Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 25. august 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Korssund



Korssund ligg inne i Korssundosen, nord for Åfjorden og sør for Vilnesfjorden. Med småbåtar er det mogleg å segla til Vilnesfjorden gjennom det smale Lammetusundet. Det går ein riksveg heilt ut hit, bygd på 1960-talet. Framleis vert det drive landhandel og postekspedisjon her. Korssund har frå gamalt høyrt til Askvoll, men etter kommunereguleringa i 1990 kom staden under Fjaler kommune.

Korssund i 1972. Driftsbygningen er borte og ein ny sett opp. Steinkrossen frå middelalderen står rett til høgre for hovudbygningen.

Korssund i 1972. Driftsbygningen er borte og ein ny sett opp. Steinkrossen frå middelalderen står rett til høgre for hovudbygningen.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1972.

Fotograf: Ukjend.

Attendeblikk

Korssund har fått namnet sitt etter ein stor steinkross som vart sett opp her kring år 1000. Krossen står like sør for våningshuset i Korssund. Staden ved krossen vart brukt til messestad. Korssund ligg lagleg til som samlingsplass og har god hamn.
Alt på 1600-talet var Korssund gjestgjevarstad, og truleg den eldste i dette distriktet, - Askvoll og Fjaler. For reisande frå Bergen på veg nordover var Korssund det fyrste gjestgiveriet dei passerte i Sunnfjord. Alle som reiste mellom Sunnfjord og Bergen måtte forbi staden, med unnatak av dei som reiste ytre lei gjennom Steinsund.

Gjestgjevarstad

Den fyrste som ein heilt visst veit var gjestgjevar i Korssund var Zacharias Michelsen Bech. Han er nemnd som gjestgjevar i 1629. I 1618 hadde han løyst borgarbrev i Bergen. - Bech eigde også Hatløyna i Øen sokn. Denne øya har sidan vorte kalla Sakrisøyna etter han. - Ettermennene hans heitte Griil.

Gjennom heile 1700- og 1800-talet var Korssund eit av dei viktigaste gjestgiveria i futeriet. I 1742 heiter det at staden er særs nødvendig for dei reisande. Staden vart omtalt som ein gamal privilegert gjestgjevar- og skysskiftestad, og ei nødvendig jekte- og båthamn.

Thomas Christiansen Rue overtok Korssund kring 1720. Enkja og sonen dreiv staden vidare etter hans død. Då desse fall frå i 1758 var det Henrik Holtermann frå Bergen som kjøpte staden. Han eigde og dreiv staden til 1800. Ein skysskaffar var tilsett hjå gjestgjevaren på Korssund. På Holtermann si tid bur Hans Josefson på Skaffarplassen.

1800-talet

Elias Hiortdahl kjøpte Korssund i 1800. Hiortdahl skal også ha starta med handel på staden. I 1801 var ei "husholderske", tre mannlege og fire kvinnelege tenarar tilsette i verksemda hans. Gjennom heile 1800-talet var Korssund både handels- og gjestgjevarstad. Hiortdahl selde staden til jølstringen Johannes Saarheim i 1810. Då Saarheim døydde i 1820 dreiv enkja verksemda vidare. Ho gifta seg med Anders Olsen Strømmen og dreiv staden fram til 1849. Strømmen er omtalt som gjestgjevar, medan ettermennene hans er kalla handelsmenn. I 1845 hadde dei to mannlege og tre kvinnelege tenarar. I folketeljinga frå 1865 er Hans Clausen Lund nemnd som handelsmann medan Mathias Guldbrandsen Spord var gardbrukar. Det budde i alt 13 personar på Korssund. Johannes Helenius Nordstrand står som eigar av Korssund i 1890. I 1886 eller 1889 fekk staden postkontor, og har sidan hatt ei eller annan form for postekspedisjon.

Dampskipsstoppestad

I 1872 handsama amtstinget eit framlegg om at handelsstaden Korssund måtte bli dampskipsstoppestad. I 1877 er Korssund med i rutetabellen til Fylkesbaatane som stjernestoppestad - båten stoppa berre om det var last eller passasjerar til eller frå staden. Bertel Johnsen frå Knarvik er i 1886 nemnd som handelsmann og ekspeditør på dampskipskaia. Han budde i Røysa under Luten.

Direksjonen i Fylkesbaatane handsama i 1897 ein søknad frå Johan R. O. Skaar om stønad til å setja opp bryggje i Korssund. Nokon umiddelbar respons på dette fekk han ikkje. To år seinare var det framleis ikkje løyvd pengar til føremålet. Kaia vart bygd i 1902, men ikkje på same staden som handelsstaden låg.

Bygningane

På eit målarstykke av Korssund frå kring 1850 dominerer ein stor bygning med valmtak staden.

Fleire av bygningane i Korssund brann ned hausten 1893. Våningshuset, som har stått der til våre dagar, vart bygt rett etter brannen. Sjøbua vart kjøpt i Bergen i 1894. Ho vart frakta til Korssund og sett opp att der. Den sørlege delen er sidan bygd om til forretning.

Kjell Skår bygde ny butikk i 1978.

1900-talet

Johan Reinhard Skår frå Hyllestad dreiv landhandel i Korssund i 1900. Han overtok staden i 1892. Johan Skår dreiv butikk og i tillegg postkontor, sildesalteri, fiskemottak og fiskeeksport. Sønene Olaf og Reinhardt fekk i 1928 skøyta på Korssund. Fram til 1933 dreiv dei i lag, men delte så staden mellom seg. Reinhardt dreiv vidare på handelsstaden med butikken og postekspedisjonen, medan Olaf slo seg til der kaia og sjøbuene var og dreiv sagbruk, tønnefabrikk og sildesalteri. Reinhardt Skår dreiv til 1962 då sonen Kjell overtok drifta. Kjell Skår, og kona, dreiv butikken vidare, samstundes var han landpostbod og etter kvart vart han poststyrar. Postkontoret vart seinare gjort om til post i butikk og sidan postdepot. Dei såg tidleg at småbåtrafikken langs kysten kunne vera ei kundegruppe å satse på. Skår bygde difor om lag 100 m flytebryggje i Korssund. Dei bygde eit anlegg med både dusj, toalett og vaskerom til båtfolket. Så her er det mogleg å få fleire tenester på ein gong. Og bra skal det visst nok vera. I 1999 fekk fylkeskommunen sitt prosjekt Næringsmessig utvikling av båtturismen i Sogn og Fjordane "Årets Båtpris". Korssund var ein av stadene som var med i dette prosjektet.

Ved årtusenskiftet er det ein ny generasjon som har overteke drifta, men Kjell Skår er framleis eigar av staden. Det bur i år 2001 om lag 12 familiar i Korssund.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Loftheim, Abraham: Askvoll bygdebok, Folket II B, Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969. Utgjeve av Askvoll sogenemnd. Førde 1972.
Skår, Kjell:
Informasjon om Korssund i familien Skår si eige.
http://museet.posten.no/:
Poststeder en historisk oversikt: Korsund.

Nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR