Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Høgdegarden Grønsberg



På høgdegarden Grønsberg i Vik, 450 m over havet, har der vore drive jordbruk på gamlemåten heilt fram til 1990-talet. All innmark er svært bratt, og der har ikkje vore utskifting.

Fyrste gong Grønsberg er nemnd i kjeldene er i 1603. Her ser me tunet på Grønsberg mot ein bakgrunn av bratte fjell. Det var to bruk på Grønsberg med tilsaman 17 hus, som låg svært tett på den brattaste staden.

Fyrste gong Grønsberg er nemnd i kjeldene er i 1603. Her ser me tunet på Grønsberg mot ein bakgrunn av bratte fjell. Det var to bruk på Grønsberg med tilsaman 17 hus, som låg svært tett på den brattaste staden.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-88003.0069.

Datering: 1970-80.

Fotograf: Ukjend.

Siste brukarane

I 1999 budde Brita Grønsberg, f. 1916, på garden. "Eg har vore på Grønsberg all mi tid, eg er fødd i den sengi der, so eg har no ikkje komme så vidt her i verdi", fortel Brita, som var einaste barnet og soleis odelsjente. Ho vart gift med Olav Ovrid (1911-1992). Dei fekk tre jenter som alle er flytta frå garden og bygda. Brita dreiv med sauer fram til 1995.

Veg og taubane

I dag kan ein køyra opp til Grønsberg med bil. Vegen kom i 1979. Tidlegare vart det nytta hest og slede, eller ein måtte bera varene på ryggen. Taubana har vore til god hjelp for å få frakta opp varer og utstyr. Før taubana vart bygd i 1956, var det eit slit å få noko til gards, og slit har det vore å driva høgdegarden. Høybering var vanleg, og når kornet vart sådd, måtte dei såhakka fordi det var så bratt.

Fokus på garden

Det har vore stor interesse for Grønsberg dei seinare åra, med filmopptak, besøk av museumsfolk, studentar og bygdefolk. Alle vil studera ein gamal høgdegard og driftsmåtane der. Sidan der ikkje har vore utskifting, ligg teigane til dei to bruka på Grønsberg om ein annan som eit lappeteppe. Nokre av stykka er svært små, som Øykjavelta som berre er på nokre få kvadratmeter.

Bygningane

Til saman er det 17 bygningar på Grønsberg. Stovehus, kårstove, fjøs for ulike husdyr, stall, løer, reiskapshus og stabbur. Husa står på solide gråsteinsmurar plassert i den brattaste delen av eigedommen, for å spara den beste matjorda. Med høge murar på nedsida og husa gravd inn i bakken, vart det gode lagringsrom i kjellaren. Kornturka og potetkjellaren er mura inn i bakken.
Det har og vore eit hellebrot på Grønsberg. Det låg under husa ut mot elva. Der har vore teke ut heller i nyare tid, men det var tungvint å få hellene bort til vegen. På Grønsberg har bua til Ingebrikt-Ola heller frå Grønsberg på taket. Det same hadde Hans-løa, men ho er borte. Nokre av bygningane er restaurerte. Det gjeld stabbur, kornturke, potetkjellar og selet på stølen.

Drift

Innmarka på Grønsberg er på ca. 50 dekar. Der har vore to bruk og ein husmannsplass. I 1865 var det 5 hestar, 22 kyr, 68 sauer og 4 griser på Grønsberg, og det vart sådd 6 ½ tønner korn og 8 ½ tønner poteter. Både i 1865 og 1900 budde det 21 personar på garden.
I 1965 kjøpte Olav Ovrid ein slåmaskin. Det var det fyrste mekaniserte hjelpemiddelet på Grønsberg. Det gjorde slåtten enklare, men framleis måtte mykje slåast med ljå der ein ikkje kom til med maskin.

Prisar

I samband med Landbrukets Miljøkampanje i 1990 fekk Brita og Ola tildelt Kulturlandskapsprisen, utdelt av Fylkeslandbrukskontoret. I Kulturminneåret 1997 vart Grønsberg valt som Vik kommune sitt kulturminne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kjeldsen, Oddny: Livet på Grønsberg. I Pridlao, nr. 3, 1988. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Torgersen, Kari, Nethus, Linda og Henriksen, Trond: Landskapsanalyse av Seljedalen. Prosjektoppgave i Landskaps- og rekreasjonsplanlegging ved studiet Landskapsforvaltning og planlegging. Sogndal 1996.
Munnleg informasjon frå:
Brita Grønsberg, f. 1916, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR