis

Den første avismeldinga om brannen kom i Fjordabladet laurdag 21. januar, same dagen som brannen fann stad. Etter kvart kom det meldingar i fleire aviser. Fjordenes Tidende (Måløy) hadde 2. februar eit lengre stykke, signert "L. Førde", Berle, 26. januar. Han viser til meldingar i aviser og nemner i innleiinga at ikkje alt som har kome på trykk er heilt korrekt. Som augevitne og med opplysningar om ulukka han har fått greie på "fraa nærare hald", ønskjer han å koma med ei utgreiing om kva som hende.

Augevitne

L. Førde fortel at det var om morgonen i firetida den 21. januar, at brannen vart oppdaga av folk på Hauge indre. Ei jente stod opp for å finna drikke til eit lite barn. Då ho kom fram på golvet, såg ho at det brann på Midtbø. Straks etter var alle i huset oppe og gutane sprang rundt i bygda og varsla brann. Jenta såg at dørene i huset på Midtbø var opprivne og at fleire menneske kom springande ut. Ho kunne også sjå eld inne i kjøkenet.

Folk kom raskt til

Midtbø ligg fritt til på sørsida av Berlepollen med godt utsyn til gardane på nordsida. Berlepollen er smal her og det gjekk ikkje lang tid før folk kom seg i båt og over på andre sida. Husa på Midtbø låg 70-80 meter frå sjøen. L. Førde fortel at han var med i ein av dei første båtane.

Kunne ikkje gjera noko - berga løa

"Me vart snart vis med, at 6 mennskje var att inne i huset", skriv L. Førde i utgreiinga si, men elden hadde no gripe om seg slik at "fyrste høgdi av huset stod i ein einaste loge." Det stod ikkje i menneskeleg makt å gjera noko for å berga folk eller innbu bustadhuset. I staden samla dei seg om å berga løa som stod berre 15-20 meter unna. Det greidde dei ved hjelp av å breia ut segl og ausa på sjøvatn.

Sette livet til

L. Førde fortel at bestefaren i huset, Rasmus, var komen ut, men gjekk inn att for å berga andre. "Stakars gamle mann", skriv  Førde, "han let livet for sine."

Tre berga livet - seks omkom

Dei tre eldste borna, Leonard, Robert og Alma, berga livet. Namna på dei som omkom står på minnesteinen på den felles grava deira:
 

Bedstefader Rasmus A
Jonas L
Anna R
Barnene:
Jenny J.
Ida J.
Ragna J.

"hjartegode menneske"

Til slutt i utgreiinga si, skriv Førde minneord om "gamle" Rasmus Midtbø, Jonas og Anna:

"Avlidne Jonas Midtbø var ein dugande og vyrd mann. Fraa fattiggut hadde han slite seg fram til aa eiga ein gild heim. Baade han og kona hans og den gamle [Rasmus] var hjartegode menneske og alle som kjende dei vil minnast dei med takk for det dei hev vore.

Gravferda

Dei omkomne vart gravlagde på kyrkjegarden i Berle laurdag 28. januar, ei veke etter brannen. "Folk kom reisande langvegs ifraa," skreiv Fjordenes Tidende, og alle av bygdefolket som kunne sleppa frå fylgde "Midtbø-folket til siste kvilestaden." Veret var fint. "Stavande still laag fjorden og soli sende gullstraalane sine nedyver den vænt pynta kista". Soknepresten i Selje, Nybø, gjorde teneste og tala over orda i Lukas 12-14. "Det var ei aalvorsstund, ein minnedag som aldri vert gløymt av dei som var tilstades", sluttar signaturen "L.F." notisen sin i Fjordenes Tidende.

Brannårsaka

L. Førde seier ikkje noko om brannårsaka. Kva som gjorde at brannen oppstod går heller ikkje fram av avismeldingane, me finn berre spekulasjonar:

Fjordabladet 24.01: "Dei trur at varmen kom upp i bislaget, venteleg av ei lykt som dei hadde sett fraa seg der."

Firda Folkeblad, 24.01: "Ein veit ikkje korleis elden er komen upp; men ein trur det maa vera anten i gruva i kjellaren eller i stova (..)."
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 02.02, 09.02.1922
Fjordabladet, 21.01, 24.01.1922
Firda Folkeblad, 24.01.1922
Sogns Tidende, 30.01, 23.01.1922
Svihus Årstein: Bygdebok for Bremanger. Bind 3

PERMANENT IDENTIFIKATOR