Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 30. desember 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Fossegrimen av Sigurd Eldegard - fyrste teaterstykket på nynorsk på Nationaltheatret



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Målrørsla var drivkraft i nasjonal vokster og arbeid for norsk sjølvstende. Denne artikkelen handlar om ei stor og viktig hending i framvoksteren av nynorsk - i 1905.

Eldegarden i Årdal.

Eldegarden i Årdal.

Nationaltheatret - fyrste skodespel på nynorsk i 1905

29. januar 1905 er ein merkedag i norsk målsoge. Då synte Nationaltheatret for fyrste gong fram eit skodespel på nynorsk; Fossegrimen, skrive av årdølen Sigurd Eldegard.

Per Tang frå Hafslo på premieren

Per Tang frå Hafslo var på urpremieren. Han gjekk på krigsskulen på Fredriksvern i 1905, og han skreiv dagbok. Det står:

"Søndag 29. jan. Premiere paa Eldegards skuespil "Fossegrimen". Første gang et skuespil paa Landsmaal opføres paa Nationalteatret. Huset udsolgt til sidste plads. Øredøvende bifald fra tag til gulv. Nydelige dekorationer. National musikk. Skuespillerne greier landsmaalet godt - naar undtages Garmann da!

I alt 15 fremkaldelser. Efter sidste akt vilde bifaldet ikke ophøre. Begyndte igjen gang på gang. Efterpaa havdes en enklere sammenkomst paa "kaffistova". Ca 100 af bondeungdomslagets medlemmer tilstede. Eldegard med frue deltog.
Mandag 30. jan. (..) Overstrømmende rosende kritik af Eldegards skuespil i aviserne."

"Til lukka..!"

"Fossegrimen" vart ein braksuksess. Det gjekk 140 gonger i åra 1905-1909.
Mållaget i Vik sende helsingstelegram og takka. "Det gjev store voner for vaar norske sak, at me vann fram [i hovudstaden] paa ein so vyrdeleg og hugtakande maate," skreiv mållaget til Sogns Tidende.

Ein "venekrins i Sogn" sende også helsingstelegram. Det stod:

"Hr. skodespelar Eldegard.
Til lukka med sigeren!
Hald fram som du stemner!
Høgvyrd helsing."

Musikk av Johan Halvorsen

Johan Halvorsen hadde laga musikken til "Fossegrimen". For fyrste gong vart hardingfela brukt saman med teaterorkesteret med komponisten og kapellmeisteren sjølv som solist.

Ein meldar med røter i bygde-Norge skreiv etter på: "Sjeldan høyrer ein Musikk, som minner oss Bondefolk so mykje um heimegrendi som Musikken i "Fossegrimen" (...) gjorde."

Om Sigurd Eldegard

Sigurd Eldegard (1866-1950), skodespelar og forfattar, var fødd på den einbølte og avsidesliggjande garden Eldegard i Årdal. Han kom inn på Christiania Theater i 1891, var deretter på fleire andre teater før han byrja på Nationaltheatret i 1901. I åra 1918-1920 var han sjef på Det Norske Teateret.

Edvard Os skriv i Norsk Allkunnebok at Fossegrimen gjorde mykje til å styrkja tanken på eit heilnorsk teater og verka til at det vart røyndom.

Om personen Eldegard skriv Os:

"Eldegard var eit stemningsmenneske, humorist og drøymar, ein slitar og arbeidsmann og ein veldig stridsmann attpå. På stemner og stormøte av målfolk og frilyndt ungdom var han med og gjorde sitt til å skapa liv i flokken og leggja glans om tilstellingane."

Ikkje redd for landsmålet under kongedømme

Kort tid før folkerøystinga 12. og 13. november 1905 om å velja kongedømme eller republikk, skreiv Eldegard brev til avisa Sogns Tidende. Han fortel at han ikkje ser på dette spørsmålet som ei partisak for målfolk, og han er ikkje redd, "som mange ottast" - for at landsmålet skal få ringare kår under eit kongedømme, "og daa især med ein danskfødd konge."

"Landsmaalet vil gaa sin trygge, jamne gang under ein konge som under ein president. Soga hev fenge tak i maalrørsla, og so sandt vaart folkemaal er liv laga, tarv me ikkje syta i so maate."
kjelder:

Norsk Allkunnebok. Band 3, 1951.
Sogns Tidende.03.03. og 24.11.1905.
Gula Tidend. 30.01, 03.02.1905.
Privatarkiv: SFF-89203 Tang, Per.

PERMANENT IDENTIFIKATOR