Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. mars 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vatningaveit i Utbygdi



Gardane Ås, Kvam, Ty og Høydalen ligg på austsida av Aurlandsfjorden, 2-3 km nord for bygdesentret, Vangen. Dette området har vorte kalla Utbygdi. Gardsnamna og plasseringa tyder på at dei er mellom dei eldste i Aurland. Gardane i Utbygdi bygde vatningaveit for å sikra nok vatn.

Vatningaveita ved inntaket i elva Kolsa. Veita går nedover på vestsida av Kvammadalen. I bakgrunnen ser me fjella sør for Aurlandsvangen.

Vatningaveita ved inntaket i elva Kolsa. Veita går nedover på vestsida av Kvammadalen. I bakgrunnen ser me fjella sør for Aurlandsvangen.

Eigar: Aurland kommune

Datering: 2006.

Fotograf: Åsmund Ohnstad.

Turt klima i Indre Sogn

Det er lite nedbør i området kring Aurlandsvangen og lenger aust, kring 700 millimeter i året. Det var viktig å ha god tilgang på vatn på ein gard. Folka og dyra trong vatn, og åkrane og bøane måtte vatnast godt i turre periodar.

Ås, Kvam, Ty og Høydalen ligg ikkje nær inntil elv eller større grøver. Den vesle elva, Volda, ligg kring ein km nord for Høydalen. Men terrenget er slik at det er vanskeleg å nytta vatnet frå denne på gardane.

Fire km lang veit

For å skaffa seg god tilgang på vatn, til vatning og til drift av kvernhus, har folka på desse gardane bygt ei vatningaveit frå elvane Kolsao og Vetlebotnao. Veita har inntaket i elva Kolsao, 6-700 meter vest for Aurlandsvegen, kring 1000 moh. Veita går sørover på vestre sida av Kvammadalen til elva Vetlebotnao. Frå eit noko lågare punkt går veita på nytt sørover til åsryggen eit stykke nedanfor Prest. Her svingar veita vestover og renn beint nedover og ut i fjorden. Veita er kring fire km lang.

Vatn frå Vetlebotnao og Kolsao

Veita er framleis i bruk på garden Ås, men dei to siste åra har det vore for lite snø i fjellet til at ein har fått nytte av veita. I mai-juni vert utgangar stengde, og veita vert oversett og opna opp, først mot Vetlebotnao og litt seinare mot Kolsao. Vassføringa er større i Kolsao, og vassmengda held seg lenger utover mot sommaren. Desse to elvane renn søraustover frå området kring Blåskavlen, 1809 moh. Om hausten vert utgangar opna opp att for å unngå store vassmengder gjennom gardane i våte periodar.

Ei gamal veit

I eldre tider var veita viktigare for gardsdrifta enn i dag. På 1800-talet og fram mot 1960 var det meir folk og dyr på gardane, og dei fleste hadde potetåkrar. Bøndene hadde også fleire frukttre enn i dag. På 1800-talet vart kvernene drivne med vatn frå denne veita, og stundom nytta dei vatnet til å driva slipesteinen. I eldre tider var det seks-sju kvernhus langs med grova (bekken). Nokre stod ned mot fjorden, andre lenger oppe. Det er vanskeleg å seia når veita vart bygd. Viss veita vart bygd for drift av kvernhusa, så er me tilbake til 12-1300-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders:Gardssoga for Aurland. Frå Skjerdal til og med Tero. 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR